onsdag 9. april 2008

Sjølvbilete og attribusjonsteori

I samband med innleveringsoppgåva om Mons har me fått ei ekstra utfordring i å setja oss inn i dette med utvikling av sjølvbilete og kva mellom anna attribusjonsteorien seier om den einskilde si utvikling.

Eit lite barn blir født med så mykje i seg som kjem til å vera retningsgjevande for kva person barnet kjem til å bli. Eg har lært at det første leveåret greier ikkje barnet å skilje mellom seg sjølv og mora som personar. Sett frå barnet si side er dei ein identitet. Etter kvart utviklar barnet sin eigen identitet, men dette tar lang tid. Eg har lest at identiteten er utvikla når eit menneske er 22 år.(sikkert ulike meiningar om det). Men korleis blir denne identiteten utvikla? Sidan skulen skal støtta opp under ein elev si allsidige utvikling, er det viktig at me veit noko om korleis både fysisk, sosial og kognitiv utvikling skjer.
Eriksen sin stadieteori er interessante å ta med seg. ”Utviklinga er bestemt på førehand ut frå at eit menneske er førebudd på å samhandla” . Eg trur det er viktig for ein lærar å vita noko om ulike modnings- og utviklingsstadier. Kva kan me venta oss av barn på dei ulike alderstrinna? Men sjølv om me som menneske etter kvart kanskje når stadiet MODENHET, så trur eg likevel ikkje me sluttar å utvikla oss som personar.


Imsen skriv at sjølvet er bærebjelken i vårt indre, det fundamentet me står på. Ho skriv og at sjølvet kan delast inn i to, eit handlande, ubevisst eg, og eit observerande, bevisst meg. EG er det ubeviste, og blir eit minne, MEG er det beviste, den som handlar. Desse to samarbeidar, og det me ikkje tenkjer over at me gjer, ligg i grenselandet mellom.
Eg trur det er viktig å tenkja over at ein elev ikkje alltid har eit bevist forhold til seg sjølv. Men sjølvet hans/hennar blir i følgje Mead utvikla i samhandling med andre. Mead sin speglingsteori trur eg er svært utslagsgivande i eit menneske si utvikling. Kven er det som ikkje speglar seg i andre? Me samanliknar, lærer og lever – av, med og for kvarandre. Kva har dette å seia for sjølvbilete?

Mennesket har behov for å kunne tolke verda. Me ønskjer å forstå kvifor ting skjer. Me tolkar og finn årsaker til det me opplever. Det me opplever legg seg og som ei erfaring som me byggjer forventningane våre på. Er erfaringane gode er alt vel, men dersom eit barn har mange dårlege erfaringar, er det etterkvart kanskje ikkje så lett å venta noko godt ut av det som ligg føre heller. At ulike menneske tolkar dei same erfaringane ulikt, er og svært interessant å vita noko om. Her er det mykje spennande å lesa om i Attribusjonsteorien. Forsking viser at personar med såkalla høg sjølvoppfatning har større tendens til å forklara suksess ved indre årsaker enn dei med låg sjølvoppfatning. Det kan føra til at dei med låg sjølvoppfatning, har vanskar med å gå i gang med utfordrande oppgåver. For å oppretthalda mest mogeleg positiv sjølvoppfatning kan dette føra til at elevar utviklar eigne strategiar for å unngå å misslykkast. Det kan for eksempel vera å trekkja seg tilbake frå oppgåva som er gitt, eller å velja ei svært enkel, eller ei som er så vanskeleg at få ville greidd den. Å stadig unndra seg ansvar og plassera årsakene utanfor seg sjølv, gjer at sjølvoppfatninga ”går fri”, både på godt og vondt.

Svært interessant å vita dette. Ut av dette kan eg lesa at dersom me skal hjelpa eit barn med å byggja ei god sjølvoppfatning, er det svært viktig å hjelpa eit barn til å meistra. God meistring har og samanheng med at den indre motivasjonen blir vekt. Og indre motivasjon fører igjen til god meistring, som er med på å byggja eit positivt sjølvbilete. Det må vera den gode sirkel det!
Lykke til !

Gerd Elin:-)

Yrkesetikk

Det er kjempeviktig for oss som skal bli lærarar å ha eit bevist forhold til yrkesetikken. Eg var ikkje på seminare fordi eg har vore gjennom dette før då eg studert KRL. Men eg har lese ein del av bloggane til dei andre studentane. Det har vore ei god oppfrisking av emnet. Fleire har lagt ut dei 10 boda som gruppene laga for læraren. De har sett opp bod om kva ansvar ein lærar har i høve til elevane sine, i høve til kollegaer, arbeidsgivar og foreldre. Me kjem til å få eit ansvar i høve til alle desse gruppene og det er viktig at me er oppdaterte på lovar og reglar og har ei bevist omsorgs- og ansvarskjensle i botn. Det etiske perspektivet er viktig å ta med, og det kan og bli spennande å ta med seg etikklærdomen inn i elevane sin skulekvardag og kanskje spesielt i KRL-undervisninga. Dette har eg og skrive noko om i innlegget om observasjonspraksis.

Gerd Elin:-)

mandag 7. april 2008

Viktig med vurdering

I pedagogikktimane i dag gjekk me gjennom dette med vurdering i skulen.
Då eg var ferdig med vidaregåande skule, gjekk eg rett ut i arbeidslivet. Eg fekk meg jobb i Statoil og var relativt godt sikra økonomisk. Det følgde ei stor fridomskjensle med å vera økonomisk sjølvstendig. Men eg hugsar eg sakna tilbakemeldingane som me heile tida fekk på skulen. Nå er eg tilbake igjen og får vurdering, men eg skal og læra å gi vurdering. Dette med kritisk venn i bloggen har for eksempel ikkje vore heilt lett. Men den attendemeldinga me har fått/får i samaband med bloggen både av medstudentar og lærarar er jo svært lærerik. Fint at me nå lærer litt meir om dette, og interessant å sjå at det faktisk har noko å seia for læringsutbyttet til elevane. Konstruktiv vurdering gir betre resultat. Åshild sa og i dag at elevane likar å bli vurderte.
Svært greitt å få det vedlegget om forskriftsendring i Opplæringlova, når det gjeld vurdering, med meir. At vurderingane skal vera konstruktive ved å sei kva som er bra, og kva som det kan arbeidast meir med, er bra. At tilbakemeldingane skal vera personlege er bra, men best er det at dei skal vera positive. Eg har lest i ei bok som heiter Klasseromsledelse som seier at ved å gi elevane ros som beskriv det dei har gjort, kan læraren og vekkja elevens indre motivasjon. Dette er fordi beskrivande ros kan ikkje motseiast, for det stadfestar faktiske hendingar. Når vurderingane er konstruktive er dei faktisk og med på å byggja opp ein elevs sjølvbilete, og eleven vil etterkvart blir meir uavhengig av at læraren roser, og kan motivera seg sjølv til vidare læring, fordi han er indre motivert. (Holth 2005)

I boka til Helle står det og:
Tilbakemeldinga må vera spontan
Tilbakemeldinga må vera ekte
Tilbakemeldinga må vera konkret og grunngjeven
Tilbakemeldinga må ta utgangspunkt i tidlegare prestasjonar
Tilbakemeldina skal signalisera at liknande meistring kan ventast i framtida.
Tilbakemeldinga må vera meir oppteken av det eleven meistrar enn motsett.

Det er vel og viktig å ta med seg at tilbakemeldinga og rettleiing kan vera både munnleg og skriftleg. Konstruktive vurderingar kan og gi elevane auka motivasjon.
At me som framtidige lærarar og må ha kompetanse i å vurdera, er viktig. Det er faktisk ein føresetnad for å kunne driva tilpassa opplæring. Når elevane får konstruktive vurderingar og blir gjort beviste på sine læringsmål, vil dette og gi elevane auka fagleg kompetanse. Eg lærte mykje i dag, og den oppgåva der me skulle gi ei vurdering på ein elevtekst var interessant. Eg likte så godt det eventyret ho jenta hadde skrive. Ho meistra så godt å bruka det ho tidlegare hadde lært, og gjera det til noko nytt, sitt eige eventyr. Slike praktiske øvingar håpar eg me får prøva oss meir på i alle fag neste år, for eg blir stadig overraska over kor mykje det kan ha å seia for ein elev kva slag lærarar me blir. Desse åra på lærarskulen trur eg kan vera med på å forma oss til å bli gode lærarar.

For som ordtaket seier
Kunnskap er ei lett bør å bæra
både for lærar og elev.

Gerd Elin:-)

lørdag 5. april 2008

Erfaringar frå observasjonspraksis - i perspektiv

Nå er praksisvekene våre dette skuleåret over. Eg sette meg ned og las litt frå dei notata eg har skrive etter kvar praksisperiode. Etter observasjonspraksis, som eg og skreiv noko frå i starten av oktober, har eg lagt inn eit notat på 4 tettskrivne sider i praksismappa mi. Sjølv om eg har arbeidd i skulen før, så var særskild denne første veka gangske overveldane. Dei to praksislærarane våre som har ein 5.klasse kvar, førte oss gjennom ei veke med variert program. Me starta veka med ein ganske hektisk gymtime og eg hugsar at eg på veg heim den dagen diskuterte både med meg sjølv og med pendlarvennen min om det var dette eg eigentleg ville.
Me skulle observer elevane. Dei ulike "typane" merka seg fort ut. Heilt frå dei svært stille, til dei som helst skulle hatt heile merksemda åleine. Me fekk sjå dei i samarbeidssituasjonar og når dei arbeidde kvar for seg, og me undra oss og over plasseringa av einskilde. Nokon sat på gruppe medan andre sat aleine, vendt vekk frå klassen. Etter kvart som me vart betre kjent med elevane i klassane, såg me at det låg ei meining bak dei ulike vala. Me undra oss og over kor mykje tid som gjekk med til å ordna opp i konfliktar, og kor lite einskilde fekk gjort. Der og då tenkte eg litt fortvila: "Eg vil jo læra mine framtidige elevar noko, ikkje berre styra med det sosiale!" Men kva er det å læra? Eit barn skal ikkje bare læra norsk, matematikk, naturfag og historie. Skulen har oppdragaransvar som og inneber å sjå heile mennesket. Det sosialpedagogiske aspektet er jo både viktig og kjempeinteressant. Eg må likevel seia det det skulle fleire praksisveker til før eg kjende at "dette er meg". Først når me vart godt kjent med elevane, og når eg fekk ansvar for undervisninga, begynnte eg å kjenna at dette kan eg kanskje tenkja meg å gjera - for pengar.
Siste timen me var med på i veke 38, var klassens time. Denne førte eg logg frå. Dette er observasjon av læring i ein klasse, der innhaldet kanskje og kunne vore lagt til etikkundervisnina i KRL. Eg tenkjer på dette som ein viktig time, og trur ein må ha rom til å ta slike timar etterkvart som det er naudsynt i ein klasse. Eg legg ved loggen, og rekfleksjon eg gjorde etter timen i bloggen min. Alle elevane er anonymiserte.

Klassens time fredag 20.9.07
I klassens time tek elevane opp ting som vedkjem både det sosiale i klassen og anna praktiske som bør tas opp i plenum. Denne dagen skulle dei snakka om gode og dårlege måtar å bestemma på. Etter at elevane hadde organisert stolar i ein ring, var elevane raskt ute me ting dei måtte sei. Ei hadde blitt kalla for tjukk (ingen elevar i klassen var tjukke)i friminuttet og ei anna hadde fått kommentar om at ho gjekk som ein gut (eg hadde ikkje observert nokon såkalla guttejente i klasse). Det var snart fleire som var frampå og ein kunne melda om ein klassekamerat som hadde sykla der det ikkje var lov.
Lærar ser til at elevane rekkjer opp handa og får snakka etter tur. Ho må stoppa desse beskjedane som etter kvart går i retning av å sladra på kvarandre og går over til dagens tema.
Ho ber alle om å tenkja over om det er nokon som bestemmer meir i klassen enn andre. Ho ber dei vidare om å tenkja over korleis det er bra å bestemma og kva som er dumt.
Det kom mange forslag på korleis ein ikkje burde bestemma:



L:Det er dumt viss dei sjefete typane får bestemma sjølv om dei er i mindretal.
R: Viss andre ikkje får lov å bli med å leika er det dumt.
I: Viss for eksempel tre stykk leikar kjekt er det dumt når ein prøver å få dei til å leika noko anna.
A: Eg hate når eg blir utestengt.
A: Det er dumt når gutane byggjer hytte og jentene ikkje får vera med.
M: Det er lurt å sei at me kan gjera det du vil først og så det eg vil etterpå.
Lærar: Kva er lurt å gjera dersom nokon styrer dumt?
R: Kanskje det er best å halda seg vekke?
A fortel om ein gong det gjekk galt når han hadde starta eit hytteprosjekt og nokre andre kom å overtok det han hadde sett i gang.
H: Det er bare å sei det høgt og tydeleg at nå er det nok. Me må tørr å sei i frå.
R: Eg sa at du må ikkje ver sånn, for då er det ingen som vil vera venner med deg.


Refleksjon:
Timen gjekk raskt og elevane var engasjerte. Dette var eit tema som tydeleg vedkom elevane. Lærar var diskusjonsleiar og mange elevar hadde mykje på hjarta. Eg tenkte det var ein flott måte å ta opp både vanskelege tema og klassemiljø på. At denne timen var lagt til slutten av veka var og fint, for då kunne ein reinske opp eventuelle dumme episodar før helga.
Å sitja i ring på stolar med sving var ei utfordring. Einskilde elevar greidde ikkje å sitja i ro. Det var og ei svært god trening i å måtte venta på tur. Lærar gjorde ein kjempejobb med å la elevane med dei seriøse innlegga koma til i tur og orden, samstundes som andre innlegg måtte lukast ut og elevar måtte korrigerast.

Jo, dette kan eg nok tenkja meg å vera med på:-)

Gerd Elin

fredag 4. april 2008

Vår

No når våren er i anmarsj ligg eg her og har influensa. Men eg synes ikkje synd på meg sjølv, for det er ikkje verre med meg enn at eg er på nett og ser på bilder av våren. Eg kan sjølvsagt ikkje lukta våren ved å sjå på eit nydeleg bilete, men eg har ikkje luktesans likevel akuratt nå, så då så...Når det er sagt, så vil eg berre få ønskja alle ei god helg med eit fint bilete og eit bitte lite vårdikt av Arnulf Øverland.



Det glitrer av sol i den bratte grend,
det dufter av mark og eng.
Hvor skulle vel våren ellers hen?
Vi venter jo på den så lenge.
Jeg elsker den vår som du knapt kan se,
en blomst som sprang ut av den kolde sne!

torsdag 3. april 2008

Tilpassa opplæring

I Opplæingslova § 1 og 2 står det at opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadane hjå den einskilde elev, lærling og lærekandidat. (KD 1998) I den generelle delen av læreplanen står det at opplæringa skal møta barn, unge og vaksne på deira eigne vilkår og samtidig føra dei inn i grenselandet der dei kan læra nytt ved å opne sinn og prøve evner (KUF 1994:11) Undervisninga må tilpassast ikkje berre fag og stoff, men også alderstrinn og utviklingsnivå til den einskilde eleven og den samansette klassen (KUF 1994:19) Dette står i to av styringsdokumenta me har for undervisning i skulen. Flotte ord! Viktige er dei og. Temaet "tilpassa opplæring" er interessant og utfordrande. Eg tenkjer at det er kjempeviktig at me har ulike styringsdokument, som mellom anna seier noko om eleven sine rettar til opplæring. Eg er og glad for at eg har hatt praksisperiodane, der me har observert og har hatt gode samtalar med praksislærarane om kvardagen i skulen. På denne måten blir det me lærar og det som ventar oss etter utdanning ballansert, for desverre blir mange av dei gode orda meir rettleiande enn styrande. Åshild poengterte i undervisninga på måndag dette med kva som er styrande dokument, og kva det vil seia at dei er det. Eg ønskjer å setja meg høge mål når eg blir lærar. Eg ønskjer å ta styringsdokumenta på alvor. Men eg ser og at det er mange faktorar som spelar inn, og at det ikkje nyttar å vera superidealsitisk - (men litt idealistisk går vel an). Tilpassa opplæring ønskjer eg å læra meir om. Eg kunne tenkt meg å tatt den halvårseininga som skal setjast i gang på HSH. Eg trur det er utruleg viktig å kunne tilpassa undervisninga til den einskilde elev. Det som eg og oppdaga når eg las frå den generelle delen av læreplanen, var at undervisninga ikkje berre skulle tilpassast dei einskilde elev, men og den samansette klassen, eller gruppa som det no heiter. Dette gav meg eit nytt perspektiv på saka. Ein må faktisk også sjå kva som er mogeleg i den samansette gruppa, og prøva å dra dei fordelar ein kan ut av dette i høve til den einskilde elev. Det kan og vera at samansetjinga i gruppa avgrensar kva som er mogeleg.

MI-opplegg

Me fekk og ei utfording på måndag. Me skulle laga ei skisse til eit undervisningsopplegg der me tenkte tilpassa opplæring. Me fekk velja gruppe sjølv, og ikkje heilt uventa så valde me å gå saman i praksisgruppa. Me syntes denne oppgåva var spennande. Me valde å tenkja på Howard Gardners ulike læringsstilar, som dei på Skåredalen skole kallar for: sjølvklok, menneskeklok, talklok, ordklok, musikklok, kroppsklok, bildeklok og naturklok. Me kunne tenkja oss å laga eit undervisnigsopplegg i mattematikk som me skulle gjennomføra ved semesterstart om hausten. Opplegget skulle gå ut på å samla inn og presentera data. I løpet av matematikk-timane over ein periode på opp mot 14 dagar, skulle elevane telja og kartleggja markblomar på eit naturområde. Dei skulle få teikna blomane og laga diagram. Dei skulle få rekna mattematikkoppgåver i dette temaet, med roleg musikk i bakgrunnen, dei skulle få arbeida individuelt og i grupper. Målet var at gjennom mange varierte oppgåver over same emne, så ville læraren bli betre kjent med elevane i tillegg til at han kunne gjera seg opp nokre tankar om kva læringsstilar dei ulike elevane har, og kva områder elevane kan utvikla seg på. Ved å planleggja denne skissa litt meir i detalj, kan eg tenkja meg å bruka opplegget ein gong om eg får sjansen.

Mattematikk og tilpassa opplæring
Geir Botten skriv og i boka Meningsfylt matematikk at den beste matematikkundervisninga får ein når ein varierer mellom ulike undervisningsmedodar. Botten skriv og at den måten dei fleste lærarane praktiserer differensieringsproblemet på, er ved å la elevane arbeida individuelt på sitt nivå. Dette meiner han ofte fører til dårleg klassemiljø og usunn konkurranse mellom elevane. I kapittel 5 og 6 i same boka viser han fleire eksempel på arbeidsmåtar der det er naturleg å differensiera. Elevane arbeider med same stoff, men på ulikt nivå. Han viser og alternative måtar ein kan organisera tilpassa undervisning samstundes som ein tek vare på fellesskapen i gruppa. Dette var dagens matematikk-reklame. Håpar berre at me, studentane på HSH, tek oss tid til å tenkja litt kreativt, når det ein gong er oss som står der og skal leia ei gruppa/ein klasse.
Gerd Elin:-)

tirsdag 18. mars 2008

Tre veker i praksis

Når eg nå skulle vera på Skåredalen i tre veker, håpte eg å finna ut meir om mi rolle som lærar. Når eg planla timane ville eg først og fremst tenkja gjennom kva bokstavane MAKVIS står for i pedagogisk samanheng (motivasjon, aktivisering, konkretisering, variasjon, individualisering og samarbeid), og styra etter dette prinsippet. Eg ønskte å sjå om eg kunne ha noko seia både for elevanes faglege og sosiale utvikling – ambisiøse mål – men likevel, dersom eg ikkje fekk eit glimt av at læraryrket er framtida for meg, så ville det bli vanskelegare for meg sjølv å motivera for vidare studiar.
Saman med praksisgruppa mi og praksislærarane la me opp til eit variert undervisningsopplegg med base i timeplanen. Ikkje så ambisiøst som i haust, men likevel meir realistisk. Me inkluderte tverrfaglege opplegg, arbeidsplan, IKT, gruppearbeid, individuelt arbeid, og heile tida prøvde me å tenkja korleis me kunne konkretisera det me underviste.
Heile tida gjorde me observasjonar på korleis dei ulike elevane fann seg til rette med dei ulike undervisingsmetodane. Det var svært kjekt å sjå korleis elevar som har sin styrke i ulike intelligensar, fekk vist ekstra kva dei kunne og likte, alt etter kva fag me hadde.
Me var tidleg ute og fekk bestilt IKT-rommet, slik at undervisinga me hadde og vart kopla til IKT-opplæring. Dette galdt særleg faga mattematikk, norsk og samfunnsfag. Me kjørte først eit tekstbehandlingskurs for dei. Sidan fekk dei bruka IKT i eit arbeidsprogram som strakk seg over fleire økter.
Me hadde og eit eige opplegg i Mat og helse, der elevane fekk baka bollar. I desse øktene var det særskild interessant å observera korleis elevane fekk til å arbeida saman, og om dei hadde forstått beskjedane dei fekk. Det vart svært gode gule påskebollar, og på dei fleste gruppene gjekk samarbeidet knirkefritt.
No når me kjenner elevane betre, er det og interessant å kunne observera korleis tilhøve heime hos dei einskilde elev, ulike evner, og kjønn har å seia for kva eleven greier å utretta på skulen i løpet av ein dag. Fleire av elevane i dei to femteklassane har problem på heimebane. Hos ein del fekk dette utslag i konsentrasjonsproblem. Nokre hjelpte det å trøysta, medan andre tok det ut i aggresjon, liten vilje til å samarbeida og lita tru på eigne evner.
Det er vanskeleg, men svært utfordrande og interessant å prøva å ha fokus på den einskilde elev. Eg synes og det er litt frustrerande å sjå at eg ikkje greier å ha fokus på alle. Når eg ein gong får min eigen klasse, trur eg det er viktig at eg lagar meg eit system slik at eg greier å observera alle og gi alle noko, for eg ser kor lett det er at nokre tek alt. Eg må innrømma at mitt fokus har vore større på gutane enn jentene, iallfall i den eine klasse.
Det var og interessant å sjå korleis elevane hadde det i friminutta. Dette var ein kjærkomen sjanse til å få betre kontakt med elevane på det sosiale nivået, som eg meiner kom meg til gode i undervisningssituasjonen. Eg synes eg fekk opparbeidd eit tillitsforhold til elevane. Eg opplevde fleire gonger å måtte trøysta elevar som vart ”skadde” i leik, og måtte og irettesetja elevar som var for hardhendte med medelevar.
Eg ser og kor viktig det er å skryta masse av elevane, og ha god kontakt med dei på det sosiale planet. Viktig å setja seg ned å prata litt innimellom. Eg tenkjer og at for all teori eg skal presentera, så vil eg prøva å finna ein praktisk måte å illustrera teorien på. Å bruka konkretiseringsmidlar er kjempeviktig.
Me har hatt MI-teorien i bakhovudet når me har undervist på Skåredalen, det er interessant med eit slikt fokus. Eg synes me har fått gitt alle elevane noko som har passa spesielt for dei, men når eg sjølv blir lærar håpar eg å få bruka musikken litt meir i høve til ulike fag.
Denne perioden på Skåredalen skule har vore god for meg. Eg trur eg har vore i kontakt med målet mitt om å prøva å vera ein god motivator. Eg har fått undervist mykje i mattematikk – og blitt tryggare på at eg faktisk kan undervisa i dette faget og. Det har og vore godt for meg å kjenna at eg no faktisk har lyst til å bli lærar i skulen, og eg kan godt tenkja meg å undervis på mellomtrinnet.

Gerd Elin