Hadde det vore eit enkelt svar på dette, hadde det vore greitt. At det er viktig med motiverte elevar, arbeidstakarar, foreldre osb. kan me vel alle vera samde i. Men kva er det som skapar motivasjon? I økta i går les me om indre motivasjon, som er ønskjet, viljen og draumen som ligg inni den einskilde til å løysa ei oppgåve. Den ytre motivasjonen kjem i form av ytre påvirkning, som ros, rettleiing, heiing, karakterar. Eg skreiv i mattematikk og pedagogikkoppgåve noko i retning av at mitt læringssyn mellom anna gjekk ut på at det er den indremotivasjonen me ønskjer å vekkja hos elevane. Men eg har tenkt på at sidan me som komande lærarar har eit ønskje om å vekkja den indre motivasjonen hos elevane, så er det og ein ytre faktor tilstades, nemnleg læraren som motivator. Når eg tenkjer på det slik trur eg at eit samspel mellom indre og ytre motivasjon er det som skapar motiverte handlingar hos elevar og andre menneske. Kvar eg då hamnar i mitt læringssyn er eg ikkje heilt sikker på ennå, men at det gjeld å vekkja den "indre drivkrafta" hos menneske kjenner eg meg overbevist om. Dette er eit interessant emne. Det er lærerikt å lesa om forskjellane både i kulturar og kjønnsforskjellane. At gutar ser ut til å ha innebygd så mykje meir tru på seg sjølv enn jenter, er litt tankevekkjande. Eg hugar at eg som femteklassing undra me over at det var så mange menn som var sjefar (1975), når det var oss jentene som (iallfall i min klasse) var flikast på skulen. For all del ikkje noko negativt om menn som vil noko, men det er jo greitt å bli minna om at damene og duger!!!

Etter pedagogikkøkta i går sat eg Kesia og Heidi å mekka saman ein Samansett tekst. Me har fotografert, filma, henta inn løyver og skaffa musikk. Alle hadde sett seg inn i Windows Moviemaker, og kvar for oss laga litt prøvefilm, for dette ville me læra. Etter fleire liter pepsi max og ein del sjokoladar og timar som me ikkje viste kor var blitt av, kunne me kl 20.30 reisa heim frå Stord med filmen i boks. I seine nattetimar vart det framsyning for familien.
Det var den indre motivasjonen som dreiv oss!
-----------------------
lagt til 15.04.2008
PS. Den samansette teksten vår vart laga over boka Pappa Politi, av den svenske barnebokforfattaren Laura Trenter. Trenter er mest kjent som forfattar av barnekrim-bøker. Ho har skrive 18 bøker og i 2005 låg to av bøkene hennar på bestseljarlista i Sverige,berre slått av J.K Rowlings. Trenter er ikkje så kjent i Noreg, men sju av bøkene hennar er oversett til Norsk. Me vart alle begeistra for boka Pappa politi, men meiner at tittelen er noko barnsleg i høve til innhaldet i boka. Kanskje dette gjer at ungdomsskuleelevar som denne kriminalen passar svært bra for, ikkje vel boka. Boka har og ein oppfølgjar som heiter Julian og Jim. Denne boka er og svært spennande og kan anbefalast.
Det var som eg har skrive ovanfor kjekt å laga den samansette teksten. Resultatet er me og ganske godt nøgde med. Me lærte alle svært mykje av dette, og eg har alt brukt Mowiemaker til å laga ein annan samansett tekst.
Gerd Elin:-)
2 kommentarer:
Skal tru om jenter og gutar si ulike tru på seg sjølv vil oppvega noko av effekten av jenter sin frammarsj i skulen (eller gutar sine manglande prestasjonar)? Lærarar si oppgåve i denne samanhengen er kanskje langt meir utfordrande enn det kan sjå ut når ein berre les om dette?
Ja, eg ser det nå. Kjempespanande at det fint så mykje forsking og teori på dette. Utruleg spanande dette med gutar og jenter....
Legg inn en kommentar