fredag 25. april 2008

Refleksjonsnotat


Takk for no!

"Du kan ikkje læra eit menneske noko. Du kan berre hjelpa det til å oppdaga det i seg sjølv."(Galileo Galilei)

Nå nærmar det seg slutten av dette skuleåret. Eg må sei at eg var spent då eg starta i haust. Eg sa opp jobben, tok opp lån og satsa i relativt vaksen alder på at det no var lurt å ta av i neste vegkryss. Vegen er spennande og utsikten fin, men det har og vore både svingar og bratte bakkar undervegs. Når dei hardaste stigningane kjem, prøver eg å sjå føre meg målet ein plass langt der framme.
Det er interessant å læra. Det som har vore særs spennande er at eg i pedagogikkfaget lærer så mykje som eg kan sjå mi eiga læring og elevars læring i lys av.
Diverse gruppearbeidet som eg har vore ein del av og praksis eg har hatt ute i skulen, har for meg vore utviklande. Eg ser at eg ikkje var ein ”typisk elev” då eg var barn. Det er svært nyttig å vita, når det er eg som skal til å formidla kunnskap. For me må ha kunnskap om elevgruppa og ikkje ta for gitt at elevane lærer på same måte som me sjølv gjorde då me var på deira alder. MI-teorien og Vakt-prinsippet til Lena Bogstrøm har vore svært viktige for meg å få kjennskap til. Ein lærar må vita at ingen elevar er like, og at dei har ulike læringsstilar. Det er og viktig å læra om metodevariasjon, og eg kunne tenkt meg å lært meir om tilpassa opplæring, som vil vera nyttig i denne samanhengen. MAKVISE-prinsippet i tillegg til ”diamanten” vil vera ei rettesnor for meg i planleggingsarbeidet, som eg trur er over halve jobben til ein lærar. God planlegging vil kanskje og vera det som skal til for i neste omgang kunne vera med å vekkja den indre motivasjonen hos elevane. Som lærar ønskjer eg å vera ei hjelp for eit barn til å oppdaga kunnskapen, eller eit støttande stilas, som Jerome Bruner ville kalla det.

I pedagogikkundervisinga dette året har me fått ein smakebit av mange ulike undervisningsmetodar. Eg har opplevd at variasjonen har vore med å motivera meg vidare i læringsprosessen min. Samarbeid i praksisgruppa mi om oppgåver som skulle skrivast, og presenterast, har og vore med på å driva læringsprosessen vidare. Å få rettleiing og vurdering undervegs har vore svært nyttig, og eg synest alle lærarane har vore flinkt til å gi konstruktive tilbakemeldingar. Desse eksempla kjem eg til å ta med meg inn i mi lærargjerning.
Vidare må eg sei at blogginga er den metoden som har passa meg best. Då har eg fått drive på med individuelt arbeid som eg likar svært godt, men eg har fått gjort det i eit ”sosialt rom”. Heilt frå starten fekk me vita at me skulle vera kritiske venner til våre medstudentar i bloggen. Eg trur kanskje ikkje heilt me skjøna kva denne rolla gjekk ut på før me no nærmar oss slutten av året. Eg har prøvd å følgja opp oppgåva mi som kritisk venn, men eg var usikker på det å gå inn i andre bloggar å sei kva som var bra og kva som ikkje var så bra. No skjønar eg at rolla mi ikkje var å vurdera, men å hjelpa venen min vidare. Eg kunne spurt meir spørsmål, som kva meiner du med…?, synest du…?, kva gjorde du då…? Men gjort er gjort, kanskje me får fleire sjansar.


Då me arbeidde med dei ulike pedagogiske læringsteoriane i haust, var det for tidleg for meg å skriva noko om eit pedagogisk grunnsyn. Dette er no i ferd med å forma seg, etter den prosessen me har vore gjennom dette året. I denne utviklinga har både pensumstoff, førelesingar, oppgåveskriving og ikkje minst blogging vore viktige hjelpemidlar for meg, for å få på plass teorien i pedagogikkfaget. Det er nett som når du lagar ein gjærdeig. Den må eltast lenge om den skal bli smidig og god, og heva skikkeleg. Slik er det og med dette faget. Det må lesast, grunnast på, skrivast og diskuterast, gjerne i fleire omgangar, for at pedagogikken skal etablera seg og veksa i ein. For skal me bli lærarar, er pedagogikk mykje viktigare enn kva eg har tenkt på tidlegare.
Det har vore interessant å sjå innhald i, og samanheng mellom dei ulike pedagogiske paradigma. Interessant å sjå korleis den eine tradisjonen har bygd på den førre. Eg meiner at sjølv om me ser mykje positivt med den sosiokulturelle teorien som har råda grunnen dei seinare år, så går det ikkje an å trykkja denne teorien til brystet utan å sjå den i samanheng med dei føregåande. Menneskesynet i Behaviorismen er fint. Alle kan læra. Gulrotprinsippet kan og vera med på vekkja motivasjon for vidare læring. Det har me sjølv sett i løpet av året. Lit lys, avslappande musikk, frukt og frokost. Det er ikkje alltid så mykje som skal til. Men dersom me berre baserer læringssynet vårt på den behavioristiske eller kognitivistiske tradisjonen, så mister me det sosiokulturelle perspektivet. For som Vygotsky meiner, så skjer læring i ein kontekst og gjerne i ein sosial samanheng.
I pedagogikkfaget har me lært om kva teoretikarar og teoriar som har hatt gjennomslag opp gjennom åra. Eg har lagt inn denne lærdomen i forståinga mi. Eg må i tillegg ta med meg den eg er, det synet eg har på livet, og dei haldningane og det verdisynet eg alt har etabler, inn i mitt pedagogiske grunnsyn. I tillegg til at eg har fått på plass ein del teori, og i store trekk ser kva som kjenneteiknar dei ulike teoritradisjonane, så har eg fått vore ute i praksis og observert elevane. Dette har vore svært nyttig. For sjølv om eg visste det frå før, så fekk eg stadfesta det nok ein gong; elevar er ulike, og lærer på ulik måte. Nokre av desse observasjonane og inntrykka tok eg med meg i oppgåva Mattematikk og pedagogikk, som truleg er det arbeidet i løpet av året som har vore med på å forma meg mest. Det eg lærte i prosessen med denne oppgåva, kunne eg etter kvart setja inn i ein teoretisk og pedagogisk samanheng, noko eg ikkje har kunna før, då eg har arbeidd som lærar.

Eg håpar på å koma ut som ein god lærar i andre enden av studiet. Håpet er at elevane skal oppleva god meistring. Eg ønskjer å kunne vera i god dialog med barna og eg vil gjera mitt for å ”sjå” den einskilde. Eg trur det er viktig å kunne noko om tilpassa opplæring. I tillegg er det viktig å vera oppdatert på det spesialpedagogiske området. Det er så mykje meir eg ønskjer å læra, og på ein måte er det fint at eg ikkje er ferdig utdanna enno, sjølv om eg ønskjer å bli det så snart som mogeleg. Men eg har vel åra føre meg eg og, sjølv om eg kunne vore mora til dei fleste av mine medstudentar.
Eg vil takka alle medstudentar og lærarar for at de har vore med på å gjera dette året så interessant, spennande og nyskapande. Det skal bli godt å bli ferdig med eksamensmånaden Ein herleg sommar ventar. Men eg trur at når august er i anmarsj, så ser eg fram til eit nytt år på HSH.

Til slutt vil eg ta med eit sitat frå Bjørndal og Leiberg, som står bak den såkalla diamanten. For eg trur at kommunikasjonen mellom lærar og elev er alfa og omega for all pedagogiske verksemd, og det er pedagogisk verksemd me ønskjer å vera med å driva.

"Et skapende og dynamisk samspill mellom lærere og elever anser vi således for å være et av de viktigste kriterier for god undervisning" (Bjørndal og Lieberg 1978:22)

Gerd Elin :-)

4 kommentarer:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Hei, Gerd Elin...
Eit veldig bra refleksjonsnotat dette, som viser alle aspekt av læringsprosessen du har vore i gjennom dette året. Det har vore ei gleda for meg å bli betre kjend med deg!

Birgit :-)

Anonym sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Ane Kesia sa...

Hei Hei

Nå er det berre innspurten igjen, og nyttar høve å ynskje deg lykke til i innspurten fram mot eksamen. Takk for godt lag og samarbeid både i og utanfor praksisgruppa, og ser fram til vidare fighter.
Kesia:-)

Gerd Elin sa...

Litt tidleg å sei takk for i år, fleire oppgåver ventar oss på Stord, men me må seia oss god nøgde så langt:-) Knallkjekt at me som ikkje bur så langt frå kvarandre har funne så godt arbeids- og kjørelag. Stå på vidare!
Gerd Elin:-)