lørdag 16. februar 2008

For ei utfordring

Alle elevar har rett til eit miljø som fremmar helse, trisel og læring, seier Opplæringslova.
Er dette mogeleg i dagens skule?
Har skulen/lærarane kapasitet til å til ei kvar tid sjå kva som er best for den einskilde elev.
Etter som eg har observert, støttar lærarane seg mykje til elevane sine bøker når dei underviser, og oppgåvene er ofte differensiert i tre vanskegrader - Altså dei svake, dei middels sterke og dei sterke elevane. Det kan vera utfordrande nok å tilpassa undervisninga i tre, men kan me greia å tilpassa undervisninga til den einskilde elev? Då skal me ha ein del kunnskap både om elevens bakgrunn og om eventuelle lærevanskar og grunnen til lærevanskane. Kvifor har eleven lese- og skrivevanskar f.eks? Er det oppvestmiljøet som hemmar utviklinga, har eleven dyseleksi, er det noko med synet eller er intelligensnivået svakt? Og kvifor bråkar sidemannen. Kvifor er har han ikkje konsentrert? Er det skulen som er laga slik at nokre elevane ikkje får ut nok energi ved å sitja så mykje stille, eller har eleven konsetrasjonsproblem av andre årsakar. Skulle me ikkje ønkja at det var medisinar for alt dette? Eller kanskje ikkje?
Det var svært nyttig å sjå gjennom filmane som Birgit har lagt ut. Når det gjeld ADHD var det ein familie med tvilliggutar som sverga til at medisin var løysinga. Eg fekk litt vondt av desse gutane når dei sat der så "fornuftig" å fortalte om dei ulike medisintypane dei hadde tatt og om korleis dei hadde funne ut at dei kunne ta medisinane utan å bli for kvalme. Så såg eg ein reportasje frå ein annan familie der yngste sonen på seks med ADHD, sleit familien heilt ut. Tilbud nummer ein til denne familien var medisinar. Foreldra valde i første omgang å sjå vekk frå dette å gå på tilbud nummer to som var eit amerikansk program som skulle gi dei "verktøy" til å takla åtferda på. Dei var gjennom foreldredelen, som lærte dei korleis dei kunne vera i forkant av "ulike episodar".
For eit dilemma for foreldre å måtte velja, særleg når ADHD-foreininga så sterkt rår til å bruka medisin og når så mange ungdomar sjølv står fram og seier dei har fått eit
bedre liv... Så skurra det og litt når eg såg innslaget om den norske legen som har forska på effekten av medisinen. Han hadde legemiddelfirmaet i ryggen og kom ut med svært positive tall m.a minimale bivirkningar. Medan det viste seg at den nyaste medisinen på marknaden (som dei nemnde tvillingane gjekk på), som er ei form for antidepressiva (altså ikkje bygd på amfetamin og sentralstimulerande), kunne gi auka blodtrykk, uregelmessig hjarterytme og fare for sjølvmordstankar. For eit dilemma for foreldra å måtte velja....
"Umulige" elevar med problemåtferd er meir utbreidd i større klassar enn mindre, det optimale er klassar med færre enn 15 elevar, seier Terje Ogden i ei undersøking frå 1998.
Eg tenkjer at dersom elevane og læraren skal kunne yta mest mogeleg, bør klassane vera oversiktlege og læraren ha ein breiast mogleg bakgrunn, slik at han kan hjelpa kvar einskild elev på best mogeleg måte. Og det me studentar då kan gjera, er å syga til oss det me kan av teoretisk kunnskap før me for alvor kjem ut i skulen og skal stå på eigne bein. Då får me ha sansane opne og samarbeida med foreldra og med dei andre lærarane, som er der med si erfaring. Elles får me håpa på at styresmaktene er med på laget og ser at elevane treng bra inneklima, gode og aktiviserande uteområde, og nok med vaksne rundt seg, slik at skulen kan byggja opp under helse trivsel og læring.

lørdag 9. februar 2008

Motivasjon - erfaring og teori

Interessant å sjå at så mykje som eg kjenner igjen frå livet, har sine teoriar. Har ofte høyrt om arv og miljø, kva som bur i eit barn frå starten av og kva ytre faktorar som spelar inni livet. Når det gjeld motivasjon er det vel og slik, men eg trudde kanskje at det ibuande spelte ei større rolle enn det eg ser ut frå denne veka med pedagogikk. Rosenthalereffekten har eg høyrt om, men ikkje vist kva var. Skremande kor ubeviste me kan vera. Altså før me kjenner eit menneske, så kan det altså merkast som snill, god, flink, dum osv., alt etter kva informasjon me har fått, og forskjelshandsamast etter dette. For eg reknar med at dette like godt skjer hos oss, som lærarane i denne undersøkinga. Dette talar ikkje for at elevane skal ha med seg sin portefølgje gjennom alle dei 12-13 åra dei er i den offentlege skulen. Av og til kan det vera fint å få starta på ny. Eg har og opplevd dette med ei av døtrene mine. Ho gjorde alt for å forbetra gymkarakteren sin. Men ho var plassert. Det hjalp ikkje same kor mykje ho pressa seg, læraren såg ikkje innsatsen. Eg veit det blir vanskeleg å vera rettferdig og å sjå alle elevane, men la oss prøva.

Det anar meg at eg kan mykje om den teorien me gjekk gjennom denne veka, frå før. Likevel er det litt vanskeleg å få tak på einskilde ord og omgrep som atributasjonsteori, kasualitet, forskjellen på ego, id og superego. Godt me har "Imsen", som me kan fordjupa oss i i tillegg til førelesing, så får me det nok på plass etterkvart.

Dette med å ha forventningar til eiga meistring er og interessant, og korleis dette har samanheng med korleis personen ser på seg sjølv, kven han lyttar til, kva tidlagare erfaringar han har gjort og så vidare. Eg ser ut av stoffet me har lært at me som framtidige lærarar kan få ein del å seia for einskildelevar på dette området. Eg tenkjer at det er kjempeviktig å vera med på å hjelpa dei til å tenkja positivt og til å leggja mest vekt på det som er positivt. Det er fint å sjå at me kanskje kan vera den ytre faktoren som kan vera med på å endra negative tolkingsmønster hos elevane. Eg skulle ønskja at dette kunne vera eit mål for oss som er førsteårsstudentar i år, når me kjem ut i skulen. Me er jo ein positiv gjeng;-)!

Maslow han har eg og stor tru på. Han knyter mellom anna sjølvrealisering til sunn personlegdom, og Imsen seier at menneske med sunne personlegdomar har ei sikker realitetsoppfatning, er opne for nye erfaringar, ny kunnskap og nye idear, har ei heil sjølvoppfatning, evne til å knyta seg til andre, er kreative og har etisk og moralsk fasthet i si åtferd.(Imsen:390)Dette er noko anna enn Jantelova, som meiner at me absolutt ikkje bør ha ei positiv oppfatning av oss sjølv.

Men nå veit eg ikkje om eg heilt skjøna det sitatet til Aksel Hennie, som det vart refert til i forelesinga "Den som griper øyeblikket, får et forsprang". Det gjeld vel kanskje ikkje alltid å nytta alle øyeblikk for å kava etter å bli best mulig? Eg håpar eg missforstår dette sitatet, for eg tenkjer og at det er viktig å gripa øyebliket, men kanskje ikkje alltid for at eg sjølv skal få eit forsprang. Det å ha tid til å lytta til andre, vera stille, drikka te saman med venner, oppleva kjærleiken, sjå barnet ditt ta sine første steg - for så om berre noken få år køyra sin egen bil, sjå naturen vakna til liv igjen om våren, sørga saman når nokon har gått bort osv. Å ha tid til desse tinga, og å gripa desse øyeblikka, vil eg og seia er det viktigaste, for det er desse øyeblikka som dannar rama rundt eit lykkeleg liv. For meg iallfall. Kanksje det er dette som for meg er det Aksen Hennie kallar forsprang??? Ja, ja, det var mine filisofier. Ha ei god helg;-)