tirsdag 11. september 2007

Nå begynne det å likna noko....

Dette er viktig og interessant. Korleis skal me greie å leia ein elevflokk, utan å kunne observera rett? Eg syntes det var vanskeleg å sjå og å tolka kva som skjedde når eg jobba i skulen. Kvifor begynte dei å le, var det fordi nokon hadde sagt noko morosamt, var det ein annan elev i klassen dei lo av, var det noko som hadde skjedd ute i friminuttet, var det noko rart dei fann på å skriva i bøkene sine, hadde eg gløymt å dra opp glidelåsen i buksa mi???
Sånne gonger er det viktig at det er innarbeidd eit ope og godt miljø i gruppa, det er viktig at elevane har funne sin plass i gruppa og at det er opparbeidd ein positiv elev-lærar-relasjon. Det står mykje om dette i Ogden kap.5 Skal lesa dette kapitelet nærare etterpå. Der står det om førbyggjande klasseleiing, overblikk og effektivt tilsyn, pedagogisk bruk av oppmerksomhet, reglar og rutinar osv. Dette vil eg leggja inn som basiskunnskap, slik at eg kan greie å få oversikt og kontroll i ein klasse så tidleg som mogeleg. Kjenner at dette er kunnskap er har mangla når eg har jobba i skulen tidlegare, så nå begynner det å likna noko.
I økta på måndag fekk me prøva å observera. Eg sette meg å kikka ut på plassen føre adm.bygget. Det gjekk mange personar til og frå. Eg la merke til at eg veldig raskt begynte å tolka. Ei dame var veldig lut. Ho hadde stram mine og gjekk med tunge steg samstundes om ho fikla med mobiltlefonen og røykte. Eg tenkte at ho ikkje hadde ein god dag. Tre andre kom saman. Dei gjekk med lette steg prata og tok ein slurk av vannflaskene sine. Det så ut som om dei hadde det fint. Eg drar kanskje litt for fort slutninga av korleis ein person har det. Kan henda eg ser fort korleis ein person har det, men det kan og henda at eg tek feil. Dette med feiltolking må eg vera særleg obs på når eg kjem ut i skulen.
Det var kjempegreitt å få ulike eksempel på observasjonsmetodar. Det var og fint å få tips til samtalar med elevar. Sjølv om eg snakkar med barn kvar dag, er det greitt å vita litt om korleis me går fram når det er barn me ikkje kjenner. Det gjeld vel å vera litt forsiktig til å begynna med, og å prøva å sjå alle. Også dei som er stille og ikkje søkjer mi merksemd den første dagen.
------------------------------------------------------------
lagt til 15.04.08

Observasjon skal bidra til at du så nøyaktig som mogeleg kan skildra det du faktisk ser i det daglege arbeidet ditt, ikkje det du trur du ser, eller det du kunne tenkja deg å sjå.
Kvifor er observasjon og loggføring viktig for ein lærar?
Når me tenkjer på at det er lovfesta at kvar elev har rett til tilpassa opplæring, korleis skal me greie å gi eleven dette utan at me har observert og loggført?
Eg fekk erfara kor vanskeleg det er å gjera observasjonar av elevane då me var i praksis. I samband med pedagogikk/matematikkoppgåva skulle me utfordra elevane til å delta i eit undersøkingslandskap. Samstundes som me skulle stilla dei gode spørsmåla, skulle me og prøva å observera kva elevane fekk ut av oppgåva, i høve til dei læringsmåla me hadde sett. Dette var ganske vanskeleg. Eg oppdaga at mitt fokus først og fremst var på å presentera oppgåva på ein god måte. Kankje dette kom av at eg var nervøs. Ikkje berre skulle me prøva å undervisa på ein måte, der me nådde inn til elevane med kunnskapen, men det me gjorde desse timane ville og få mykje å seia for vår eigen karakter i pedagogikkfaget. Eg merka og at eg ikkje fekk loggført skikkeleg det eg såg, då var det og vanskeleg å ta observasjonane igjen etterpå. Kvar elevgruppe skulle eigentleg vore filma for at me skulle få den rette oversikten. Men dette var og ei erfaring. Eg lærte at eg må vera fokusert og nøyaktig, samstundes som eg ser at det er ikkje alt eg kan få med meg. Eg ser og at det er viktig med nokre verktøy for å greie å observera kvar og ein. Elles blir det til at nokre barn tek heile fokuset, og eg vil så gjerne vera der for dei stille barna og. Loggbok mellom lærar og elev i periodar og elevsamtalar er mellom andre svært nyttige reiskapar. Vidare er det viktig å kunne observera elevane i perspektiv, samstundes som ein har evne til empati med dei. Ikkje heilt enkelt dette, men eit svært viktig mål. Innimellom er det og viktig å kunne vurdera si eiga rolle som lærar i høve til målet om å "sjå" kvar og ein elev, slik at dei kan få så god tilpassa opplæring som mogeleg.

Gerd Elin

fredag 7. september 2007

Snipp snapp snute for tilvalsfag i ungdomsskulen?

Eg gjekk gjennom forelesinga i ped. igjen i dag for å finna litt fleire moment om lærarens administrative oppgåver. Eg oppdagar stadig noko nytt. Eg gjekk inn på skoledata-as.no for å lesa om Programfag til val som skal innførast neste skuleår i ungdomsskulen. Det er jo flott at ein ser grunnskule og videregåande skule i samanheng. Bra at elevane i grunnskulen kan kan få eigen profil på kva dei er gode til, som dei har med seg til videregåande skule. Trur og det er bra at elevar kan få gjennomføra ein test (skoletest.no) der dei kan få ein peikepinn på kva dei bør satsa på innan vidare utdanning og yrkesval. Men når eg tenkjer på alle elevar som er fast bestemte på å utdanna seg i praktiske fag, altså bli fagarbeidarar, så veit eg ikkje heilt om Programfag til val, (som etter kva eg har forstått blir meir teori), kjem til å styrkje dei. Elevane blir styrkte i trua på seg sjølv når dei har fått bruke tid på å arbeida med dei faga/interessene dei har evner for. Å få arbeida med med hestar i stallen, sy sin eigen ballkole til skuleballet, mekka på mopeden, stella dyra på garden, tre skuletimar i veka, er kanskje det som skal til for å ikkje bli alt for skuletrøytte. Faget som desse individuelle vala kan leggjast inn i heiter Tilvalsfag. Eg forstår at høvet for desse litt meir praktiske faga nå blir erstatta med meir teori. Det er urovekkjande om barn og ungdom, som har tydelege praktiske anlegg, må venta så mange år før dei får begynna å gjera noko meir fagleg med dette! Eg håpar ikkje dette vil vera med på å gje elevane i skulen ulike verdi.
Innlegget vart revidert 23.0.07

torsdag 6. september 2007

Eit hav av oppgåver...men myrkje er mogeleg

I går kveld sat eg å småblogga litt og hadde eit halvt auga på "60 minutes". Det handla om bærbare pcar og amerikanske selskaps kappløp for å vinna "laptop"-marknaden. Barn, gjerne i den fattige delen av verda, vart eigarar av "laptoppane", "prøvekaninar" og gjerne "plogspissar" for produsentane for å koma opp i produksjonstal. Dette er og ei side av vår IKT-verd. Men det eg beit meg merke i var ein kommentar, der personen samanlikna ein PC med eit musikkinstrument. "Alle barn får lyd i ein fiolin eller eit piano, men dei må ha undervisning og masse øving for å bli flinke til å spela. Slik er det og med bruk av ein datamaskin", sa han. Og eg assosierte til Ped. timane same dag. Eg er så glad for all rettleiing og praktiske tips me får når det gjeld IKT. For er me ikkje kome litt skeivt ut når barna ofte kan mykje meir enn foreldra og lærarane? Eg gler meg til tema "Barn og Medier".

Mange oppgåver
Eg er nok klar over at ein lærar har mange ballar i lufta. Det vart likevel kanskje meir enn eg hadde oversikt over når eg noterte på onsdag. Planarbeid, oppdragelse, undervisning, omsorgsarbeid. Så kjem skulebasert vurdering og utviklingsarbeid, samarbeid med kollegaer (som er kjempeviktig, mykje å læra av kvarandre). Læraren skal og administrer klassen, kanskje team, ulike prosjekt . Det skal dokumenterast, og i tillegg får du kanskje i oppdrag å halda kontroll på f.eks alt utstyret i gymsalen???? (Det hadde nemleg eg når eg var vikar i -94). Det kan og følgja med spesielt tildelte oppgåver, med både IKT, som sosiallærar eller kanskje koordinator for elevrådet. Eit stort mandat som er gitt lærararne. Eigentleg til å mista pusten av. Men nå er det jo slik at det er fleire lærarar på ein skule. Ikkje alt fell på alle, og mykje går det an å samarbeida med kvarandre og og støtta kvarandre på. (Justert 07.09.07 etter kommentar frå kritisk venn)
Eg er oppteken av at ein skal tenkje praktis bruk av det ein lærer barna på skulen. Det var eit kjekt tips å kanskje laga ei utstilling bak i klasserommet med små ting som illustrerer historiar og ny læring. Ved å ofte ta med noko nytt, pirrar ein nysjerrigheita til barna samstundes som ein knyter praktiske ting til teoretisk læring. Eg synes matteboka til Geir Botten og er svært interessant i denne samanhengen. Han har eit godt eksempel på korleis ein introduserer arbeidet med den pytagoreiske læresetning i kapittel 3. Folk har i mange hundre år kjent til korleis ein får rette vinklar når ein skal byggja hus. Eg fekk iallfall ei AHA-oppleving når det vart knytt til Pytagoras.
Det er og interessant å lesa om motsetjinga mellom regelstyrt- og verkstadprega undervisning hos Ogden. Det er nok mange faktorar som spelar inn på kva undervisningsform som vil passa i dei ulike klassane. Ein uroleg klasse treng nok meir lærarstyring, klarare reglar med streng handheving enn ein meir samarbeidvillig klasse, der det er lettare at elevane får vera med på å bestemma. Det som kanskje kan virka kjekkast for elevane, ei meir verkstadprega undervisningsform, er kanskje og noko som svakare stilte elevar har vanskelegare for å innretta seg i, skriv Ogden. Den "Gyldne middelveg" gjeld vel her og. Variasjon er viktig, og at elevane forstår lærestoffet er med på å skubba prestasjonane i rett rettning.

Inspirasjon
Me som framtidige lærarar skal vel ta sikte på å prøva å vera inspiratorar for elevane våre. Inge Eidsvåg virkar som ein inspirator på meg. Han får lærargjerninga til å virka stor og flott, samstundes som eg kjenner at eg blir litt audmjuk. "Ta på oss å danna mennesker". Slike setningar kan kanskje vera gode å ha i bakhovudet når kvardagen hentar oss inn.
Temaet "Livet ved dei store elvane" fekk eg lyst til å gå i gang med straks. Det dukka opp mange "knaggar". Aufrat, Tigris og Nilen. Eg tenkte at dette kunne vore noko å jobba med tverrfagleg. Ur i Kaldea og Abraham som var på vandring mellom alle desse elvane. KRL - Dei tre monoteistiske religionane. Musikk: When Israel was i Egypts land, let my people go" - negero spirituals...Tenkte og på mattematikk. Sumèr og utvikling av reknemåtar, på hieroglyfar og egyptiske teikn. Norsk og skriving, Så har du dei "gamle faga" geografi og historie og så vidare. Sjølvsagt måtte eg gå inn i fagplanane og sjå kva som passa på det trinnet eg skulle undervisa i. I tillegg måtte eg studert pensumbøkene og suplert med fakta frå internett og andre bøker. Me leita oss forresten fram til kompetansemåla i matematikk etter 4. klasse på onsdag for å sjå kva nivå me kunne leggja oss på når det gjeld matteintervjuet som skal leverast inn neste veke. Veldig greie og kjekke sider udir og grep. Og då er eg tilbake til alle dei forslaga på Nettsider som me fekk på onsdag. Dette skal eg leika meg med i helga saman med Lina, jenta mi på 10.

Gerd Elin