
Eit pedagogisk grunnsyn. Mykje interessant å lesa i alle teoriane og eg synes me som framtidige pedagogar er heldig som kan få plukka det beste frå dei beste. På denne måten kan me kanskje greie å få til variert undervisning, som når dei ulike elevan på ulik måte.
-------------------
Lagt til 18.04.2008
Vidare om pedagogisk grunnsyn.
Et pedagogisk grunnsyn er i følgje rammeplanen for lærarutdanninga:
Den virkelighetsoppfatning, de verdier og holdninger som ligger til grunn for pedagogisk virksomhet.
Det som er med på å danna eit pedagogiske grunnsyn er for eksempel kva syn ein har på livet, korleis ein meiner at læring og utvikling går føre seg og korleis ein meiner at samfunnet skal oppdra barn. Dette er med på å gi føringar på korleis ein dannar sitt eige pedagogisk grunnsyn. Hos kvar einskild vil det og spela inn kva barndom ein har hatt, kva politisk overbevisninga ein har, korleis arbeidsplassen er og korleis ein ser på yrkesetikken, kva haldningar ein har til for eksempel barn og barndom er viktig, og sist men ikkje minst spelar og den teoretiske forståinga av pedagogikkfaget inn. Dette er ingrediensane i eit pedagogisk grunnsyn, som saman med didaktisk tenking og planlegging fører til pedagogisk praktisk arbeid. Vidare vil pedagogisk teori og erfaring frå praksis danna fundamentet for både didaktisk tenking (planlegging) og praktisk pedagogisk arbeid. Dei erfaringane ein gjer vil igjen virka tilbake på det pedagogiske grunnsynet og den teoretisk forståing.
Det er vel dette me har erfart litt av dette året, og eg synest det er fint at HSH har påpeika at me som framtidige pedagogar ikkje skal inn i ein spesiell form. Me skal få vera som me er, og så vil HSH fylla på med ein masse teori og praksis, slik at me vil vera i stad til å utføra praktisk pedagogisk arbeid. Dei erfaringane med gjer gjennom desse opplæringsåra, vil så igjen virka inn på det pedagogiske grunnsynet vårt og den teoretiske forståinga. Det er likevel viktig at sjølv om me kjem ut som mange ulike pedagogar når me er ferdige med utdanninga at me kan bli samde om ein felles platform å arbeida på. Som for eksempel på Skåredalen der dei flaggar høgt at dei er ein MI-skule. Då må lærarane leggja dette til grunn ved si undervisning.

Men for å få dette litt ned på jorda igjen, så vil eg og ta med nokre ord i rammeplanen for lærarutdanninga som Birgit tok fram i undervisninga me hadde om dette temaet:
All pedagogisk virksomhet formidler verdier. Det er nødvendig for de voksne i skolen å ha en bevist holdning til verdivalgene de foretar som oppdragerer.
Gerd Elin:-)
3 kommentarer:
Hei til gruppa...
Om de vil ha rettleiing andlet-til-andlet, må de (som eg skreiv i lærarbloggen)ta kontakt med meg, for Åshild er borte denne veka... You see? Berre send meg eit e-brev, så avtalar vi tid!
Birgit :-)
Takk for tilbudet, men me kom i havn. Eg var litt sterkt involvert i ei tragisk gravferd mm. og sist veke, så det og var nok grunn til noko av min frustrasjon.
Det er godt å ha noen på gruppa som har litt innsikt i teoriene fra før av. Det hadde vi og det var til stor hjelp. Hilde Marie hadde også hatt om disse tidlgiere, og dersom noe var uklart forklarte hun det videre til oss på en enkel og grei måte slik at vi forstod sammenhengen.
Legg inn en kommentar