søndag 17. august 2008

Arbeidssommar


Dei fleste studentar har vanlege sommarjobbar med faste arbeidstider og utbetalt lønn.
Eg har i sommar saman med mannen min flytta, snikra og pust opp fire brakkar.
Dei er nå blitt til to fine leiligheter til skuleungdom på den virdaregåande skulen i Etne.
Arbeidstida har vore frå morgon til kveld, og i dag er fire kjekke jenter på plass, og eg er fornøgd.

Nå skal det blir godt å få litt orden på eige hus og å innstilla seg på skule igjen. Men eg måtte bare leggja ut nokre skrytebilder først

Eg gler meg til å starta igjen, og eg er stadig nærare målet om å bli lærar, og dette skuleåret skal bloggen skrivast på bokmål, så dette får vera den siste nynorskbloggen i denne omgang.
Velkomen tilbake på skulebenken!

Gerd Elin

fredag 25. april 2008

Refleksjonsnotat


Takk for no!

"Du kan ikkje læra eit menneske noko. Du kan berre hjelpa det til å oppdaga det i seg sjølv."(Galileo Galilei)

Nå nærmar det seg slutten av dette skuleåret. Eg må sei at eg var spent då eg starta i haust. Eg sa opp jobben, tok opp lån og satsa i relativt vaksen alder på at det no var lurt å ta av i neste vegkryss. Vegen er spennande og utsikten fin, men det har og vore både svingar og bratte bakkar undervegs. Når dei hardaste stigningane kjem, prøver eg å sjå føre meg målet ein plass langt der framme.
Det er interessant å læra. Det som har vore særs spennande er at eg i pedagogikkfaget lærer så mykje som eg kan sjå mi eiga læring og elevars læring i lys av.
Diverse gruppearbeidet som eg har vore ein del av og praksis eg har hatt ute i skulen, har for meg vore utviklande. Eg ser at eg ikkje var ein ”typisk elev” då eg var barn. Det er svært nyttig å vita, når det er eg som skal til å formidla kunnskap. For me må ha kunnskap om elevgruppa og ikkje ta for gitt at elevane lærer på same måte som me sjølv gjorde då me var på deira alder. MI-teorien og Vakt-prinsippet til Lena Bogstrøm har vore svært viktige for meg å få kjennskap til. Ein lærar må vita at ingen elevar er like, og at dei har ulike læringsstilar. Det er og viktig å læra om metodevariasjon, og eg kunne tenkt meg å lært meir om tilpassa opplæring, som vil vera nyttig i denne samanhengen. MAKVISE-prinsippet i tillegg til ”diamanten” vil vera ei rettesnor for meg i planleggingsarbeidet, som eg trur er over halve jobben til ein lærar. God planlegging vil kanskje og vera det som skal til for i neste omgang kunne vera med å vekkja den indre motivasjonen hos elevane. Som lærar ønskjer eg å vera ei hjelp for eit barn til å oppdaga kunnskapen, eller eit støttande stilas, som Jerome Bruner ville kalla det.

I pedagogikkundervisinga dette året har me fått ein smakebit av mange ulike undervisningsmetodar. Eg har opplevd at variasjonen har vore med å motivera meg vidare i læringsprosessen min. Samarbeid i praksisgruppa mi om oppgåver som skulle skrivast, og presenterast, har og vore med på å driva læringsprosessen vidare. Å få rettleiing og vurdering undervegs har vore svært nyttig, og eg synest alle lærarane har vore flinkt til å gi konstruktive tilbakemeldingar. Desse eksempla kjem eg til å ta med meg inn i mi lærargjerning.
Vidare må eg sei at blogginga er den metoden som har passa meg best. Då har eg fått drive på med individuelt arbeid som eg likar svært godt, men eg har fått gjort det i eit ”sosialt rom”. Heilt frå starten fekk me vita at me skulle vera kritiske venner til våre medstudentar i bloggen. Eg trur kanskje ikkje heilt me skjøna kva denne rolla gjekk ut på før me no nærmar oss slutten av året. Eg har prøvd å følgja opp oppgåva mi som kritisk venn, men eg var usikker på det å gå inn i andre bloggar å sei kva som var bra og kva som ikkje var så bra. No skjønar eg at rolla mi ikkje var å vurdera, men å hjelpa venen min vidare. Eg kunne spurt meir spørsmål, som kva meiner du med…?, synest du…?, kva gjorde du då…? Men gjort er gjort, kanskje me får fleire sjansar.


Då me arbeidde med dei ulike pedagogiske læringsteoriane i haust, var det for tidleg for meg å skriva noko om eit pedagogisk grunnsyn. Dette er no i ferd med å forma seg, etter den prosessen me har vore gjennom dette året. I denne utviklinga har både pensumstoff, førelesingar, oppgåveskriving og ikkje minst blogging vore viktige hjelpemidlar for meg, for å få på plass teorien i pedagogikkfaget. Det er nett som når du lagar ein gjærdeig. Den må eltast lenge om den skal bli smidig og god, og heva skikkeleg. Slik er det og med dette faget. Det må lesast, grunnast på, skrivast og diskuterast, gjerne i fleire omgangar, for at pedagogikken skal etablera seg og veksa i ein. For skal me bli lærarar, er pedagogikk mykje viktigare enn kva eg har tenkt på tidlegare.
Det har vore interessant å sjå innhald i, og samanheng mellom dei ulike pedagogiske paradigma. Interessant å sjå korleis den eine tradisjonen har bygd på den førre. Eg meiner at sjølv om me ser mykje positivt med den sosiokulturelle teorien som har råda grunnen dei seinare år, så går det ikkje an å trykkja denne teorien til brystet utan å sjå den i samanheng med dei føregåande. Menneskesynet i Behaviorismen er fint. Alle kan læra. Gulrotprinsippet kan og vera med på vekkja motivasjon for vidare læring. Det har me sjølv sett i løpet av året. Lit lys, avslappande musikk, frukt og frokost. Det er ikkje alltid så mykje som skal til. Men dersom me berre baserer læringssynet vårt på den behavioristiske eller kognitivistiske tradisjonen, så mister me det sosiokulturelle perspektivet. For som Vygotsky meiner, så skjer læring i ein kontekst og gjerne i ein sosial samanheng.
I pedagogikkfaget har me lært om kva teoretikarar og teoriar som har hatt gjennomslag opp gjennom åra. Eg har lagt inn denne lærdomen i forståinga mi. Eg må i tillegg ta med meg den eg er, det synet eg har på livet, og dei haldningane og det verdisynet eg alt har etabler, inn i mitt pedagogiske grunnsyn. I tillegg til at eg har fått på plass ein del teori, og i store trekk ser kva som kjenneteiknar dei ulike teoritradisjonane, så har eg fått vore ute i praksis og observert elevane. Dette har vore svært nyttig. For sjølv om eg visste det frå før, så fekk eg stadfesta det nok ein gong; elevar er ulike, og lærer på ulik måte. Nokre av desse observasjonane og inntrykka tok eg med meg i oppgåva Mattematikk og pedagogikk, som truleg er det arbeidet i løpet av året som har vore med på å forma meg mest. Det eg lærte i prosessen med denne oppgåva, kunne eg etter kvart setja inn i ein teoretisk og pedagogisk samanheng, noko eg ikkje har kunna før, då eg har arbeidd som lærar.

Eg håpar på å koma ut som ein god lærar i andre enden av studiet. Håpet er at elevane skal oppleva god meistring. Eg ønskjer å kunne vera i god dialog med barna og eg vil gjera mitt for å ”sjå” den einskilde. Eg trur det er viktig å kunne noko om tilpassa opplæring. I tillegg er det viktig å vera oppdatert på det spesialpedagogiske området. Det er så mykje meir eg ønskjer å læra, og på ein måte er det fint at eg ikkje er ferdig utdanna enno, sjølv om eg ønskjer å bli det så snart som mogeleg. Men eg har vel åra føre meg eg og, sjølv om eg kunne vore mora til dei fleste av mine medstudentar.
Eg vil takka alle medstudentar og lærarar for at de har vore med på å gjera dette året så interessant, spennande og nyskapande. Det skal bli godt å bli ferdig med eksamensmånaden Ein herleg sommar ventar. Men eg trur at når august er i anmarsj, så ser eg fram til eit nytt år på HSH.

Til slutt vil eg ta med eit sitat frå Bjørndal og Leiberg, som står bak den såkalla diamanten. For eg trur at kommunikasjonen mellom lærar og elev er alfa og omega for all pedagogiske verksemd, og det er pedagogisk verksemd me ønskjer å vera med å driva.

"Et skapende og dynamisk samspill mellom lærere og elever anser vi således for å være et av de viktigste kriterier for god undervisning" (Bjørndal og Lieberg 1978:22)

Gerd Elin :-)

mandag 14. april 2008

Frokost, film og bare kos - før det brakar laust....

Pedagogikkfaget må vera det faget i år der me har hatt mest variasjon i undervisninga. Me har fått prøvd oss på å arbeida individuelt og i grupper. Me har hatt forelesingar, og men har blitt servert enkelte "gulrøtter" undervegs. Dette må vera MAKVISE-prinsippet i praksis. Eg meiner ulike Aktivitetar, Konkretisering, Variasjon i undervining og oppgåver, Individualisering og Samarbeid er det som har gitt meg Motivasjon for faget. Under den koselege frukosten på Børtveit skule, hadde me og ei lita Evaluering på måndag, og eg vil berre seia ei stor takk faglærarane og særskild til Birgit, som har gjort dette faget så "levande" for meg.
I tillegg fekk me sjå dei samasette tekstane som studentane har laga. Kjempekjekt om me kan få alle filmane på ein CD, så kan me faktisk bruka stoffet seinare. Genialt med alt som er til gjenbruk. Litt irriterande for oss at eg faktisk hadde sendt inn ny versjon (før me hadde fått beskjed om det), så hadde aldri E-posten kome fram. Truleg var fila for stor? Litt dumt med E-postprogrammet på Fronter, at me ikkje får opp liste over sendte meldingar, og heller ikkje tilbakemelding om noko har gått galt med sendinga, noko eg er vant med frå andre E-postprogram. Var inne på IKTen og skulle ordna dette ein dag, men det varte berre til neste dag, så var oppjusteringa vekke... Vel, vel, burde vel forstått det når eg ikkje fekk svar på E-posten og den nye filmen vår skal over på CD og leverast inn på studenttorget, så me skal få den i dei rette hender til slutt.
For min del vil eg takka for den siste pedagogikktimen dette semesteret og ønskja alle lykke til med oppgradering av stoffet på bloggen, og med innleveringane i eksamensmappa.
--------------------------
Lagt til 15.04.2008
I dag fekk eg sett filmen om "Dei stille barna". Flott at Birgit har lagt ut den lenken i lærarbloggen.
Det er sårt å høyra vaksne fortelja om ein meir eller mindre tapt barndom. Den tida som er så viktig for livet vidare. Kristin var eit barn som opplevde å falla utanfor. Ho grudde seg så masse til skulen, at dei vonde kjenslene tok den plassen som god meistringskjense og sosial leik med dei andre elevane skulle hatt. Ho trakk seg unna dei andre barna, og greidde ikkje å etablera vennskap, fordi ho trudde ikkje at nokon ville leika med ho. Dette utvikla seg til eit åtferdsproblem. Ho opplevde mobbing og vart den upopulære som mangla sosiale ferigheiter.Mellom fem og åtte prosent, altså eitt til to barn i kvar klasse høyrer til gruppa "Dei stille barna". Den tause fasaden desse elevane har, skjuler ofte andre problem. Det kan vera psykiske problem eller problem heime som ligg bak denne tause maska. Eller elevane kan og rett og slett vera svært sjenerte av natur. Desse elevane utgjer ei forsømt gruppe i skulen. Barna er stille og krev ikkje noko. Problemet deira går ikkje ut over andre som med utagerande barn, men skulen har likevel ansvar for å sjå også desse elevane. Og det er dette som kan hjelpa dei, seier psykolog Håkon Rud, BUP Oslo. Han rår til å gi desse elevane tid, samstundes som dei blir vist interesse. Når ein har etablert ein nær kontakt, bør ein spørja dei direkte om korleis dei har det. Å bli sett og når nokon har tid til ein, skapar sjølvkjensle som barnet kan byggja vidare på.
Heldigvis har Kristin eit godt liv no som vaksen. Ho fortalte at ho hadde fått terapi og trening i sosile ferdigheiter. No har ho ein sjølvsagt plass i vennegjengen og står fram som ei trygg dame i programmet "Puls". Det var godt å sjå at det aldri er for seint å gjera noko med eit problem.

Gerd Elin

onsdag 9. april 2008

Sjølvbilete og attribusjonsteori

I samband med innleveringsoppgåva om Mons har me fått ei ekstra utfordring i å setja oss inn i dette med utvikling av sjølvbilete og kva mellom anna attribusjonsteorien seier om den einskilde si utvikling.

Eit lite barn blir født med så mykje i seg som kjem til å vera retningsgjevande for kva person barnet kjem til å bli. Eg har lært at det første leveåret greier ikkje barnet å skilje mellom seg sjølv og mora som personar. Sett frå barnet si side er dei ein identitet. Etter kvart utviklar barnet sin eigen identitet, men dette tar lang tid. Eg har lest at identiteten er utvikla når eit menneske er 22 år.(sikkert ulike meiningar om det). Men korleis blir denne identiteten utvikla? Sidan skulen skal støtta opp under ein elev si allsidige utvikling, er det viktig at me veit noko om korleis både fysisk, sosial og kognitiv utvikling skjer.
Eriksen sin stadieteori er interessante å ta med seg. ”Utviklinga er bestemt på førehand ut frå at eit menneske er førebudd på å samhandla” . Eg trur det er viktig for ein lærar å vita noko om ulike modnings- og utviklingsstadier. Kva kan me venta oss av barn på dei ulike alderstrinna? Men sjølv om me som menneske etter kvart kanskje når stadiet MODENHET, så trur eg likevel ikkje me sluttar å utvikla oss som personar.


Imsen skriv at sjølvet er bærebjelken i vårt indre, det fundamentet me står på. Ho skriv og at sjølvet kan delast inn i to, eit handlande, ubevisst eg, og eit observerande, bevisst meg. EG er det ubeviste, og blir eit minne, MEG er det beviste, den som handlar. Desse to samarbeidar, og det me ikkje tenkjer over at me gjer, ligg i grenselandet mellom.
Eg trur det er viktig å tenkja over at ein elev ikkje alltid har eit bevist forhold til seg sjølv. Men sjølvet hans/hennar blir i følgje Mead utvikla i samhandling med andre. Mead sin speglingsteori trur eg er svært utslagsgivande i eit menneske si utvikling. Kven er det som ikkje speglar seg i andre? Me samanliknar, lærer og lever – av, med og for kvarandre. Kva har dette å seia for sjølvbilete?

Mennesket har behov for å kunne tolke verda. Me ønskjer å forstå kvifor ting skjer. Me tolkar og finn årsaker til det me opplever. Det me opplever legg seg og som ei erfaring som me byggjer forventningane våre på. Er erfaringane gode er alt vel, men dersom eit barn har mange dårlege erfaringar, er det etterkvart kanskje ikkje så lett å venta noko godt ut av det som ligg føre heller. At ulike menneske tolkar dei same erfaringane ulikt, er og svært interessant å vita noko om. Her er det mykje spennande å lesa om i Attribusjonsteorien. Forsking viser at personar med såkalla høg sjølvoppfatning har større tendens til å forklara suksess ved indre årsaker enn dei med låg sjølvoppfatning. Det kan føra til at dei med låg sjølvoppfatning, har vanskar med å gå i gang med utfordrande oppgåver. For å oppretthalda mest mogeleg positiv sjølvoppfatning kan dette føra til at elevar utviklar eigne strategiar for å unngå å misslykkast. Det kan for eksempel vera å trekkja seg tilbake frå oppgåva som er gitt, eller å velja ei svært enkel, eller ei som er så vanskeleg at få ville greidd den. Å stadig unndra seg ansvar og plassera årsakene utanfor seg sjølv, gjer at sjølvoppfatninga ”går fri”, både på godt og vondt.

Svært interessant å vita dette. Ut av dette kan eg lesa at dersom me skal hjelpa eit barn med å byggja ei god sjølvoppfatning, er det svært viktig å hjelpa eit barn til å meistra. God meistring har og samanheng med at den indre motivasjonen blir vekt. Og indre motivasjon fører igjen til god meistring, som er med på å byggja eit positivt sjølvbilete. Det må vera den gode sirkel det!
Lykke til !

Gerd Elin:-)

Yrkesetikk

Det er kjempeviktig for oss som skal bli lærarar å ha eit bevist forhold til yrkesetikken. Eg var ikkje på seminare fordi eg har vore gjennom dette før då eg studert KRL. Men eg har lese ein del av bloggane til dei andre studentane. Det har vore ei god oppfrisking av emnet. Fleire har lagt ut dei 10 boda som gruppene laga for læraren. De har sett opp bod om kva ansvar ein lærar har i høve til elevane sine, i høve til kollegaer, arbeidsgivar og foreldre. Me kjem til å få eit ansvar i høve til alle desse gruppene og det er viktig at me er oppdaterte på lovar og reglar og har ei bevist omsorgs- og ansvarskjensle i botn. Det etiske perspektivet er viktig å ta med, og det kan og bli spennande å ta med seg etikklærdomen inn i elevane sin skulekvardag og kanskje spesielt i KRL-undervisninga. Dette har eg og skrive noko om i innlegget om observasjonspraksis.

Gerd Elin:-)

mandag 7. april 2008

Viktig med vurdering

I pedagogikktimane i dag gjekk me gjennom dette med vurdering i skulen.
Då eg var ferdig med vidaregåande skule, gjekk eg rett ut i arbeidslivet. Eg fekk meg jobb i Statoil og var relativt godt sikra økonomisk. Det følgde ei stor fridomskjensle med å vera økonomisk sjølvstendig. Men eg hugsar eg sakna tilbakemeldingane som me heile tida fekk på skulen. Nå er eg tilbake igjen og får vurdering, men eg skal og læra å gi vurdering. Dette med kritisk venn i bloggen har for eksempel ikkje vore heilt lett. Men den attendemeldinga me har fått/får i samaband med bloggen både av medstudentar og lærarar er jo svært lærerik. Fint at me nå lærer litt meir om dette, og interessant å sjå at det faktisk har noko å seia for læringsutbyttet til elevane. Konstruktiv vurdering gir betre resultat. Åshild sa og i dag at elevane likar å bli vurderte.
Svært greitt å få det vedlegget om forskriftsendring i Opplæringlova, når det gjeld vurdering, med meir. At vurderingane skal vera konstruktive ved å sei kva som er bra, og kva som det kan arbeidast meir med, er bra. At tilbakemeldingane skal vera personlege er bra, men best er det at dei skal vera positive. Eg har lest i ei bok som heiter Klasseromsledelse som seier at ved å gi elevane ros som beskriv det dei har gjort, kan læraren og vekkja elevens indre motivasjon. Dette er fordi beskrivande ros kan ikkje motseiast, for det stadfestar faktiske hendingar. Når vurderingane er konstruktive er dei faktisk og med på å byggja opp ein elevs sjølvbilete, og eleven vil etterkvart blir meir uavhengig av at læraren roser, og kan motivera seg sjølv til vidare læring, fordi han er indre motivert. (Holth 2005)

I boka til Helle står det og:
Tilbakemeldinga må vera spontan
Tilbakemeldinga må vera ekte
Tilbakemeldinga må vera konkret og grunngjeven
Tilbakemeldinga må ta utgangspunkt i tidlegare prestasjonar
Tilbakemeldina skal signalisera at liknande meistring kan ventast i framtida.
Tilbakemeldinga må vera meir oppteken av det eleven meistrar enn motsett.

Det er vel og viktig å ta med seg at tilbakemeldinga og rettleiing kan vera både munnleg og skriftleg. Konstruktive vurderingar kan og gi elevane auka motivasjon.
At me som framtidige lærarar og må ha kompetanse i å vurdera, er viktig. Det er faktisk ein føresetnad for å kunne driva tilpassa opplæring. Når elevane får konstruktive vurderingar og blir gjort beviste på sine læringsmål, vil dette og gi elevane auka fagleg kompetanse. Eg lærte mykje i dag, og den oppgåva der me skulle gi ei vurdering på ein elevtekst var interessant. Eg likte så godt det eventyret ho jenta hadde skrive. Ho meistra så godt å bruka det ho tidlegare hadde lært, og gjera det til noko nytt, sitt eige eventyr. Slike praktiske øvingar håpar eg me får prøva oss meir på i alle fag neste år, for eg blir stadig overraska over kor mykje det kan ha å seia for ein elev kva slag lærarar me blir. Desse åra på lærarskulen trur eg kan vera med på å forma oss til å bli gode lærarar.

For som ordtaket seier
Kunnskap er ei lett bør å bæra
både for lærar og elev.

Gerd Elin:-)

lørdag 5. april 2008

Erfaringar frå observasjonspraksis - i perspektiv

Nå er praksisvekene våre dette skuleåret over. Eg sette meg ned og las litt frå dei notata eg har skrive etter kvar praksisperiode. Etter observasjonspraksis, som eg og skreiv noko frå i starten av oktober, har eg lagt inn eit notat på 4 tettskrivne sider i praksismappa mi. Sjølv om eg har arbeidd i skulen før, så var særskild denne første veka gangske overveldane. Dei to praksislærarane våre som har ein 5.klasse kvar, førte oss gjennom ei veke med variert program. Me starta veka med ein ganske hektisk gymtime og eg hugsar at eg på veg heim den dagen diskuterte både med meg sjølv og med pendlarvennen min om det var dette eg eigentleg ville.
Me skulle observer elevane. Dei ulike "typane" merka seg fort ut. Heilt frå dei svært stille, til dei som helst skulle hatt heile merksemda åleine. Me fekk sjå dei i samarbeidssituasjonar og når dei arbeidde kvar for seg, og me undra oss og over plasseringa av einskilde. Nokon sat på gruppe medan andre sat aleine, vendt vekk frå klassen. Etter kvart som me vart betre kjent med elevane i klassane, såg me at det låg ei meining bak dei ulike vala. Me undra oss og over kor mykje tid som gjekk med til å ordna opp i konfliktar, og kor lite einskilde fekk gjort. Der og då tenkte eg litt fortvila: "Eg vil jo læra mine framtidige elevar noko, ikkje berre styra med det sosiale!" Men kva er det å læra? Eit barn skal ikkje bare læra norsk, matematikk, naturfag og historie. Skulen har oppdragaransvar som og inneber å sjå heile mennesket. Det sosialpedagogiske aspektet er jo både viktig og kjempeinteressant. Eg må likevel seia det det skulle fleire praksisveker til før eg kjende at "dette er meg". Først når me vart godt kjent med elevane, og når eg fekk ansvar for undervisninga, begynnte eg å kjenna at dette kan eg kanskje tenkja meg å gjera - for pengar.
Siste timen me var med på i veke 38, var klassens time. Denne førte eg logg frå. Dette er observasjon av læring i ein klasse, der innhaldet kanskje og kunne vore lagt til etikkundervisnina i KRL. Eg tenkjer på dette som ein viktig time, og trur ein må ha rom til å ta slike timar etterkvart som det er naudsynt i ein klasse. Eg legg ved loggen, og rekfleksjon eg gjorde etter timen i bloggen min. Alle elevane er anonymiserte.

Klassens time fredag 20.9.07
I klassens time tek elevane opp ting som vedkjem både det sosiale i klassen og anna praktiske som bør tas opp i plenum. Denne dagen skulle dei snakka om gode og dårlege måtar å bestemma på. Etter at elevane hadde organisert stolar i ein ring, var elevane raskt ute me ting dei måtte sei. Ei hadde blitt kalla for tjukk (ingen elevar i klassen var tjukke)i friminuttet og ei anna hadde fått kommentar om at ho gjekk som ein gut (eg hadde ikkje observert nokon såkalla guttejente i klasse). Det var snart fleire som var frampå og ein kunne melda om ein klassekamerat som hadde sykla der det ikkje var lov.
Lærar ser til at elevane rekkjer opp handa og får snakka etter tur. Ho må stoppa desse beskjedane som etter kvart går i retning av å sladra på kvarandre og går over til dagens tema.
Ho ber alle om å tenkja over om det er nokon som bestemmer meir i klassen enn andre. Ho ber dei vidare om å tenkja over korleis det er bra å bestemma og kva som er dumt.
Det kom mange forslag på korleis ein ikkje burde bestemma:



L:Det er dumt viss dei sjefete typane får bestemma sjølv om dei er i mindretal.
R: Viss andre ikkje får lov å bli med å leika er det dumt.
I: Viss for eksempel tre stykk leikar kjekt er det dumt når ein prøver å få dei til å leika noko anna.
A: Eg hate når eg blir utestengt.
A: Det er dumt når gutane byggjer hytte og jentene ikkje får vera med.
M: Det er lurt å sei at me kan gjera det du vil først og så det eg vil etterpå.
Lærar: Kva er lurt å gjera dersom nokon styrer dumt?
R: Kanskje det er best å halda seg vekke?
A fortel om ein gong det gjekk galt når han hadde starta eit hytteprosjekt og nokre andre kom å overtok det han hadde sett i gang.
H: Det er bare å sei det høgt og tydeleg at nå er det nok. Me må tørr å sei i frå.
R: Eg sa at du må ikkje ver sånn, for då er det ingen som vil vera venner med deg.


Refleksjon:
Timen gjekk raskt og elevane var engasjerte. Dette var eit tema som tydeleg vedkom elevane. Lærar var diskusjonsleiar og mange elevar hadde mykje på hjarta. Eg tenkte det var ein flott måte å ta opp både vanskelege tema og klassemiljø på. At denne timen var lagt til slutten av veka var og fint, for då kunne ein reinske opp eventuelle dumme episodar før helga.
Å sitja i ring på stolar med sving var ei utfordring. Einskilde elevar greidde ikkje å sitja i ro. Det var og ei svært god trening i å måtte venta på tur. Lærar gjorde ein kjempejobb med å la elevane med dei seriøse innlegga koma til i tur og orden, samstundes som andre innlegg måtte lukast ut og elevar måtte korrigerast.

Jo, dette kan eg nok tenkja meg å vera med på:-)

Gerd Elin