
I tillegg fekk me sjå dei samasette tekstane som studentane har laga. Kjempekjekt om me kan få alle filmane på ein CD, så kan me faktisk bruka stoffet seinare. Genialt med alt som er til gjenbruk. Litt irriterande for oss at eg faktisk hadde sendt inn ny versjon (før me hadde fått beskjed om det), så hadde aldri E-posten kome fram. Truleg var fila for stor? Litt dumt med E-postprogrammet på Fronter, at me ikkje får opp liste over sendte meldingar, og heller ikkje tilbakemelding om noko har gått galt med sendinga, noko eg er vant med frå andre E-postprogram. Var inne på IKTen og skulle ordna dette ein dag, men det varte berre til neste dag, så var oppjusteringa vekke... Vel, vel, burde vel forstått det når eg ikkje fekk svar på E-posten og den nye filmen vår skal over på CD og leverast inn på studenttorget, så me skal få den i dei rette hender til slutt.
For min del vil eg takka for den siste pedagogikktimen dette semesteret og ønskja alle lykke til med oppgradering av stoffet på bloggen, og med innleveringane i eksamensmappa.
--------------------------
Lagt til 15.04.2008
I dag fekk eg sett filmen om "Dei stille barna". Flott at Birgit har lagt ut den lenken i lærarbloggen.
Det er sårt å høyra vaksne fortelja om ein meir eller mindre tapt barndom. Den tida som er så viktig for livet vidare. Kristin var eit barn som opplevde å falla utanfor. Ho grudde seg så masse til skulen, at dei vonde kjenslene tok den plassen som god meistringskjense og sosial leik med dei andre elevane skulle hatt. Ho trakk seg unna dei andre barna, og greidde ikkje å etablera vennskap, fordi ho trudde ikkje at nokon ville leika med ho. Dette utvikla seg til eit åtferdsproblem. Ho opplevde mobbing og vart den upopulære som mangla sosiale ferigheiter.

Heldigvis har Kristin eit godt liv no som vaksen. Ho fortalte at ho hadde fått terapi og trening i sosile ferdigheiter. No har ho ein sjølvsagt plass i vennegjengen og står fram som ei trygg dame i programmet "Puls". Det var godt å sjå at det aldri er for seint å gjera noko med eit problem.
Gerd Elin
3 kommentarer:
Hei Gerd Elin:)
Du reflekterer veldig godt over dei ulike øktene, eg lærer mykje av å lesa bloggen din!
Eg synst og det var sårt å høyra vaksne fortelja om ein tapt barndom. Kva trur du me som lærarar kan gjera for å "sjå" dei stille borna ute i skulen betre?
Tusen takk! Sånt reint umiddelbart tenkjer eg at me må ha eit ope blikk for alle barna me kjem til å ha med å gjer.Eg trur det er viktig at me ikkje let nokre av barna ta all plassen. Det er viktig at me har kunnskap til å kunne sjå litt av grunnane til at dei ulike barna er som dei er, samtidig må me vera villige til å visa omsorg på eit objektivt grunnlag.
Gerd Elin:-)
Legg inn en kommentar