
Neste veke skal me ut i punktpraksis igjen. Det skal bli kjekt å få koma ut å presentera noko som me veit blir nyttig for elevane "våre". Me skal ha eit opplegg om Nettvett i starten, så skal me over på bruk av IKT i samband med geografi. Dersom me får tid, let me dei kanskje få prøva å laga teikneserie eller animasjon. Det er så flott at me har fått innføring og innblikk i kva som kan brukast. Ser at det er ein grunn til at eg har studert Media tidlegare (sjølv om det då var avis det gjekk i). Men her blir det berre tid til å skumma toppane, for den meste tida utover våren må brukast til å setja seg betre inn i matematikken og norsken. Det går ikkje an å berre kosa seg og så stryka til eksamen. Men studentar har lang sommarferie, har dei ikkje.... så var det den sommarjobben då! Me ser?
Gerd Elin
1 kommentar:
Ja neste veke er det punktpraksis. Eg går glipp av denne punktpraksisen p.g.a. Thailand turen min. Det er litt domt, men eg er med å planleggjer opplegget dei andre på gruppa mi skal ha! Vonar dykk får ein fin dag på Skåredalen på Tirsdag!!=)
Cathrine
Legg inn en kommentar