onsdag 5. desember 2007

Animasjon og collage

Prøver med på å leggja ut plakaten og dansen me laga på mandag. Vett ikkje om eg får det til, men det er vel av å prøva og feila at me lærer.

1 time seinare:
Får ikkje vedleggskoblingane til å visa, men dei er her ein plass. Må bare trylla litt først.

No har me trylla på ikt'en.





Gerd Elin :-)

mandag 3. desember 2007

Oppsumering, bilethandsaming og dansande jente

Nå er det så lenge sidan eg har skrive innlegg, at eg faktisk sleit litt med å huska å logga inn med rett adresse. I dag har me hatt ei svært interessant og kjekk økt på datalabben. Animasjon og bilethandsaming. Knallgøy. Men uheldigvis greidde eg å sletta plakaten min. Eg huske heller ikkje w-adressa der eg fekk lagt inn animasjonen min. Var ganske fornøgd med den dansande jenta mi. Skal jobba litt meir med dette etterkvart, og eg hugar korleis plakaten skal sjå ut. Blir spennande å finna ut korleis me skal bruka dette i undervisninga. I praksis hadde eg om munnleg forteljing av eventyr i eit stasjonsarbeid. (5.klasse). I den eine klassen er det ganske mange urolege gutar, så me valde i denne klassen å dela jenter og gutar, for å gi jentene litt rom. Eg hadde ei fantastisk økt med jentene. Økta med gutane gjekk ikkje så godt, men då eg drog fram datamaskinen der eg hadde lagt inn bilder som passa til Dei tre bukkane Bruse, - då begynte dei og å fortelja. (Sjølv om den hardaste kampen stod om å styra datamaskinen). Trur PC-en er ein viktig reiskap, særskild for å nå dei taktile og kinestetiske elevane.

Eg har som sagt nokre veker bak med som eg ikkje har skrive blogg frå. Me hadde to gode veker i praksis. Når me er ute i praksis, får me sjå skulen med sine mogelegheiter og utfordringar. Mykje ser ikkje rosenraudt ut, men ønskjet om å formidla noko, har eg ennå.
Det var og kjekt å få møtast på "Drageset" sist måndag. Veldig kjekt å få prata litt med dei i den andre klassen og. Me lærer jo av kvarandre, og det er alltid nokon som kan gi nye tips om noko. Flott å ha slik ein gjestfri lærar som ber hele gjengen heim til seg etter turen. Tusen takk Birgit!
--------------
Lagt til 15/04-2008
Kva kan eg så nytta det eg lærte om animasjon og bilethandsaming til? Er dette relevant å bruka i skulen?
Eg har stor tru på at elevane lærer best ved metodevariasjon. Eg trur ikkje at ein vil ha tid til å kunne arbeida med animasjon og bilethandsaming i det daglege, men å kunne knyta det opp mot ulike prosjekt som for eksempel storyline, introduksjon av oppgåver, i kunst og håndverk, i samband med norsk og skriving av forteljingar, ved laging av samansette tekstar og så vidare. Eg trur berre det er fantasien som set grenser for bruken. Eg er sikker på at denne måten å arbeida på vil vera ein stor motivasjonsfaktor for mange elevar, og som eg viste i innlegget mitt over, så er det kanskje dei elevane som er mest urolege i vanleg klasseundervisninga, som har størst potensiale her. "Pivot", eit gratis animasjonsprogram som ligg på nettet, slo for eksempel svært godt an her i heimen, særskild hos han som likar "tradisjonell skuleundervisning" minst.

Lagt til 17.04.2008
Eg skreiv ikkje så utfyllande frå praksisperioden min. Etter å ha skrive alt for langt i refleksjonsnotatet mitt til praksismappa (noko me fekk beskjed om når eg var ferdig å skriva), mista eg litt av skrivemotivasjonen. Men her kjem litt meir utfyllande om målet mitt for denne andre praksisperioden, og korleis eg syntes det gjekk:
Målet mitt for dei komande vekene er først og fremst god kommunikasjon med elvane, særskild i undervisningssituasjonen. Utfordrande timar ønskjer eg å løysa på ein bra måte, og eg håper og på god kontakt med alle typar elevar.
Eg har og eit mål om at undervisningsopplegget vårt ”Geometri og eventyr”, kjem til å fungera godt som tilpassa opplæring.

Kanskje litt mange målsetningar dette, men det med kommunikasjon var svært viktig. Eg synes eg kom godt i kontakt med elevane, nokre var meir "frampå" enn andre, og eg prøvde å vera bevist på å skapa relasjonar til dei stille elevane og. Interessant å sjå korleis nokre er trygge i utgangspunktet, medan andre brukar litt meir tid på å sleppa nye personar innpå seg. Det er viktig å gi desse elevane tid, samstundes som dei blir vist interesse. Eg meiner og at eg greidde å formidla det eg ønskte i dei fleste timane eg underviste. Eg hadde ein slik svært utfordrande time. Hadde eg vore utan praksislærar, hadde eg nok teke hardare i, men eg var nok litt for tålmodig og praksislæraren tok over og gav elevane "inn". Eg trur ikkje eg kunne gjort noko annleis bortsett frå at når ein vart kjendt med elevane, så oppdaga me at einskilde læringsmetodar ikkje fungerte i gruppa. Opplegget mitt på det koselege leserommet med masse puter og fri plassering, fungerte ikkje.
Undervisningsopplegget vårt Geometri og eventyr, var timar som elevane likte svært godt, og eg trur opplegget fungerte bra som tilpassa opplæring - slik som eg håpa på. Så stort sett så var eg godt nøgd med gjennomføringa av den andre praksisperioden. Likevel ser eg at mange utfordringar står i kø. Eg trur kanskje den store utfordringa vidare blir å tilpassa undervisninga til dei einskilde elevane. Det var svært arbeidskrevjande å laga til det undervisningsopplegget praksisgruppa mi gjennomførte, og eg ser ikkje heilt korleis eg skal greie å differensiera undervisninga godt nok.


Gerd Elin:-)

tirsdag 6. november 2007

Den didaktiske relasjonsmodellen-diamanten

Mi forståing og samandrag av Åshild Dalen Veivågs undervisningsøkt 5. november

Mange tankar bør tenkjast ved planlegging av undervisning i skulen.
Før detaljane for undervisninga blir lagde er det viktig at ein kjenner planane som gjeld for faget det skal undervisast i,og for trinnet det skal undervisas på. Her gjeld Kunskapsløftet (LK=06), generell læreplan, læringsplakaten, fag- og læreplanar, lokale planar m.fl

Dette gir oversikt over grunnlaget for arbeidet, og ein kan setja seg eit overordna kompetansemål.

Når det gjeld gjennomføringa av undervisninga, er det viktig at dei seks krystaliseringspunkta i diamanten blir gitt innhald.
1. Læringsmål
Kva er målet med denne arbeidsperioden/økta. Kva er målet at elevane skal lærar. Differansierte og konkrete mål i høve til kompetansemålet.
2. Elevforutsetningar
Kva fordelar og ulemper har eleven eller gruppa av elevar i seg som fremmar eller hindrar dei i å lærar planlagte mål? Kva må ein ta omsyn til utan at einskildelevar blir identifiserte?
Fysiske og psykiske kvalitetar, intelligenstypar, evner og fagleg ståstad, nettverk, interesser og erfaring.
3. Innhald
Kva kjelder bruker ein i undervisninga? Lærebøker, fagbøker, internettsider, eigne opplegg osv.
4. Læringsaktivietar
Korleis skal ein jobba seg gjennom økta, temaet, perioden. Skal ein gå djupt inn i detaljane, kva arbeidsmetodar kan brukast, kva kan ein gjera ut av stoffet, inne- eller ute-time, ivareta Makvise-prinsippa?
5. Rammefaktorar
Overordna føringar og skulekultur set visse rammer. Elevane (f.eks. tal, gruppesamensetning) og lærarane (f.eks. kompetanse, kapasitet) er og rammer i seg sjølv. Det gjer og læringsarenen, tid, læremidlar.
6. Vurdering
Korleis ønskjer ein å vurdere læringsprosessen og produktet som kjem ut etter endt økt/periode? Summativ vurdering, eigenvurdering, Formativ vurdering. Kva er vurderingskriteria. LK06 seier at vurderingsforma skal vera positiv. "Finn du ikkje noko positivt å vurdera, kan du like godt la vera å vurdera", (Åshild refererte til LK06 5. november, pedagogikk)

Etter perioden er det viktig å ta seg til til refleksjon og didaktisk vurdering. Fungerte dei ulike elementa i undervisningsperioden. Kvifor, eventuelt kvifor ikkje. Kva burde eg tenkt på?

Ei skriftleg oppsummering er viktig. Kva var smart eller kva bør eg gjera annleis til neste gong.? På denne måten byggjer ein seg opp dokumentasjon for vidare arbeid.
-------------------------
Lagt til 18.04 2008
Åshild starta økta om undervisningplanlegging med å leggja fram Ti teser for god undervisning, som er sett saman til den såkalla Oldenburg Dekalogen. Desse tesene samanfattar det meste om korleis ein skal planleggja, gjennomføra og evaluera god undervising. Viktige og flotte setningar, som godt kan få hengja over pulten min ein gong, og stadig minna meg på det viktige punktet planlegging, men for meg trur eg det i det daglege vil bli enklare å bruka Makvise-prinsippet som ei rettesnor når eg skal planleggja.
Når eg arbeidde med planlegging av undervisningstimane i praksis, brukte eg heilt bevist, MAKVISE-prinsippet, som seier noko om skapa Motivasjon, leggja tilrette for Aktivisering, Konkretise, særleg i introduksjonsfasen, Variere metodar og oppgåver. Både Individualisering og Samarbeid er viktig i gode læreprosessar og Evaluering av både undervisningsopplegget (ink. læraren) og elevar (formativt og summativt) er viktig. Det er dessutan fint at dette prinsippet er utvida frå MAKIS (Lyngsnes og Rismark) til MAKVISE. Variasjon og Evaluering er og viktig omgrep, som har fått sine bokstavar med. Prinsippet fortel meg kva som er viktig for ein lærar å ta omsyn til. Eg tenkjer at dersom eg går gjennom desse orda og vektar dei i høve til undervisinga både i planleggingsfasen, undervegs og i samband med evaleringsbiten, så er eg iallfall bevist på at eg ønskjer å leggja tilrette for god læring. Prinsippet har og sin faste plass i den didaktiske relasjonsmodellen til Røys,Gjøsund og Huseby (2004:137) Denne modellen brukte eg i den siste praksiperioden. Eg likte denne modellen godt, og la sjølv til eit felt nederst for refleksjon og evaluering av økta, som mangla i denne modellen
Gerd Elin :-)

Kva er diamanten verd?

Eg snakka med ei god veninne av meg i går, som var ferdig lærar for nokre år sidan ved HSH. "Ka med diamanten då, bruke du den", spurte eg ho. Det vart nemleg sagt på punktmøte i Skåredalen at sjemaet til vanleg ikkje er i bruk av lærarane der. Dette har gjort at eg har lurt på om me lærer ein heil masse på HSH som ikkje er i kontakt med røyndomen....
Veninna mi kunne fortelja at i det daglege brukte ho ikkje skjemaet, men når ho planla kva tema dei ulike periodane skulle innehalda, så tenkte ho diamant. Når ho nyleg skulle undervisa om hinduismen og buddhismen, så hadde ho og gått vekk frå lærebok og laga sitt eige opplegg ved hjelp av den didaktiske relasjonsmodellen.
Så fint, tenkte eg. Då har me brukt for den berømte diamanten likevel. Og om den i tillegg kan hjelpa oss til å lausriva oss frå lærebøkene litt, så trur eg den kjem til å gjera god nytte for meg når eg skal ut å motivera mine elevar.

----------
lagt til 18.04.2009

For å finna ut endå litt meir om undervisningsplanlegging, pløyde eg nok ein gong gjennom kapitlet: Å planleggje opplæringa i Didaktisk arbeid (Lyngsnes og Rismark, 1999). Forsking viser at god planlegging av undervisninga virker inn på kva elevane lærar fordi planlegginga dreiar seg om å omforma dei tida ein har til rådvelde, og lærestoffet som skal lærast, til elevaktivitetar. I ein slik fase kan det vera greit å ha ein didaktisk modell som kan analysera, sortera og fanga inn viktige sider ved verksemda. Modellen til Bjørndal og Lieberg(1978) er blitt ein del av det norske "didaktiske fellesgodset", skriv Engelsen (1998) Modellen, eller diamanten som me ofte kallar den, har fått plass i mange ulike planleggingskjema for god undervisning. Desse blir brukt til å laga planar i lys av diamanten med dei seks reviderte skjæringspunkta vurdering, læreforutsetningar, rammefaktorar, mål, innhald og læringsaktivitetar. Dette har eg og skrive meir om i neste innlegg.
Det som var interessant ved å lesa dette kapitlet om igjen, var at eg la betre merke til korleis teoretikaranes tenking låg til grunn også i høve til det å planleggja undervisinga. Å setja eleven i fokus er viktig. Ein må vita kva føresetnader som ligg til grunn i eleven for å kunne gi han og reste av klassen best mogeleg undervisning. Å bli kjent med elevanes læreforutsetningar er i tråd med både Piagets og Vygotskys tenking. Piaget meiner det er viktig å kjenna elevanes kognitive strukturar - skjemaer - for å kunne planlegjja opplæring som passar for den einskilde. I følgje Vygotskys tenking må ein ha kunnskap om elevanes aktuelle utviklingsnivå for å kunne finna ut noko om deira næraste utviklingssone. Dette for å kunne utforma dei mest funksjonelle stillasa i elevens lærinsarbeid. Altså rettar Vygotsky merksemda mot dei kognitive prosessane som er uferdige og under utvikling, medan Piaget fokuserer på kva eleven alt kan. Begge meiner at det er avgjerande at det er rett avstand mellom nytt lærestoff og det eleven kan frå før. Brown(i Øzerk 1996)kallar dette for "headfittingsprinsippet.
Howard Gardner kjem og inn med sin teori der han peikar på at ein ved å opna for at elevane kan ta i bruk ulike sider av seg sjølv, kan auka elevens motivasjon og læringsutbytte. Det står mykje meir i dette kapitlet om om korleis me kan forstå dei ulike teoretikarane i høve til god undervisningsplanlegging, så her er det berre å lesa for den som vil, men for å gå tilbake til elevanes læreforutsetningar, som opptek meg mest,så må dei sjåast i samband med dei andre krysspunkta i diamanten.
Men som Bjørndal og Lieberg som har laga denne modellen seier, er det eit grunnleggjade synspunkt at undervisninga er ein "levande dialog". Dette har eg tru på, og eg tek til slutt med eit sitat frå Bjørndal og Lieberg:

"Et skapende og dynamsik samspill mellom lærere og elever anser vi således for å være et av de viktigste kriterier for god undervisnig" (Bjørndal og Lieberg 1978:22)
Gerd Elin:-)

tirsdag 30. oktober 2007

Læringsteoriane på papir:-)

Så utruleg deilig å få ein samnhengande framstilling av læringsteoriane og korleis tida, utviklinga og ulike teoretikarar har drive fram nye teoriar. Eg er veldig godt nøgd med at me fekk hjelp til å systematisera kunnskapen. Det hjalp meg til å sjå ein del samanhengar eg ikkje har sett tidlegare. F.eks korleis kognitivismen og konstruktivismen heng saman. Veldig greitt det notatet som vart lagt ut. Nå har eg både tankekart og notat med viktige punkt.
Eg er nok ein visuell student, som lærer best ved å lesa tekst, bileter, tankekart, laga eigne notat og skapa samanhengar i hovudet mitt. Me nå har eg lært at veldig mange av elevane våre ikkje lærer best slik. Er det nokon som har forska på kor mange som lærer slik eller slik???? (Lita endring her etter å ha studert teoriane nok ein gong).
Interessant det med at me skal prøva å utvida elevanes evne til å læra, ikkje bare på den måten dei kjenner seg mest konfortabel med. Eg har vel sjølv og noko å lærar der, for eg likar best å kjappa meg gjennom bøker og papirer heilt for meg sjølv. Det går liksom fortast det. Men det er jo kjekt med gruppearbeid og, sjølv om det er ein "kamp" kvar gong nye idear skal gjennom "gruppenålauga".
Me har fått matematikkoppgåva. Gruppa er i gang med å planleggja. Blir spanande å sjå kva som kjem ut i andre enden denne gongen og. Det store spørsmålet er om me greier å bli samde om eit opplegg på eit tidlegare tidspunkt enn sist.
Me skal jobba med geometri, og dette håpar eg me får sett inn i ein samanheng med eit eventyr som ramme rundt, noko liknande det me hadde i dramatimen. Me skal ha om eventyr i norsk, så det passar godt saman.
Eg ser faktisk fram til å skriva den oppgåva i etterkant av praksisen, sjølv om det sikker vil bli nokre frustrasjonar då og, i fasen der det beste stoffet skal veljast ut.

Gerd Elin;-/

------
Lagt til 15.04.2008
Me hadde og eit formateringskurs på datalabben i samband med denne økta. Eg har aldri formatert ein tekst tidlegare, så dette var nyttig. Det heile gjekk litt fort, men eg greidde å hengja med denne gongen. Eg var redd for at det var for lenge til kunnskapen skulle brukast. Men det er rart med alt som me har vore gjennom ein gong. Det blir mykje lettare å ta igjen seinare, og så er det så mange kjekke venner i klassen det går an å spørja, for dei fleste har oppfatta noko. Så oppgåva mi vart formatert, og nå når eg held på å "shina" den opp atter ein gong, så avformaterer eg, og formaterer igjen.
Håper ho fell i smak:-))))

Gerd Elin

tirsdag 23. oktober 2007

Freden har senka seg, men nye utfordringar står i kø

Me fekk framføringa vår vel i hamn. Gruppa vår hadde møte i dag og oppsummerte. Me såg på kva me var godt nøgde med og kva me kunne gjort anleis. På bakgrunn av dette, sette me oss mål for gruppeprosessen i komande prosjekt. *Når me skal dela på å lesa pensum, vil me utveksla notat i tillegg til å ta det munnleg. *Me vil samla fleire idear, slik at me har meir å velja mellom til gjennomføring/framføring. *Me vil og setja oss betre inn i oppgåveteksten på førehand, slik at me får ein betre start på prosjektarbeidet. *Me vil setja av tid til å øva på førehand, rotera på oppgåvene og gjera "ting" litt enklare. Eg vil og leggja til at me syntes det var lita tid me fekk til å laga notatet me skulle levera inn heilt i starten. Trur me gjekk oss litt fast i dette, og det tok litt tid før me kom vidare.
Filmen me laga, var ganske på sparket og eg innrømmer glatt at eg ikkje hadde peiling på verken sfinxen eller gravmaska til Tut Ahnk Amon i farten. (Som lærar i filmen, så burde eg vel vist betre, men kom ikkje på nokre namn der og då.) Å syngja Fager kveldssol smiler, som morgonsong var nok heller ikkje bra, men det var henta direkte frå ein observasjon på Skåredalen! Ein del slike komiske feil vart det, men me var jo og midt oppi ei gramatikkoppgåve og... Har ei lita aning om at det er slik det kjem til å bli framover. Og eg må jo og få leggja til at det framfor alt er kjekt og at gruppa vår ler mykje i lag.
Det var iallfall kjekt å få oppleva alle framføringane på måndag. Å få repeterta teorien slik gong etter gong, gjer at noko siv inn, og det er bra. Det skal bli ei utfordring å kople dette til matematikken og oppgåva som kjem i etterkant av praksisen. Eg ser litt fram til skriving av denne oppgåva. Håpar me greier å laga eit godt opplegg på førehand, slik at me får eit godt grunnlag.
-------------
Lagt til 18.04.2008:
Men kvar landa eg i høve til teoriane, no i første omgang?
Eg er eit produkt av den gamle "formidlingsskulen". Eg er nok prega av "påfyllsmetoden", som var å læra direkte frå læraren eller boka. Det fanst berre rette eller gale svar. For meg som alltid har vor ganske pliktoppfyllande og relativt lettlært, gjekk dette greitt. Pavlov, Thorndike, Watsen og Skinner er teoretikarar, som tenker at drivkrafta ligg i den ytre motivasjonen, altså i gulrotprinsippet. Denne behavioristiske teoritradisjonen var rådande fram mot 1970 åra. Me fekk då eit paradigmeskifte der det som skjedde inni hjernen til den einskilde elev fekk meir vekt. Dewey meiner at ny lærdom kjem av utforsking og eksperimentering. Ausubell snakka om bruprinsippet, at det var viktig å repetera før ein kunne gå over brua mot ny kunnskap og Piaget snakkar om det intellektuelle, og om språk og tankar på ulike nivå. Men kognitivismen vart berre rådande i vel ti år. Då fekk det sosiokulturelle perspektivet meir merksemd. Læring skjer i relasjon med andre,og språket er viktig, meiner Vygotsky. Han snakkar om ei prosimal sone som er spennet mellom det ein kan læra åleine og det ein kan læra saman med ein kompetent annan. Bruner har ein stillasteori, ein treng noko å ”klatre” i på veg mot ny kunnskap. Læraren er den som byggjer stillaset.
Det er vel slik at alle teoriane har noko ved seg, og eg trur heller ikkje det går an å sjå ein teori som den optimale, utan at ein ser teorien i lys av dei andre. At all lærdom skal påførast utanfrå og bli driven fram av ytre motivasjon som i behaviorismen, kan ikkje vera bra. Matematikkfaget er vel det faget som denne teorien har slått dårlegast ut på, iallfall for min del. Eg er ikkje vant med å tenkja sjølv for å koma fram til eit svar. Det er ganske frustrerande. Det må vera viktig å læra å bruka hovudet sjølvstendig. Men dette kan og ha med min læringsstil å gjera. Eg vart spesielt fasinert av Howard Gardner sin mangeintellignesteori. Han snakkar om å vera ord-klok, menneske-klok, musikk-klok, natur-klok, billed-klok, tal-klok, bilet-klok, kropps-klok, menneske-klok og sjølv-klok (som dei kallar det på Skåredalen skole). Eg trur eg mest let meg inspirera av dette kognitivistiske prinsippet, men eg set det i lys av den sosiokulturelle teorien, som seier meir om samhandling og den kulturelle konteksten.
Litt vanskeleg er det å skilja alt dette stoffet frå kvarandre, men hovudtrekka er etterkvart inne, og eg reknar med at me stadig kjem tilbake og veg læringsprosessen vår opp mot dei ulike pedagogiske teoriane.

Gerd Elin:-)

mandag 15. oktober 2007

Skinner, Piaget, Vygotskij, Gardner og Mac Frustrasjon

I dag har me hatt base på eit grupperom på HSH i Haugesund. Fint at me kunne vera der. Alle hadde lest litt, men det er nok Tove som har mest innabords om desse teoretikarane, som står bak dei ulike læringsteoriane (sidan ho har tatt psykologi). Me prøvde å få en oversikt over Behaviorismen, Kognitivismen og sosiokulturell teori. Me gjekk ekstra inn på MI-teorien, og arbeider vidare med den. Kva som kjem ut i andre enden er ennå uvisst. Gruppa prøver å få ein rettleiingstime med Åshild i morgon, for å få litt hjelp til å velgja kva "hest" me skal satsa på. Så håpar me vår vesle frustrasjon går over i noko betre...
Eit pedagogisk grunnsyn. Mykje interessant å lesa i alle teoriane og eg synes me som framtidige pedagogar er heldig som kan få plukka det beste frå dei beste. På denne måten kan me kanskje greie å få til variert undervisning, som når dei ulike elevan på ulik måte.
-------------------
Lagt til 18.04.2008
Vidare om pedagogisk grunnsyn.
Et pedagogisk grunnsyn er i følgje rammeplanen for lærarutdanninga:

Den virkelighetsoppfatning, de verdier og holdninger som ligger til grunn for pedagogisk virksomhet.

Det som er med på å danna eit pedagogiske grunnsyn er for eksempel kva syn ein har på livet, korleis ein meiner at læring og utvikling går føre seg og korleis ein meiner at samfunnet skal oppdra barn. Dette er med på å gi føringar på korleis ein dannar sitt eige pedagogisk grunnsyn. Hos kvar einskild vil det og spela inn kva barndom ein har hatt, kva politisk overbevisninga ein har, korleis arbeidsplassen er og korleis ein ser på yrkesetikken, kva haldningar ein har til for eksempel barn og barndom er viktig, og sist men ikkje minst spelar og den teoretiske forståinga av pedagogikkfaget inn. Dette er ingrediensane i eit pedagogisk grunnsyn, som saman med didaktisk tenking og planlegging fører til pedagogisk praktisk arbeid. Vidare vil pedagogisk teori og erfaring frå praksis danna fundamentet for både didaktisk tenking (planlegging) og praktisk pedagogisk arbeid. Dei erfaringane ein gjer vil igjen virka tilbake på det pedagogiske grunnsynet og den teoretisk forståing.

Det er vel dette me har erfart litt av dette året, og eg synest det er fint at HSH har påpeika at me som framtidige pedagogar ikkje skal inn i ein spesiell form. Me skal få vera som me er, og så vil HSH fylla på med ein masse teori og praksis, slik at me vil vera i stad til å utføra praktisk pedagogisk arbeid. Dei erfaringane med gjer gjennom desse opplæringsåra, vil så igjen virka inn på det pedagogiske grunnsynet vårt og den teoretiske forståinga. Det er likevel viktig at sjølv om me kjem ut som mange ulike pedagogar når me er ferdige med utdanninga at me kan bli samde om ein felles platform å arbeida på. Som for eksempel på Skåredalen der dei flaggar høgt at dei er ein MI-skule. Då må lærarane leggja dette til grunn ved si undervisning.


Men for å få dette litt ned på jorda igjen, så vil eg og ta med nokre ord i rammeplanen for lærarutdanninga som Birgit tok fram i undervisninga me hadde om dette temaet:

All pedagogisk virksomhet formidler verdier. Det er nødvendig for de voksne i skolen å ha en bevist holdning til verdivalgene de foretar som oppdragerer.

Gerd Elin:-)

mandag 8. oktober 2007

Grunnleggjande teori

I dag har me starta prosessen med å tilegna oss teori om dei ulike pedagogiske grunnsyna. Me skal gjera oss kjent med dei ulike læringsteoretiske paradigma. I gruppa mi har me delt mellom oss å lesa meir om behaviorismen, kognitivisme og sosiokulturell teori og MI som og spring ut frå kognitivisme. Me har tenkt å hengja læringsteoriane på ei spesiell hending og ser fram til å konkretisera det som me kjem til å læra dei komande dagane.
Gjennom denne prosessen skal eg prøv å sei noko om:
Korleis barn lærer.
Kva synet mitt på kunnskap er.
Korleis eg skal undervisa på ein best mogeleg måte i tråd med læringssynet mitt.
Korleis eg skal finna ut at elevane har lært det dei skal...
og sist men ikkje minst...
Korleis eg vil motivera elevane for læring.
Dette skal eg gjera saman med gruppa mi, og eg er spent på om me kjem fram til at me har nokolunne det same læringssynet.
Så då er det vel berre å gå i gang!

fredag 5. oktober 2007

Storyline - spanande metode

Storyline-metoden ble utviklet i Skottland på midten av 60-tallet. (Steve Bell m.fl) Etterkvart har metoden spreidd seg til USA og mange europeiske land, ikkje minst Danmark kor den blir brukt på alle trinn i grunnskolen. Storyline er nå i ferd med å få innpass også i norsk skole. Arbeidsmetoden er aktivitetsorientert og eit godt reiskap for tilpassa opplæring. Det er og ein tverrfaglig arbeidsmetode.


Undervisninga blir bygd opp rundt eit tema som elevane skal jobba med ved å skapa ei fiktiv verd som blir utvikla og driven fram av såkalla nøkkelspørsmål. Desse spørsmåla eller overraskingane som dukkar opp undervegs føre til dialog og varierte problemløysande aktivitetar.

Elevane må hele tida finne strategiar for å komme vidare og dermed ta i bruk varierte arbeidsmåtar frå ulike fag. Det kan oppstår mange høver for skapande arbeid, leik og dramatiseringar.

Overraskingsmoment blir brukt pedagogisk ved at læraren lar det skje uventa ting som får temaet til å ta ein annan retning. Slik oppstår det utfordringar og elevane får øvd seg i samarbeid og problemløysing.
Dei samle inn, arbeider med og vurdere ulik informasjon. Dei både tolkar og fabulerer, gjettar og kommunisere.

Dette er ein metode som elevane likar godt å jobba under, men det må og seiast at det er ein krevjande måte å jobba på. Metoden krev god førebuing, fleksibilitet undervegs og evna til å samla trådane/elevane, undervegs i kapitla. Men på den andre sida så er det ein metode som viser seg å fenga dei fleste elevane. Og ein annan fordel er at sidan læreprosessen er knytt til fiksjon - ei historie som er knytt til tid og stad - så er det lettare for elevane å hugsa det dei har lært, og då er det kanskje verdt å bruka tid på opplegget.

Det fins mykje stoff om Storyline på Nettet, og eg ser at mange lærarstudentar prøver ut metoden når dei er i praksis. Fordelen då er at ein er mange vaksne som er med å legg til rette, og det kan då vera ein svært god metode.

Eg håpar verkeleg me kan få prøva ut denne metoden når me kjem i praksis igjen:-)

Logg deg gjerne inn på desse to nettadressene som viser Storyline i bruk.

http://www.lu.hio.no/ALU/storyline/kolbotn/overtany.html


http://www.skole.trondheim.kommune.no/dalgard/DSArkiv/DSStoryline/DS6trinnEuropa.htm

tirsdag 2. oktober 2007

Å få dei flotte orda og den verkelege verda til å matcha

Det er utruleg mykje bra å læra på HSH. Det er og masse flott og interessant å lesa. Me lærer korleis me skal bli gode lærarar. Det er viktig å vera fagleg sterke. Me må og vera i forkant og ikkje la vår autoritet bli pressa, samstundes som me skal prøva å byggja gode relasjonar til elevane. Det handlar om adferds og situasjonsmeistring. Me skal bli gode klasseleiarar. Det er og mange fine fagutrykk som skal på plass. Konstruktivistiske læringsmodellar- "Learning by doing". Mitt bidrag i framføringa om arbeidsmetodar på måndag, handla om Storyline. Eg blei fasinert av denne måten å jobba på. Det er faktisk forska på at elevar hugsar betre når læringa skjer gjennom ei historie som er knytt til tid og stad. Det var veldig kjekt å høyra på og læra av dei andre studentane. Det kan bli kjekt å ha mange eksempler på korleis me kan variera undervisninga.
Me har lært om Induktiv og Dedutiv medtode, i matten denne veka. Det står og om desse metodane i boka til Gunn Imsen, s. 329. Så mykje kjekkare det må vera for eleven å få vera med på å oppdaga og utforska, enn å bare få alle reglar og oppgåver serverte. Men sjølvsagt er det viktig med variasjon heile tida. Variasjon kan og vera ei sikring for at me greier å nå ulike elever med ulik læringsevne. Då er me over på differensiert undervisning, som og er ei utfordring. Det er kjekt å få så mange eksempel i matten som og kan gjerast elevtilpassa. (Norsken har ikkje vore så knytt opp til undervisning me skal ha, men det kjem vel kanskje etterkvart.)
Men eg må jo sei at det er litt skummelt å lesa og læra om alt me skal kunna. Me skal ha fagleg kompetanse, didaktisk kompetanse, sosial kompetanse, endrings- og utviklingskompetanse og yrkesetisk kompetanse (rammeplan for lærerutdanningen).
Då var det godt å vera i praksis på Skåredalen skule. Me opplevde å vera i lag med ein klasse med mykje energi. Me var med eitt ute i den verkelege verda. Det var jo litt greitt å sjå at til og med erfarne lærarar av og til har problem med å nå inn til urolege elevar. Me såg at det ikkje var like lett med elevtilpassa opplæring og det var ikkje like lett å få ro i klassen. Så eg tenkte at kanskje er det det håp for oss ferske studentar og. Lærarane stod på og viste oss ulike arbeidsmetodar. Dei hadde f.eks. eit arbeidsprogram ein dag og ei mattematikkøkt ein annan dag, som begynte med ein konkret situasjon ute, der dei skulle telja bilar og jobba vidare med statistikk i søyler, diagram og tabell (eksempel på Induktiv arbeidsmetode). Me bør nok gjera som Gry foreslo i dag. Begynna å samla på eksempler og oppgåver som me kan bruka ved komande høve.
Det vart litt mange og springande tankar dette. Men ein ting til slutt. Dette med Honningsvåg. Det var ikkje fint å le av stigmatiseringa av innbyggjarane der.
Eg lo og skikkeleg av revyinnslaget av kong Harald. Det er rart med den uskrivne regelen om at det er ei ære å bli karikert på denne måten. Kongehuset blir i så måte skikkeleg æra, men er det likevel heilt fint??? Eg er ikkje hårsår, men lurer på kor grensa går mellom å karrikere og å hengja ut? Er det om personane som blir karikerte er offentlege eller ikkje? Er det formatet/settingen det blir presentert i? Slik at revy er ein ting og eit klasserom er eit heilt anna? Kva kan me eigenleg tillata oss i eit klasserom for å halda eit godt humør i ein klasse. Humor er jo viktig!

tirsdag 11. september 2007

Nå begynne det å likna noko....

Dette er viktig og interessant. Korleis skal me greie å leia ein elevflokk, utan å kunne observera rett? Eg syntes det var vanskeleg å sjå og å tolka kva som skjedde når eg jobba i skulen. Kvifor begynte dei å le, var det fordi nokon hadde sagt noko morosamt, var det ein annan elev i klassen dei lo av, var det noko som hadde skjedd ute i friminuttet, var det noko rart dei fann på å skriva i bøkene sine, hadde eg gløymt å dra opp glidelåsen i buksa mi???
Sånne gonger er det viktig at det er innarbeidd eit ope og godt miljø i gruppa, det er viktig at elevane har funne sin plass i gruppa og at det er opparbeidd ein positiv elev-lærar-relasjon. Det står mykje om dette i Ogden kap.5 Skal lesa dette kapitelet nærare etterpå. Der står det om førbyggjande klasseleiing, overblikk og effektivt tilsyn, pedagogisk bruk av oppmerksomhet, reglar og rutinar osv. Dette vil eg leggja inn som basiskunnskap, slik at eg kan greie å få oversikt og kontroll i ein klasse så tidleg som mogeleg. Kjenner at dette er kunnskap er har mangla når eg har jobba i skulen tidlegare, så nå begynner det å likna noko.
I økta på måndag fekk me prøva å observera. Eg sette meg å kikka ut på plassen føre adm.bygget. Det gjekk mange personar til og frå. Eg la merke til at eg veldig raskt begynte å tolka. Ei dame var veldig lut. Ho hadde stram mine og gjekk med tunge steg samstundes om ho fikla med mobiltlefonen og røykte. Eg tenkte at ho ikkje hadde ein god dag. Tre andre kom saman. Dei gjekk med lette steg prata og tok ein slurk av vannflaskene sine. Det så ut som om dei hadde det fint. Eg drar kanskje litt for fort slutninga av korleis ein person har det. Kan henda eg ser fort korleis ein person har det, men det kan og henda at eg tek feil. Dette med feiltolking må eg vera særleg obs på når eg kjem ut i skulen.
Det var kjempegreitt å få ulike eksempel på observasjonsmetodar. Det var og fint å få tips til samtalar med elevar. Sjølv om eg snakkar med barn kvar dag, er det greitt å vita litt om korleis me går fram når det er barn me ikkje kjenner. Det gjeld vel å vera litt forsiktig til å begynna med, og å prøva å sjå alle. Også dei som er stille og ikkje søkjer mi merksemd den første dagen.
------------------------------------------------------------
lagt til 15.04.08

Observasjon skal bidra til at du så nøyaktig som mogeleg kan skildra det du faktisk ser i det daglege arbeidet ditt, ikkje det du trur du ser, eller det du kunne tenkja deg å sjå.
Kvifor er observasjon og loggføring viktig for ein lærar?
Når me tenkjer på at det er lovfesta at kvar elev har rett til tilpassa opplæring, korleis skal me greie å gi eleven dette utan at me har observert og loggført?
Eg fekk erfara kor vanskeleg det er å gjera observasjonar av elevane då me var i praksis. I samband med pedagogikk/matematikkoppgåva skulle me utfordra elevane til å delta i eit undersøkingslandskap. Samstundes som me skulle stilla dei gode spørsmåla, skulle me og prøva å observera kva elevane fekk ut av oppgåva, i høve til dei læringsmåla me hadde sett. Dette var ganske vanskeleg. Eg oppdaga at mitt fokus først og fremst var på å presentera oppgåva på ein god måte. Kankje dette kom av at eg var nervøs. Ikkje berre skulle me prøva å undervisa på ein måte, der me nådde inn til elevane med kunnskapen, men det me gjorde desse timane ville og få mykje å seia for vår eigen karakter i pedagogikkfaget. Eg merka og at eg ikkje fekk loggført skikkeleg det eg såg, då var det og vanskeleg å ta observasjonane igjen etterpå. Kvar elevgruppe skulle eigentleg vore filma for at me skulle få den rette oversikten. Men dette var og ei erfaring. Eg lærte at eg må vera fokusert og nøyaktig, samstundes som eg ser at det er ikkje alt eg kan få med meg. Eg ser og at det er viktig med nokre verktøy for å greie å observera kvar og ein. Elles blir det til at nokre barn tek heile fokuset, og eg vil så gjerne vera der for dei stille barna og. Loggbok mellom lærar og elev i periodar og elevsamtalar er mellom andre svært nyttige reiskapar. Vidare er det viktig å kunne observera elevane i perspektiv, samstundes som ein har evne til empati med dei. Ikkje heilt enkelt dette, men eit svært viktig mål. Innimellom er det og viktig å kunne vurdera si eiga rolle som lærar i høve til målet om å "sjå" kvar og ein elev, slik at dei kan få så god tilpassa opplæring som mogeleg.

Gerd Elin

fredag 7. september 2007

Snipp snapp snute for tilvalsfag i ungdomsskulen?

Eg gjekk gjennom forelesinga i ped. igjen i dag for å finna litt fleire moment om lærarens administrative oppgåver. Eg oppdagar stadig noko nytt. Eg gjekk inn på skoledata-as.no for å lesa om Programfag til val som skal innførast neste skuleår i ungdomsskulen. Det er jo flott at ein ser grunnskule og videregåande skule i samanheng. Bra at elevane i grunnskulen kan kan få eigen profil på kva dei er gode til, som dei har med seg til videregåande skule. Trur og det er bra at elevar kan få gjennomføra ein test (skoletest.no) der dei kan få ein peikepinn på kva dei bør satsa på innan vidare utdanning og yrkesval. Men når eg tenkjer på alle elevar som er fast bestemte på å utdanna seg i praktiske fag, altså bli fagarbeidarar, så veit eg ikkje heilt om Programfag til val, (som etter kva eg har forstått blir meir teori), kjem til å styrkje dei. Elevane blir styrkte i trua på seg sjølv når dei har fått bruke tid på å arbeida med dei faga/interessene dei har evner for. Å få arbeida med med hestar i stallen, sy sin eigen ballkole til skuleballet, mekka på mopeden, stella dyra på garden, tre skuletimar i veka, er kanskje det som skal til for å ikkje bli alt for skuletrøytte. Faget som desse individuelle vala kan leggjast inn i heiter Tilvalsfag. Eg forstår at høvet for desse litt meir praktiske faga nå blir erstatta med meir teori. Det er urovekkjande om barn og ungdom, som har tydelege praktiske anlegg, må venta så mange år før dei får begynna å gjera noko meir fagleg med dette! Eg håpar ikkje dette vil vera med på å gje elevane i skulen ulike verdi.
Innlegget vart revidert 23.0.07

torsdag 6. september 2007

Eit hav av oppgåver...men myrkje er mogeleg

I går kveld sat eg å småblogga litt og hadde eit halvt auga på "60 minutes". Det handla om bærbare pcar og amerikanske selskaps kappløp for å vinna "laptop"-marknaden. Barn, gjerne i den fattige delen av verda, vart eigarar av "laptoppane", "prøvekaninar" og gjerne "plogspissar" for produsentane for å koma opp i produksjonstal. Dette er og ei side av vår IKT-verd. Men det eg beit meg merke i var ein kommentar, der personen samanlikna ein PC med eit musikkinstrument. "Alle barn får lyd i ein fiolin eller eit piano, men dei må ha undervisning og masse øving for å bli flinke til å spela. Slik er det og med bruk av ein datamaskin", sa han. Og eg assosierte til Ped. timane same dag. Eg er så glad for all rettleiing og praktiske tips me får når det gjeld IKT. For er me ikkje kome litt skeivt ut når barna ofte kan mykje meir enn foreldra og lærarane? Eg gler meg til tema "Barn og Medier".

Mange oppgåver
Eg er nok klar over at ein lærar har mange ballar i lufta. Det vart likevel kanskje meir enn eg hadde oversikt over når eg noterte på onsdag. Planarbeid, oppdragelse, undervisning, omsorgsarbeid. Så kjem skulebasert vurdering og utviklingsarbeid, samarbeid med kollegaer (som er kjempeviktig, mykje å læra av kvarandre). Læraren skal og administrer klassen, kanskje team, ulike prosjekt . Det skal dokumenterast, og i tillegg får du kanskje i oppdrag å halda kontroll på f.eks alt utstyret i gymsalen???? (Det hadde nemleg eg når eg var vikar i -94). Det kan og følgja med spesielt tildelte oppgåver, med både IKT, som sosiallærar eller kanskje koordinator for elevrådet. Eit stort mandat som er gitt lærararne. Eigentleg til å mista pusten av. Men nå er det jo slik at det er fleire lærarar på ein skule. Ikkje alt fell på alle, og mykje går det an å samarbeida med kvarandre og og støtta kvarandre på. (Justert 07.09.07 etter kommentar frå kritisk venn)
Eg er oppteken av at ein skal tenkje praktis bruk av det ein lærer barna på skulen. Det var eit kjekt tips å kanskje laga ei utstilling bak i klasserommet med små ting som illustrerer historiar og ny læring. Ved å ofte ta med noko nytt, pirrar ein nysjerrigheita til barna samstundes som ein knyter praktiske ting til teoretisk læring. Eg synes matteboka til Geir Botten og er svært interessant i denne samanhengen. Han har eit godt eksempel på korleis ein introduserer arbeidet med den pytagoreiske læresetning i kapittel 3. Folk har i mange hundre år kjent til korleis ein får rette vinklar når ein skal byggja hus. Eg fekk iallfall ei AHA-oppleving når det vart knytt til Pytagoras.
Det er og interessant å lesa om motsetjinga mellom regelstyrt- og verkstadprega undervisning hos Ogden. Det er nok mange faktorar som spelar inn på kva undervisningsform som vil passa i dei ulike klassane. Ein uroleg klasse treng nok meir lærarstyring, klarare reglar med streng handheving enn ein meir samarbeidvillig klasse, der det er lettare at elevane får vera med på å bestemma. Det som kanskje kan virka kjekkast for elevane, ei meir verkstadprega undervisningsform, er kanskje og noko som svakare stilte elevar har vanskelegare for å innretta seg i, skriv Ogden. Den "Gyldne middelveg" gjeld vel her og. Variasjon er viktig, og at elevane forstår lærestoffet er med på å skubba prestasjonane i rett rettning.

Inspirasjon
Me som framtidige lærarar skal vel ta sikte på å prøva å vera inspiratorar for elevane våre. Inge Eidsvåg virkar som ein inspirator på meg. Han får lærargjerninga til å virka stor og flott, samstundes som eg kjenner at eg blir litt audmjuk. "Ta på oss å danna mennesker". Slike setningar kan kanskje vera gode å ha i bakhovudet når kvardagen hentar oss inn.
Temaet "Livet ved dei store elvane" fekk eg lyst til å gå i gang med straks. Det dukka opp mange "knaggar". Aufrat, Tigris og Nilen. Eg tenkte at dette kunne vore noko å jobba med tverrfagleg. Ur i Kaldea og Abraham som var på vandring mellom alle desse elvane. KRL - Dei tre monoteistiske religionane. Musikk: When Israel was i Egypts land, let my people go" - negero spirituals...Tenkte og på mattematikk. Sumèr og utvikling av reknemåtar, på hieroglyfar og egyptiske teikn. Norsk og skriving, Så har du dei "gamle faga" geografi og historie og så vidare. Sjølvsagt måtte eg gå inn i fagplanane og sjå kva som passa på det trinnet eg skulle undervisa i. I tillegg måtte eg studert pensumbøkene og suplert med fakta frå internett og andre bøker. Me leita oss forresten fram til kompetansemåla i matematikk etter 4. klasse på onsdag for å sjå kva nivå me kunne leggja oss på når det gjeld matteintervjuet som skal leverast inn neste veke. Veldig greie og kjekke sider udir og grep. Og då er eg tilbake til alle dei forslaga på Nettsider som me fekk på onsdag. Dette skal eg leika meg med i helga saman med Lina, jenta mi på 10.

Gerd Elin

onsdag 29. august 2007

Kva tyder begrepet didaktikk?

Eg synes det har vore vanskeleg å få tak i omgrepet didaktikk når eg har studert KRL og Sos.ped. Då var det svært greitt å finna eit heilt kapittel om didaktikk i boka til Lyngnes og Rismark.
Didaktikk kjem av ordet didaskein som kan bety å belære, formidla, undervisa, analysera, bevisa (Blankertz 1987, Hansen og Toms 2006)
Didaktikken er i følgje forfattarane den samlande kjernen i pedagogikken og basisen for utviklinga av ein lærars profesjonalitet. Kanskje me kan seia at didaktikk er eit "kunstspråk" som lærarar har felles.
Før hadde omgrepet ei meir snever tyding der ein berre såg didaktikk i høve til teori. I dag eksisterer omgrepet og på handlingsplanet.
Kafkis defininsjon frå 1997: "Allmenn teori for undervisning og læring", vektlegg det teoretiske perspektivet. Hiim og Hippes definisjon frå 1998: "Praktisk-teoretisk planlegging, gjennomføring, vurdering og kritisk analyse av undervisning og læring", fangar inn alt frå planleggingsfasen til analysen etter avsluttet undervisning. Eg vart litt klokare, men slike framandord må eg tyggja litt ekstra på.
Eg tenkjer at når eg blir lærar, så kjem planleggingsfasen og vurderingsfasen av undervisningsøktene til å vera kjempeviktige. Men det er i klasserommet innlæringa skjer. Det er då eg skal ha mange ballar i lufta samstundes. Det er då eg skal koma i kontakt med elevane. Sjå dei og prøva å gjera dei motagelege for kunnskap. Det er og viktig at eg då har noko fagleg å koma med. Ingen kan læra dei alt, men om eg blir ein god lærar greier eg kanskje å setja elevane i stand til å læra dei det dei har evner til og ting som dei kjem til å få bruk for. Å ha god formidlingsevne blir viktig.
Når eg kjem ut i praksis vil eg prøva å læra namna på elevane så fort som mogeleg. Det er mykje lettare å nå inn til menneske dersom me kallar dei ved namn. Eg veit og at eg må jobba med å vera tydeleg. Det er så mykje som skjer i eit klasserom at det er lett å bli litt forvirra. Og så må eg vel hugsa på at læraren i klassen er sjefen min - ikkje eg sjølv;)

tirsdag 28. august 2007

Pedagogikk veke 34

"Individet blir et virkelig selv i møte med andre mennesker", sa Martin Bubler ein av våre moderne dialog/kommunikasjonsfilosofer.
Det handla om kommunikasjon på måndag. Det vart undervist om både verbal og nonverbal kommunikasjon. Håpet er å kunne kommunisera på ein slik måte at elevane lærer fag, men og at dei kan forstå litt av kven dei er, rettleia dei og hjelpa dei til å korrigera og navigera i det informasjonssamfunnet me lever i. I kommunikasjonsprosessen inngår det å vera speglbileter for kvarandre. Ganske interessant.
Utruleg god den NRK-serien om Kroppen. Festlig med det "nye" kroppsspråket", der buksene som har vore veldig låge i livet ei tid nå, må dras opp midt bak for å skjula G-strengen. "Heil-rørsla" er noko som kanskje berre barneskuleelevar prøver ut, når dei har lært om Den andre verdskrigen, Nasismen og Hitler. Men kroppsspråk er nå ein gong kroppspråk. Er du flink til å lesa dette språket, kan du vita mykje om ein person. I skulesamanheng er det likevel viktig å ikkje overtolke. Det er og viktig å vera litt reservert når det gjeld t.d blikkontakt med andre lærarar. Barn er sensitive og mange er ganske flinke til å lesa kroppsspråk.
Gunn Imsen referer til pedagogen Lee Schulman som har fire punkt på kva ein må kunne for å vera ein god lærar. Fagkunnskap, Kunnskap om skulens materiell og strukturar, Formell pedagogisk kunnskap og praktisk kunnskap. I tillegg legg ho sjølv til ein kvalifikasjon som ligg i botnen, og det er omsorgen for eleven. Det er ikkje lett for eleven å konsentrera seg dagen etter at besten døydde av kreft, eller pappa flytta ut. Å vera ein våken og omsorgsfull lærar, kan vera med på å støtta elevane gjennom desse periodane. Det er kanskje ikkje alltid så mykje som skal til, kanskje berre det at læraren veit om kva som er vanskeleg. Då er det og viktig å ha god kommunikasjon med heimen. Det er ikkje alltid læraren får beskjed, men eg tenkjer at det er greitt om læraren tek ein telefon til foreldra dersom han merkar at noko ikkje er som det skal.
Spanande fag dette. Eg gler meg til neste måndag, og eg håper på fleire undervisningsøkter på ein dag, med studiedagar innimellom. Det hadde iallfall letta min studiesituasjon.

____________________
Lagt til 9/4-08: No i etterkant har eg sett litt meir på lenkene som låg ved powerpointen til forelesinga. Det låg ute to interessante lenker om kropsspråk, og Nettdoktor skriv mellom anna at me ofte gløymer at me ikkje kan lura barn. Barn reagerer intuitivt på kroppsspråk. Det samme gjeld vaksne i emosjonelt lada situasjonar. Mennesker som har det vanskelig, er som regel veldig fokuserte på at den dei betrur seg til er helt pålitelig. I slike situasjoner henger ord, mimikk og kroppsspråk nøye sammen. Det minste signal fra den lyttande om manglande engasjement, kan gjera den som fortel utrygg, skriv Karen Zimsen.
Det var og stilig å ta den testen til BBC der 20 filmar av smilande menneske var lagt ut. Greidde eg å sjå kva smil som var ekte og kva som ikkje var det? Det er faktisk ulike delar av hjernen som styrer musklane som arbeider under dei ulike typane smil. Det var lettast å sjå på augene om smila var ekte, syntes eg. Eg observerte rett på 16 av 20 smil, og er ganske godt nøgd med det. Men det viser og at kroppsspråk ikkje alltid er like lett å lesa. Noko å ta med seg i skulesamanheng.
I tillegg les eg ei lenke om gruppedynamikk. Skulle nok ha lest denne før (men desse lenkene hadde gått meg hus forbi. Innlegget sa mykje som er greitt å vita i samband med team-arbeid. "Gruppens evne til å utvikle et passende rollesystem vil være avgjørende for dens suksess", heiter det. Vidare heiter det:"å finne den riktige kombinasjonen av arbeidsroller avgjør om arbeidet blir gjort, hvordan det blir gjort og hvordan gruppemedlemmenes ressurser blir brukt. Men uten man samtidig finner den rette kombinasjonen av uformelle grupperoller, vil gruppemedlemmene føle seg frustrerte og utilfredstilte. Det gjør dem lett uproduktive eller destruktive" (Bolman/Deal-94). http://www.kunnskapssenteret.com/articles/3017/1/Gruppedynamikk/Gruppedynamikk.html
Eg trur eg skal skriva ut innlegget om gruppedynamikk. Det kan vera morosamt å lesa for oss i praksisgruppa, no når me kanskje begynner å finna plassen vår i gruppa:-)

Gerd Elin:)

Ein lærar eg hugsar godt

Nå var det slik at eg var i ein sånn klasse der lærarane skjeldan blei i meir enn eitt år. Me ungane var jo temmeleg bufaste, så det var vel enklare for lærarane å flytta, enn å flytta på oss elevane. Det var ikkje slik at me var heilt galne, men du kan sei det var ein del uromoment i klassen. Og så var me Jærbuar, med litt av det råe og urnorske i oss. Me hadde for eksempel sånne som Jan Inge som budde med far sin og imponerte med å kunne steika sine eigne pannekaker heit frå han var åtte år. (Det var skjeldan vaksne heima hos han). Så hadde med Tor Magne som likte seg best i bensinstasjonens verkstad og Hans Kristian som kjørte traktor før han begynte på skulen. Me hadde og Marion, Gro og Ragnhild som jobba meir med å ha kontroll på oss andre jentene, enn med skulebøkene. På fritida gjekk dei på turn. Eg ser dei føre meg alle. Me høyrte saman og me støtta kvarandre som me var.
Lærarane ja, dei reiste - ein etter ein. Eg var ei av dei jente som haldt meg litt i bakgrunnen dei fleste skuleåra. Noko godt forhold til lærarane mine fekk heller ikkje eg. Dei var så sinte, "kalde" og avvisande. Eg syntes og dei mange gonger var urettferdige.
Men i sjette klasse skjedde det noko. Me var blitt størst på skulen og såg på oss sjølve som ungdomar. Aksel heitte den nye læraren vår. Han var nyutdanna og hadde ekstra utdanning i engelsk. Det var ganske stort på den tida, då me ikkje begynte med engelsk før i fjerde klasse. Han var super i musikk og spelte gitar og piano. Me fekk og prøva ut litt andre måtar å læra på enn me var vante med. Me hadde gruppearbeid, og me fekk ha klassens time. Då laga me til underhaldning og koste oss med saft og Donaldkjeks. Eg kan ennå hugsa kor spente me var når me nærma oss det siste kapitlet i naturfagboka som handla om seksuell utvikling. Akkurat det vart ein liten nedtur, for han hadde med seg ei apelsin for å illustrera korleis blomen og bia saman fekk til noko så godt og flott. Eg veit ikkje heilt kva me hadde venta oss, men me tilgav han fort. Me syntes bare det var litt moro, for han vart rett og slett raud i kjakane av emnet.
Aksel hadde humor og han gjorde oss trygg på at det skulle gå bra å flytta over til ungdomsskulen. Me fekk kjensla av at det var mogeleg for ein lærar å lika oss slik me var. Eg trur og dei fleste brydde seg litt meir om skulefaga etter dette året.
Det beste for meg var likevel at han såg meg som person og møtte meg med stor interesse for fag som eg og likte svært godt.

Gerd Elin

søndag 26. august 2007

Litt forvirra men godt nøgd

Har prøvd å laga meg ein oversikt i helga over kva bøker som må lesast med det første, og kva oppgåver som må løysast. Har lest litt og gjort litt matte. Eg har berre greidd å få tak i ei pedbok til no. Ser at pensum er henta frå ganske mange fleire, så eg må nok investera litt meir i bøker. Men det er veldig kjekt å få lov til å læra. Har litt matte-vegring, men trur det skal gå bra. Det er så lenge sidan eg har jobba med dette faget. Dei andre faga har eg jobba med, og det er difor mykje meir tryggt. Å greie å gjera elevane trygge på at dei kan få til noko, er eit fokus som eg som framtidig lærar ønskjer å ha.
Nå vil eg sjå kveldsnytt før eg legg meg ;-)

tirsdag 21. august 2007

Lærar, hmmm

Litt vanskeleg å setja ord på kvifor eg satsar på å bli lærar. Eg har gjort mykje spanande før i livet, ikkje minst åra i informasjonsavdelinga i Statoil og åra som journalist. Dette med å bli lærar har likevel alltid lege i botn som eit ønskjer. Både fordi eg er glad i barn og ungdom og fordi eg er bestemt på å bu her eg bur. (Her er ikkje jobbutvalet så stort som nærara Haugesund.)
Trur og eg har noko å gje, kanskje spesielt dei som slit litt. Kontakten eg har hatt med barn og ungdom i jobben i kyrkja har nok gitt meg meir lyst til å arbeida meir med den oppveksande slekt enn dei to periodane eg har arbeidd som lærarvikar i skulen. Skal innrømma at etter den siste perioden på to månadar som vikar for 3.5. klasse, sa eg at nå var det definitivt slutt på mitt ønskje om å bli lærar. Dette var for fire år sidan, men her er eg. Det er som om ei glo har blussa opp igjen. "Det kan bli bål av gamle glør", som Bjørn Eidsvåg syng. Er spent på praksisperioden.

Kvifor HSH

Eg har høyrt mykje om HSH, faktisk både vist og gale. Men bror min som gjekk ut i fjor etter 4,5 år på HSH lengtar tilbake. Etter desse første dagane kan eg godt forstå det.
Eg er jo sånt stilt at det ikkje har vore aktuelt å flytta for at eg skulle gå på skule. Det har heller ikkje vore aktuelt å vera vekke i vekene for meg. Til det er eg alt for heimekjær. Med mann som arbeider i Norsjøen hadde det heller ikkje vore aktuelt i høve til barna. Så når eg hadde psyka meg opp til kjøringa, måtte det blir HSH på Stord. Lærarskulen som ligg nærast min heimstad.
Men eg har alt fått godt lag på veien, så dette skal gå bra!

Refleksjon

Kanskje litt seint å begynna å reflektera nå, klokka er over 23, men døgnets timar må nyttast. Eg har hatt utruleg kjekke oppstartsdagar på HSH. Verkeleg godt å få halda fram med å læra. Studerte i heile fjor og, men var ikkje i noko studentmiljø på same måte som i år. Gler meg mykje til pedgogikkfaget. Vart litt fasinert at tydinga av ordet pedagog - pais agein - førande gut. Lure eigentleg på kva jente er på gresk, så kanskje alle me damer kunne kalla oss pais ....(jenter).
Skal og bli spanade å sjå om faget kryssar det med lærte i sosialpedagogikk, som og var eit kjempespanande studie. Var litt kjekt å høyra at den sosiale kunnskapen og blir lagt stor vekt på når me skal ut i skulen. Det å forstå einskildpersonane at barna og ungsom har forskjellig bakgrunnar og utrusting, og at barn som vaksne går gjennom ulike fasar i livet. Korleis lærer ein best, og korleis kan ein gjera elevane trygge og motagelege? Eg gler meg og til å læra meir om ulike intelligenstypar. Ja, dette skal bli kjekt.

mandag 20. august 2007

Hei, hei

Eg er nå i gang med min andre ungdom. Student igjen etter mange, mange år i arbeidslivet. I tillegg har eg og stor familie, mann og fire barn i alderen 10 til 19 år.
Eg gler meg stort til åra her på Stord, sjølv om eg gruar meg litt til pendling frå Etne.
Tidlegare i livet har eg arbeidd i Statoil, grunnskulen, som journalist og i Kyrkja. Eg har i alle år hatt eit ønskje om å bli lærar, og her er eg.
I fjor studerte eg KRL og sosialpedagogikk, så det er godt å vera litt i gong allereie.
I fritida likar eg å ... fritid?... , blir vel ikkje så mykje fritid tenkjer eg, men eg er eit familiemenneske, så mann og barn betyr mest for meg. Men eg er og glad i musikk, bøker, og så har eg ein kajakk som er mitt synlege bevis på at eg er glad i vatn.
Nå gler eg meg til å lesa andre sine bloggar.
______________________________________________________________________
Lagt til 9/9-08
Eg hugsar min første tanke når eg forstod at eg rett og slett skulle få skriv meg til kunnskap var Jippi. Korte små innlegg etterkvart som eg lærte meir, passa meg svært godt. Arbeidsmetoden var for meg motivasjon i seg sjølv, og eg ser nå når me snart er ferdige for i år, at dette har vore ein god måte å læra på. Eg har lett for å lesa og pugga mykje rett før eksamen, og eg skal innrømma at ein del av dette stoffet legg seg ein plass i hjernen der det er vanskeleg å koma til i ettertid. Ved å arbeida med stoffet jamnleg, slik eg har gjort med bloggen, "mister" eg ikkje kunnskapen så lett. Det eg har lært, er i ferd med å bli ein del av meg. Pedagogikk er interessant og bloggen har gjort faget meir interessant enn eg trudde det skulle bli.

Gerd Elin:)