
Eg er nok ein visuell student, som lærer best ved å lesa tekst, bileter, tankekart, laga eigne notat og skapa samanhengar i hovudet mitt. Me nå har eg lært at veldig mange av elevane våre ikkje lærer best slik. Er det nokon som har forska på kor mange som lærer slik eller slik???? (Lita endring her etter å ha studert teoriane nok ein gong).
Interessant det med at me skal prøva å utvida elevanes evne til å læra, ikkje bare på den måten dei kjenner seg mest konfortabel med. Eg har vel sjølv og noko å lærar der, for eg likar best å kjappa meg gjennom bøker og papirer heilt for meg sjølv. Det går liksom fortast det. Men det er jo kjekt med gruppearbeid og, sjølv om det er ein "kamp" kvar gong nye idear skal gjennom "gruppenålauga".
Me har fått matematikkoppgåva. Gruppa er i gang med å planleggja. Blir spanande å sjå kva som kjem ut i andre enden denne gongen og. Det store spørsmålet er om me greier å bli samde om eit opplegg på eit tidlegare tidspunkt enn sist.
Me skal jobba med geometri, og dette håpar eg me får sett inn i ein samanheng med eit eventyr som ramme rundt, noko liknande det me hadde i dramatimen. Me skal ha om eventyr i norsk, så det passar godt saman.
Eg ser faktisk fram til å skriva den oppgåva i etterkant av praksisen, sjølv om det sikker vil bli nokre frustrasjonar då og, i fasen der det beste stoffet skal veljast ut.
Gerd Elin;-/
------
Lagt til 15.04.2008
Me hadde og eit formateringskurs på datalabben i samband med denne økta. Eg har aldri formatert ein tekst tidlegare, så dette var nyttig. Det heile gjekk litt fort, men eg greidde å hengja med denne gongen. Eg var redd for at det var for lenge til kunnskapen skulle brukast. Men det er rart med alt som me har vore gjennom ein gong.

Håper ho fell i smak:-))))
Gerd Elin
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar