mandag 14. januar 2008

Trygg reise på verdsveven

Internett eller verdsveven som og er eitt av namna, er ein fantastisk reiskap. Eg kan bruka nettet på skulen og i arbeid. Eg kan lasta ned, skapa eigne produkt og lasta opp. Eg kan halda meg oppdater på kva som skjer i verda og eg kan bruka nettet til underhaldning. Eg kan og halda kontakt me venner og få kontakt med tidlegare studiekameratar. Eg har og venner i andre delar av verda som eg held kontakten med via internett. På Vestbredden kjenner eg nokre ungdomar som ikkje har høve til å reisa ut av landet sitt. Dette har både med økonomi og med grensekontrollen i landet å gjera. For desse er det viktig å vita at nokon der ute veit om dei og situasjonen deira. Desse ungdomanen har gjennom kyrkja i Etne fått kontakt med ungdomar i Etne, og dei "pratar" saman på MSN. Internett er ein fantastisk reiskap.
Men som i verda elles så fins det både godt og vondt på verdsveven og. Eg synes det er fint å sjå at så mange organisasjonar jobbar for å gjera internettbruken mest mogeleg trygg. Barnevakten har eg kjent til i mange år og eg veit dei gjer ein kjempegod jobb i høve til barn og medier. Det var flott at me vart gjort kjende med fleire slike organisasjonane i undervisningstimen til Birgit 7. januar. Gruppa mi har sett vidare på ein del av desse i samband med undervisningsopplegget me skal laga for 5. klasse om Nettvett. Saft og Dubestemmer er to av nettstadane me kjem til å henta hjelp frå. Skulen har mange oppgåver, men å hjepa elevane til å bli kritiske og selektive i høve til den store informasjonsstraumen som fins i dataverda, er viktig. Det er og viktig å læra dei korleis dei kan verna betre om seg sjølv når dei er på reis på internett. Det er og viktig å få til eit godt samarbeid med foreldra. Det er så lett å tenkja at barnet er trygt på barnerommet, utan å vite kva kontaktar barnet opprettar og kva spor det legg frå seg på nettet. Det er og viktig å læra dei korleis dei snakkar med kvarandre når dei chattar. Det er så lett å såra. Ord svart på kvitt kan vera ganske sterke.
I tillegg til farane som truar på nettet, er det og viktig å vera obs på dette med tidsbruk og passifisering.
Eg synes og det var svært interessant å lesa om Barn og unge i mediesamfunnet, i Imsens Elevens verden. Osloundersøkelsen frå 2002 sa mykje om barn og unges medievaner og eg syntes at det var interessant å lesa om kor gode innvandrerjenter blir i data. Dette eit apropos til at me ofte trur at det er gutane som blir flinkast i datafaget. Innvandrerejenter som ofte bruker meir tid i heimen, og dermed og meir tid føre PCen, viser at jenter og kan bli flinke i data.
---------------------------
Lagt til 15.04.2008
Når eg går gjennom forelesingane me hadde om barn og nye medier, så ser eg at eg ikkje har lagt så stor vekt i bloggen min på dette med fusk og fanteri i høve til dei "nye mediene". Det er så lett å tenkja at det ikkje går ut over nokon om ein "låner" litt musikk, "bruker" eit fint bilete, "lastar ned" ein film eller "kopierer" litt tekst. Alt dette er jo greitt om du har laga det sjølv, men svært mange "låner" litt for å spara tid og pengar. Det ville kosta pengar å skaffa seg dette på lovleg vis, pengar som opphavspersonen har rett på. Altså er dette ikkje eit lån, men tjuveri. Ein type tjuveri som dei fleste, trur eg, har vore borti. Hm... Platebransjen har merka dette, og arbeider stadig for å finne nye metodar for å selja, ikkje berre å bli lasta ned gratis.
Det er viktig å vera beviste på kva som er lov, og det var ein fin gjennomgang på dette i undervisninga 7. januar. Viktig å ta denne informasjonen med seg både som privatpersonar og lærarar. Det som var positivt nytt for meg, var at det faktisk er lov å kopiera ein kjøpt CD, for så å gi den til eit familiemedlem eller ein venn. Det var litt "koselig" synst eg.

Gerd Elin

2 kommentarer:

Cathrine sa...

Ja, kva skule me ha gjort uten internett? Korleis klarte folk seg f�r i tida uten MSN og Google? Det er fantastisk korleis systemet har utvikla seg. Ein har mange moglegheitar ved bruk av internett. Eg brukar internett mest til lesing av mail, nettaviser og s�king p� s�kesider, men mange brukar nettet mest til chatting. Det er flott at me skal setje fokus p� trygg nettbruk, og eg trur det er viktig at me forsetter � ha det fokuset n�r me kjem ut i jobb som l�rarar � skal jobbe med barn og media!

Cathrine

Gerd Elin sa...

Synes og det er viktig at me fokuserer på trygg nettbruk. Me ser og at det er vanskeleg å få til dette då det manglar både datamaskinar og tid og lærarar som er motiverte for å fokusera på dette. Dei har så mykje anna...