
Interessant å sjå at så mykje som eg kjenner igjen frå livet, har sine teoriar. Har ofte høyrt om arv og miljø, kva som bur i eit barn frå starten av og kva ytre faktorar som spelar inni livet. Når det gjeld motivasjon er det vel og slik, men eg trudde kanskje at det ibuande spelte ei større rolle enn det eg ser ut frå denne veka med pedagogikk. Rosenthalereffekten har eg høyrt om, men ikkje vist kva var. Skremande kor ubeviste me kan vera. Altså før me kjenner eit menneske, så kan det altså merkast som snill, god, flink, dum osv., alt etter kva informasjon me har fått, og forskjelshandsamast etter dette. For eg reknar med at dette like godt skjer hos oss, som lærarane i denne undersøkinga. Dette talar ikkje for at elevane skal ha med seg sin portefølgje gjennom alle dei 12-13 åra dei er i den offentlege skulen. Av og til kan det vera fint å få starta på ny. Eg har og opplevd dette med ei av døtrene mine. Ho gjorde alt for å forbetra gymkarakteren sin. Men ho var plassert. Det hjalp ikkje same kor mykje ho pressa seg, læraren såg ikkje innsatsen. Eg veit det blir vanskeleg å vera rettferdig og å sjå alle elevane, men la oss prøva.
Det anar meg at eg kan mykje om den teorien me gjekk gjennom denne veka, frå før. Likevel er det litt vanskeleg å få tak på einskilde ord og omgrep som atributasjonsteori, kasualitet, forskjellen på ego, id og superego. Godt me har "Imsen", som me kan fordjupa oss i i tillegg til førelesing, så får me det nok på plass etterkvart.
Dette med å ha forventningar til eiga meistring er og interessant, og korleis dette har samanheng med korleis personen ser på seg sjølv, kven han lyttar til, kva tidlagare erfaringar han har gjort og så vidare. Eg ser ut av stoffet me har lært at me som framtidige lærarar kan få ein del å seia for einskildelevar på dette området. Eg tenkjer at det er kjempeviktig å vera med på å hjelpa dei til å tenkja positivt og til å leggja mest vekt på det som er positivt. Det er fint å sjå at me kanskje kan vera den ytre faktoren som kan vera med på å endra negative tolkingsmønster hos elevane. Eg skulle ønskja at dette kunne vera eit mål for oss som er førsteårsstudentar i år, når me kjem ut i skulen. Me er jo ein positiv gjeng;-)!
Maslow han har eg og stor tru på. Han knyter mellom anna sjølvrealisering til sunn personlegdom, og Imsen seier at menneske med sunne personlegdomar har ei sikker realitetsoppfatning, er opne for nye erfaringar, ny kunnskap og nye idear, har ei heil sjølvoppfatning, evne til å knyta seg til andre, er kreative og har etisk og moralsk fasthet i si åtferd.(Imsen:390)Dette er noko anna enn Jantelova, som meiner at me absolutt ikkje bør ha ei positiv oppfatning av oss sjølv.

Men nå veit eg ikkje om eg heilt skjøna det sitatet til Aksel Hennie, som det vart refert til i forelesinga "Den som griper øyeblikket, får et forsprang". Det gjeld vel kanskje ikkje alltid å nytta alle øyeblikk for å kava etter å bli best mulig? Eg håpar eg missforstår dette sitatet, for eg tenkjer og at det er viktig å gripa øyebliket, men kanskje ikkje alltid for at eg sjølv skal få eit forsprang. Det å ha tid til å lytta til andre, vera stille, drikka te saman med venner, oppleva kjærleiken, sjå barnet ditt ta sine første steg - for så om berre noken få år køyra sin egen bil, sjå naturen vakna til liv igjen om våren, sørga saman når nokon har gått bort osv. Å ha tid til desse tinga, og å gripa desse øyeblikka, vil eg og seia er det viktigaste, for det er desse øyeblikka som dannar rama rundt eit lykkeleg liv. For meg iallfall. Kanksje det er dette som for meg er det Aksen Hennie kallar forsprang??? Ja, ja, det var mine filisofier. Ha ei god helg;-)
2 kommentarer:
Du har heilt rett, ingen andre enn du kan vita kva som er dine "øyeblikk".
Hei, du skriv veldig bra og har gode refleksjonar. Eg er også einig i di tolking i kva det er å "gripa øyeblikket", eit forsprang kan væra så mange ting.. Eg vil sei at foreldre som er oppmeksame og engasjerte i saman med sine born, "har eit forsprang" i forhold til dei som ikkje det.. Ellers kunne du kanskje ha nevnt kva de kom fram til i gruppe samtalen? :-) Geir M
Legg inn en kommentar