mandag 14. januar 2008

Digitale aktivitetar

Temaet barn og medier har eg gleda meg til sidan eg såg progressjonsplanen i haust. Me får så mange kjekke råd og tips i undervisninga, og eg synes det er heilt topp å få eit spark bak til å læra endå litt meir om bruk av IKT. Nå er eg så heldig at eg sjølv har barn som eg kan visa ein del av desse programma til. Då får eg og ein liten peikepinn på kva som vil eigna seg til vidare bruk. Lokus sit opplegg på å laga teikneseriar gjekk rett heim hos mi dotter på 10. Eg likte og Pivot og innføring i digitale forteljingar. Det må og seiast at eg heilt i starten av dagen fekk problem med PC-en min. Maskinen var inn på datalabben heile dagen og nokre store oppdateringar gjorde det slik at eg ikkje fekk installera Photo Story 3. Heldigvis fekk eg sjå med Kesia, og eg prøvde meg på å laga animasjon og teineserie når eg kom heim. Den teikneserien vil me prøva å få brukt når me skal ut i praksis etter studieveka.
Det er så flott at det fins så mange gratisprogram på nettet som fungerer. Det er og fint at lovar og reglar gjeld på nettet og. Både for å besytta produsentar og brukarar.

Gerd Elin:-)

2 kommentarer:

Cathrine sa...

Det er nok ikkje berre dottera di på 10, som blei glad i Lokus sit opplegg på å laga teikneseriar! Eg òg!! Det var eit kjempegøy program! Eg laga ein teikneserie om ein amerikans gangster! hehe...synd at det ikkje gjekk ann å lagre det ein hadde laga...det syns eg va litt minus med det programmet.

Cathrine

Gerd Elin sa...

Jenta mi tok med seg ideen på skulen sin, og der fann dei ut korleis dei kunne lagra det. Trur dei kopierte det over i word???