mandag 7. april 2008

Viktig med vurdering

I pedagogikktimane i dag gjekk me gjennom dette med vurdering i skulen.
Då eg var ferdig med vidaregåande skule, gjekk eg rett ut i arbeidslivet. Eg fekk meg jobb i Statoil og var relativt godt sikra økonomisk. Det følgde ei stor fridomskjensle med å vera økonomisk sjølvstendig. Men eg hugsar eg sakna tilbakemeldingane som me heile tida fekk på skulen. Nå er eg tilbake igjen og får vurdering, men eg skal og læra å gi vurdering. Dette med kritisk venn i bloggen har for eksempel ikkje vore heilt lett. Men den attendemeldinga me har fått/får i samaband med bloggen både av medstudentar og lærarar er jo svært lærerik. Fint at me nå lærer litt meir om dette, og interessant å sjå at det faktisk har noko å seia for læringsutbyttet til elevane. Konstruktiv vurdering gir betre resultat. Åshild sa og i dag at elevane likar å bli vurderte.
Svært greitt å få det vedlegget om forskriftsendring i Opplæringlova, når det gjeld vurdering, med meir. At vurderingane skal vera konstruktive ved å sei kva som er bra, og kva som det kan arbeidast meir med, er bra. At tilbakemeldingane skal vera personlege er bra, men best er det at dei skal vera positive. Eg har lest i ei bok som heiter Klasseromsledelse som seier at ved å gi elevane ros som beskriv det dei har gjort, kan læraren og vekkja elevens indre motivasjon. Dette er fordi beskrivande ros kan ikkje motseiast, for det stadfestar faktiske hendingar. Når vurderingane er konstruktive er dei faktisk og med på å byggja opp ein elevs sjølvbilete, og eleven vil etterkvart blir meir uavhengig av at læraren roser, og kan motivera seg sjølv til vidare læring, fordi han er indre motivert. (Holth 2005)

I boka til Helle står det og:
Tilbakemeldinga må vera spontan
Tilbakemeldinga må vera ekte
Tilbakemeldinga må vera konkret og grunngjeven
Tilbakemeldinga må ta utgangspunkt i tidlegare prestasjonar
Tilbakemeldina skal signalisera at liknande meistring kan ventast i framtida.
Tilbakemeldinga må vera meir oppteken av det eleven meistrar enn motsett.

Det er vel og viktig å ta med seg at tilbakemeldinga og rettleiing kan vera både munnleg og skriftleg. Konstruktive vurderingar kan og gi elevane auka motivasjon.
At me som framtidige lærarar og må ha kompetanse i å vurdera, er viktig. Det er faktisk ein føresetnad for å kunne driva tilpassa opplæring. Når elevane får konstruktive vurderingar og blir gjort beviste på sine læringsmål, vil dette og gi elevane auka fagleg kompetanse. Eg lærte mykje i dag, og den oppgåva der me skulle gi ei vurdering på ein elevtekst var interessant. Eg likte så godt det eventyret ho jenta hadde skrive. Ho meistra så godt å bruka det ho tidlegare hadde lært, og gjera det til noko nytt, sitt eige eventyr. Slike praktiske øvingar håpar eg me får prøva oss meir på i alle fag neste år, for eg blir stadig overraska over kor mykje det kan ha å seia for ein elev kva slag lærarar me blir. Desse åra på lærarskulen trur eg kan vera med på å forma oss til å bli gode lærarar.

For som ordtaket seier
Kunnskap er ei lett bør å bæra
både for lærar og elev.

Gerd Elin:-)

5 kommentarer:

Anonym sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Grethe Myhre sa...

På grunn av ein dårleg fot gjekk eg dessverre glipp av akkurat desse timane med Vurdering som tema. Då var det veldig greitt å kunne gå inn i bl.a. bloggen din å lese kva du hadde fått ut av dette. Og eg fekk vel svar på noko eg lurte litt på òg. Korleis få elevar til ikkje å bli avhengige av tilbakemeldingar og skryt heile tida? Jo, prøve å få dei inn i den gode sirkelen. Der ein kjem med konstruktive, positive vurderingar og eleven sjølv kan motivere seg til vidare læring. Er einig med deg i at me treng mykje øving i dette, slik at me kan få det til når me ein gong skal ut i skulen.

Gerd Elin sa...

Eining med deg i dette. Kjempeviktig å få elevane til å tru på seg sjølv og evnene sine:-)

Christina sa...

Hei!
Eg seier meg eining i det du skriv at det er viktig å øva oss på å gi tilbakemeldingar. No har me fått øvd oss litt her i bloggen og i praksis. Men eg føler meg ikkje i det heile tatt utlært på dette området. Du referer til Helle der det står korleid tilbakemeldingar bør vera. Kva (ein eller fleire) av desse punkta synes du er viktigast?

Gerd Elin sa...

Hei Christina

Eg meiner heilt klart at det punktet frå boka til Helle som seier at :tilbakemeldingane må vera konkrete og grunngjevne, er det viktigaste. Dersom me skal tru (Holth 2005), som eg og refererer til i dette innlegget, så kan konkret og grunngjeven motivasjon vekkja den indre motivasjonen. Eg meiner og me har erfart litt av dette i bloggen. Kjekt med kommentarar som gir ei konkret utfordring:-)