onsdag 9. april 2008

Sjølvbilete og attribusjonsteori

I samband med innleveringsoppgåva om Mons har me fått ei ekstra utfordring i å setja oss inn i dette med utvikling av sjølvbilete og kva mellom anna attribusjonsteorien seier om den einskilde si utvikling.

Eit lite barn blir født med så mykje i seg som kjem til å vera retningsgjevande for kva person barnet kjem til å bli. Eg har lært at det første leveåret greier ikkje barnet å skilje mellom seg sjølv og mora som personar. Sett frå barnet si side er dei ein identitet. Etter kvart utviklar barnet sin eigen identitet, men dette tar lang tid. Eg har lest at identiteten er utvikla når eit menneske er 22 år.(sikkert ulike meiningar om det). Men korleis blir denne identiteten utvikla? Sidan skulen skal støtta opp under ein elev si allsidige utvikling, er det viktig at me veit noko om korleis både fysisk, sosial og kognitiv utvikling skjer.
Eriksen sin stadieteori er interessante å ta med seg. ”Utviklinga er bestemt på førehand ut frå at eit menneske er førebudd på å samhandla” . Eg trur det er viktig for ein lærar å vita noko om ulike modnings- og utviklingsstadier. Kva kan me venta oss av barn på dei ulike alderstrinna? Men sjølv om me som menneske etter kvart kanskje når stadiet MODENHET, så trur eg likevel ikkje me sluttar å utvikla oss som personar.


Imsen skriv at sjølvet er bærebjelken i vårt indre, det fundamentet me står på. Ho skriv og at sjølvet kan delast inn i to, eit handlande, ubevisst eg, og eit observerande, bevisst meg. EG er det ubeviste, og blir eit minne, MEG er det beviste, den som handlar. Desse to samarbeidar, og det me ikkje tenkjer over at me gjer, ligg i grenselandet mellom.
Eg trur det er viktig å tenkja over at ein elev ikkje alltid har eit bevist forhold til seg sjølv. Men sjølvet hans/hennar blir i følgje Mead utvikla i samhandling med andre. Mead sin speglingsteori trur eg er svært utslagsgivande i eit menneske si utvikling. Kven er det som ikkje speglar seg i andre? Me samanliknar, lærer og lever – av, med og for kvarandre. Kva har dette å seia for sjølvbilete?

Mennesket har behov for å kunne tolke verda. Me ønskjer å forstå kvifor ting skjer. Me tolkar og finn årsaker til det me opplever. Det me opplever legg seg og som ei erfaring som me byggjer forventningane våre på. Er erfaringane gode er alt vel, men dersom eit barn har mange dårlege erfaringar, er det etterkvart kanskje ikkje så lett å venta noko godt ut av det som ligg føre heller. At ulike menneske tolkar dei same erfaringane ulikt, er og svært interessant å vita noko om. Her er det mykje spennande å lesa om i Attribusjonsteorien. Forsking viser at personar med såkalla høg sjølvoppfatning har større tendens til å forklara suksess ved indre årsaker enn dei med låg sjølvoppfatning. Det kan føra til at dei med låg sjølvoppfatning, har vanskar med å gå i gang med utfordrande oppgåver. For å oppretthalda mest mogeleg positiv sjølvoppfatning kan dette føra til at elevar utviklar eigne strategiar for å unngå å misslykkast. Det kan for eksempel vera å trekkja seg tilbake frå oppgåva som er gitt, eller å velja ei svært enkel, eller ei som er så vanskeleg at få ville greidd den. Å stadig unndra seg ansvar og plassera årsakene utanfor seg sjølv, gjer at sjølvoppfatninga ”går fri”, både på godt og vondt.

Svært interessant å vita dette. Ut av dette kan eg lesa at dersom me skal hjelpa eit barn med å byggja ei god sjølvoppfatning, er det svært viktig å hjelpa eit barn til å meistra. God meistring har og samanheng med at den indre motivasjonen blir vekt. Og indre motivasjon fører igjen til god meistring, som er med på å byggja eit positivt sjølvbilete. Det må vera den gode sirkel det!
Lykke til !

Gerd Elin:-)

2 kommentarer:

Grethe Myhre sa...

Her lærte eg mykje, og fekk repetert mykje! Så flott at det finst ein "god sirkel"! Så må me som lærarar (ein gong) finne ut korleis me fører elevane våre inn i den gode sirkel. Kjem stadig tilbake til Vygotsky "si" proksimale sone. På grensa av kva ein får til aleine og i lag med andre. Då må ein lærar kjenne elevane sine altså. Så er me kanskje ikkje heilt på "jordet" som tek ei allmennlærarutdanning?!?

Gerd Elin sa...

Takk for det, eg må sei at eg las mange bloggar før eg skreiv denne. Synes det du skreiv om sjølvtillit og sjølvkjensle i ditt innlegg var veldig godt forklart. Ikkje lett å sortera dei omgrepa:-)