lørdag 5. april 2008

Erfaringar frå observasjonspraksis - i perspektiv

Nå er praksisvekene våre dette skuleåret over. Eg sette meg ned og las litt frå dei notata eg har skrive etter kvar praksisperiode. Etter observasjonspraksis, som eg og skreiv noko frå i starten av oktober, har eg lagt inn eit notat på 4 tettskrivne sider i praksismappa mi. Sjølv om eg har arbeidd i skulen før, så var særskild denne første veka gangske overveldane. Dei to praksislærarane våre som har ein 5.klasse kvar, førte oss gjennom ei veke med variert program. Me starta veka med ein ganske hektisk gymtime og eg hugsar at eg på veg heim den dagen diskuterte både med meg sjølv og med pendlarvennen min om det var dette eg eigentleg ville.
Me skulle observer elevane. Dei ulike "typane" merka seg fort ut. Heilt frå dei svært stille, til dei som helst skulle hatt heile merksemda åleine. Me fekk sjå dei i samarbeidssituasjonar og når dei arbeidde kvar for seg, og me undra oss og over plasseringa av einskilde. Nokon sat på gruppe medan andre sat aleine, vendt vekk frå klassen. Etter kvart som me vart betre kjent med elevane i klassane, såg me at det låg ei meining bak dei ulike vala. Me undra oss og over kor mykje tid som gjekk med til å ordna opp i konfliktar, og kor lite einskilde fekk gjort. Der og då tenkte eg litt fortvila: "Eg vil jo læra mine framtidige elevar noko, ikkje berre styra med det sosiale!" Men kva er det å læra? Eit barn skal ikkje bare læra norsk, matematikk, naturfag og historie. Skulen har oppdragaransvar som og inneber å sjå heile mennesket. Det sosialpedagogiske aspektet er jo både viktig og kjempeinteressant. Eg må likevel seia det det skulle fleire praksisveker til før eg kjende at "dette er meg". Først når me vart godt kjent med elevane, og når eg fekk ansvar for undervisninga, begynnte eg å kjenna at dette kan eg kanskje tenkja meg å gjera - for pengar.
Siste timen me var med på i veke 38, var klassens time. Denne førte eg logg frå. Dette er observasjon av læring i ein klasse, der innhaldet kanskje og kunne vore lagt til etikkundervisnina i KRL. Eg tenkjer på dette som ein viktig time, og trur ein må ha rom til å ta slike timar etterkvart som det er naudsynt i ein klasse. Eg legg ved loggen, og rekfleksjon eg gjorde etter timen i bloggen min. Alle elevane er anonymiserte.

Klassens time fredag 20.9.07
I klassens time tek elevane opp ting som vedkjem både det sosiale i klassen og anna praktiske som bør tas opp i plenum. Denne dagen skulle dei snakka om gode og dårlege måtar å bestemma på. Etter at elevane hadde organisert stolar i ein ring, var elevane raskt ute me ting dei måtte sei. Ei hadde blitt kalla for tjukk (ingen elevar i klassen var tjukke)i friminuttet og ei anna hadde fått kommentar om at ho gjekk som ein gut (eg hadde ikkje observert nokon såkalla guttejente i klasse). Det var snart fleire som var frampå og ein kunne melda om ein klassekamerat som hadde sykla der det ikkje var lov.
Lærar ser til at elevane rekkjer opp handa og får snakka etter tur. Ho må stoppa desse beskjedane som etter kvart går i retning av å sladra på kvarandre og går over til dagens tema.
Ho ber alle om å tenkja over om det er nokon som bestemmer meir i klassen enn andre. Ho ber dei vidare om å tenkja over korleis det er bra å bestemma og kva som er dumt.
Det kom mange forslag på korleis ein ikkje burde bestemma:



L:Det er dumt viss dei sjefete typane får bestemma sjølv om dei er i mindretal.
R: Viss andre ikkje får lov å bli med å leika er det dumt.
I: Viss for eksempel tre stykk leikar kjekt er det dumt når ein prøver å få dei til å leika noko anna.
A: Eg hate når eg blir utestengt.
A: Det er dumt når gutane byggjer hytte og jentene ikkje får vera med.
M: Det er lurt å sei at me kan gjera det du vil først og så det eg vil etterpå.
Lærar: Kva er lurt å gjera dersom nokon styrer dumt?
R: Kanskje det er best å halda seg vekke?
A fortel om ein gong det gjekk galt når han hadde starta eit hytteprosjekt og nokre andre kom å overtok det han hadde sett i gang.
H: Det er bare å sei det høgt og tydeleg at nå er det nok. Me må tørr å sei i frå.
R: Eg sa at du må ikkje ver sånn, for då er det ingen som vil vera venner med deg.


Refleksjon:
Timen gjekk raskt og elevane var engasjerte. Dette var eit tema som tydeleg vedkom elevane. Lærar var diskusjonsleiar og mange elevar hadde mykje på hjarta. Eg tenkte det var ein flott måte å ta opp både vanskelege tema og klassemiljø på. At denne timen var lagt til slutten av veka var og fint, for då kunne ein reinske opp eventuelle dumme episodar før helga.
Å sitja i ring på stolar med sving var ei utfordring. Einskilde elevar greidde ikkje å sitja i ro. Det var og ei svært god trening i å måtte venta på tur. Lærar gjorde ein kjempejobb med å la elevane med dei seriøse innlegga koma til i tur og orden, samstundes som andre innlegg måtte lukast ut og elevar måtte korrigerast.

Jo, dette kan eg nok tenkja meg å vera med på:-)

Gerd Elin

1 kommentar:

Anonym sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.