tirsdag 18. mars 2008

Tre veker i praksis

Når eg nå skulle vera på Skåredalen i tre veker, håpte eg å finna ut meir om mi rolle som lærar. Når eg planla timane ville eg først og fremst tenkja gjennom kva bokstavane MAKVIS står for i pedagogisk samanheng (motivasjon, aktivisering, konkretisering, variasjon, individualisering og samarbeid), og styra etter dette prinsippet. Eg ønskte å sjå om eg kunne ha noko seia både for elevanes faglege og sosiale utvikling – ambisiøse mål – men likevel, dersom eg ikkje fekk eit glimt av at læraryrket er framtida for meg, så ville det bli vanskelegare for meg sjølv å motivera for vidare studiar.
Saman med praksisgruppa mi og praksislærarane la me opp til eit variert undervisningsopplegg med base i timeplanen. Ikkje så ambisiøst som i haust, men likevel meir realistisk. Me inkluderte tverrfaglege opplegg, arbeidsplan, IKT, gruppearbeid, individuelt arbeid, og heile tida prøvde me å tenkja korleis me kunne konkretisera det me underviste.
Heile tida gjorde me observasjonar på korleis dei ulike elevane fann seg til rette med dei ulike undervisingsmetodane. Det var svært kjekt å sjå korleis elevar som har sin styrke i ulike intelligensar, fekk vist ekstra kva dei kunne og likte, alt etter kva fag me hadde.
Me var tidleg ute og fekk bestilt IKT-rommet, slik at undervisinga me hadde og vart kopla til IKT-opplæring. Dette galdt særleg faga mattematikk, norsk og samfunnsfag. Me kjørte først eit tekstbehandlingskurs for dei. Sidan fekk dei bruka IKT i eit arbeidsprogram som strakk seg over fleire økter.
Me hadde og eit eige opplegg i Mat og helse, der elevane fekk baka bollar. I desse øktene var det særskild interessant å observera korleis elevane fekk til å arbeida saman, og om dei hadde forstått beskjedane dei fekk. Det vart svært gode gule påskebollar, og på dei fleste gruppene gjekk samarbeidet knirkefritt.
No når me kjenner elevane betre, er det og interessant å kunne observera korleis tilhøve heime hos dei einskilde elev, ulike evner, og kjønn har å seia for kva eleven greier å utretta på skulen i løpet av ein dag. Fleire av elevane i dei to femteklassane har problem på heimebane. Hos ein del fekk dette utslag i konsentrasjonsproblem. Nokre hjelpte det å trøysta, medan andre tok det ut i aggresjon, liten vilje til å samarbeida og lita tru på eigne evner.
Det er vanskeleg, men svært utfordrande og interessant å prøva å ha fokus på den einskilde elev. Eg synes og det er litt frustrerande å sjå at eg ikkje greier å ha fokus på alle. Når eg ein gong får min eigen klasse, trur eg det er viktig at eg lagar meg eit system slik at eg greier å observera alle og gi alle noko, for eg ser kor lett det er at nokre tek alt. Eg må innrømma at mitt fokus har vore større på gutane enn jentene, iallfall i den eine klasse.
Det var og interessant å sjå korleis elevane hadde det i friminutta. Dette var ein kjærkomen sjanse til å få betre kontakt med elevane på det sosiale nivået, som eg meiner kom meg til gode i undervisningssituasjonen. Eg synes eg fekk opparbeidd eit tillitsforhold til elevane. Eg opplevde fleire gonger å måtte trøysta elevar som vart ”skadde” i leik, og måtte og irettesetja elevar som var for hardhendte med medelevar.
Eg ser og kor viktig det er å skryta masse av elevane, og ha god kontakt med dei på det sosiale planet. Viktig å setja seg ned å prata litt innimellom. Eg tenkjer og at for all teori eg skal presentera, så vil eg prøva å finna ein praktisk måte å illustrera teorien på. Å bruka konkretiseringsmidlar er kjempeviktig.
Me har hatt MI-teorien i bakhovudet når me har undervist på Skåredalen, det er interessant med eit slikt fokus. Eg synes me har fått gitt alle elevane noko som har passa spesielt for dei, men når eg sjølv blir lærar håpar eg å få bruka musikken litt meir i høve til ulike fag.
Denne perioden på Skåredalen skule har vore god for meg. Eg trur eg har vore i kontakt med målet mitt om å prøva å vera ein god motivator. Eg har fått undervist mykje i mattematikk – og blitt tryggare på at eg faktisk kan undervisa i dette faget og. Det har og vore godt for meg å kjenna at eg no faktisk har lyst til å bli lærar i skulen, og eg kan godt tenkja meg å undervis på mellomtrinnet.

Gerd Elin