På tysdag var me på på Skåredalen skole og underviste om Nettvett. Me brukte og Internett i ei økt med geografi. Eg og Tove var saman og underviste i 5b. Me brukte songen til Trond Viggo Torgersen "Tenke sjæl" til gjennomgangssong. Målet var at tekst og musikk kunne vera med på å setja fokus på dette med å tenkja sjølv når ein "tastar". Vidare spurde me dei om kva Nettsider dei var mest inne på når dei sat for seg sjølv ved datamaskinen. Alle fekk nemna ei side, og me skreiv det opp på tavla. Eg synest at dette var eit grep som gjorde at me fekk kvar og ein med frå starten. Dei fleste sidene som vart nemnde var undehaldningssider.

Etterpå spurde me om dei visste kva ordet Nettvett betydde. Me snakka litt om dette og om kor viktig det var at dei bruktet vitet sitt og tenkte sjølv og når dei var på nett. Nokre få elevar svarte når me spurde om kva me burde passa på når me brukte datamaskinen eller mobiltelefonen. Det førte til at ei jente vart litt skremt, fordi ho hadde laga seg ei Pizco-side og lagt ut bilde av seg sjølv, men så hadde ho gløymt passordet. nå var ho redd for at bilete var på videvanke. Eg håper eg sa rett når eg sa at denne måten å laga heimesider på er ganske trygge, når ho ikkje har gitt passordet til nokon andre. Ein av gutane kommenterte sjølvsagt med at han viste om ei side der han kunne finna alle passorda... Når me hadde avdramatisert dette, gjekk me ned på datarommet. Me hadde førebudd at elevane skulle ta ein quiss på Saft sine internettsider. Me viste at maskinane på rommet var utan lyd, noko som gjorde quissen litt mindre effektfull. Men dei hadde øyreklokker i skapet, og elevane fekk lyd. Praksislæraren ordna det og slik at me fekk bruka datatavla til å visa kor elevane skulle gå inn osb.. Det var ein bonus for oss, for at det var datatavle på dette rommet viste me ikkje om. Det tok litt tid å kople tavla på nett, og elevane vart noko urolege, men det var likevel greitt at me fekk dette til, og veldig enkelt i bruk:-) Elevane jobba godt gjennom quissen, men med svært ulik fart. Dette er nok ein av dei største utfordringane når ein arbeider med datamaskin i ein klasse, iallfall om ein skal gå samla gjennom eit opplegg. Det geniale med denne quissen var at elevane kunne gå inn på eit bonusspel etter endt quiss. Då fekk dei som meistra dette best arbeida med eit tenkjespel som dei likte godt, medan dei venta. Etter dette samla me litt trådar på kva nettvettsreglar elevane syntes var viktige, før me gjekk over i den delen av undervisninga som Tove hadde. Her brukte me Gule sider til å finne både skulen og huset deira. Me brukte kart og biletfunksjon, og elevane såg på ulike reiseruter og tidsbruk frå ulike stader. Dette opplegget var veldig greitt, og det engasjerte elevane. Så gjekk me opp i klasserommet, og haldt fram med å visa ein film frå Du bestemmer, der me ser kor lett det er å øydeleggja både for seg sjølv og andre, berre med eit lite tastetrykk. Me snakka litt om mobilbruk og mobbing, og elevane fekk med seg ein brosjyre om gode råd for bruk av mobiltelefon, der ei side er skriven til elevane og ei til foreldra. Brosjyren er eit samarbeidsprosjekt mellom ulike telefonleverandørar og organisasjonar som arbeider for barns tryggleik på Nettet. Kontaktlærarane ville og bruka denne på komande foreldremøte. Langt inn i matpausen med god niste og frukt, spelte me Trond Viggos "Tenke sjæl" på nytt. Songen slo godt an og elevane song med innimellom bita av nista. Eg hadde ei god oppleving av å få formidla noko svært viktig denne dagen, og eg syntes me nådde inn til elevane. Håpet er at kunnskapen blir brukt av den einskilde elev og at han/ho bruker vitet sitt før han/ho "tastar" - kvar gong.
Gerd Elin:-)
3 kommentarer:
Hei!
Det hørres ut som om dere hadde en veldig bra dag ute i praksis. Jeg syns det virket som et bra opplegg, hvor dere kom innom mange viktig punkter. Så nå får en bare håpe elevene tenker på det de har lært når de surfer på nettet.
Håper du har det bra, og at det går bra med alle innleveringsoppgavene.
Klem fra Hilde Marie
Takk for det Hilde Marie, her går det bra. Håpe du og har det bra, og at det ikkje blir eit alt for vanskeleg val du må ta nå snart. Lykke til, me sakne deg i klassen:-) Klem frå Gerd Elin
Det var spanande lesing det her Gerd Elin. De fekk gjort mykje i punktpraksis. Vonar de vil fortsetja suksessen og ha med utprøving av digitale verktøy i løpet av neste praksisperiode?
Birgit :-)
Legg inn en kommentar