tirsdag 2. oktober 2007

Å få dei flotte orda og den verkelege verda til å matcha

Det er utruleg mykje bra å læra på HSH. Det er og masse flott og interessant å lesa. Me lærer korleis me skal bli gode lærarar. Det er viktig å vera fagleg sterke. Me må og vera i forkant og ikkje la vår autoritet bli pressa, samstundes som me skal prøva å byggja gode relasjonar til elevane. Det handlar om adferds og situasjonsmeistring. Me skal bli gode klasseleiarar. Det er og mange fine fagutrykk som skal på plass. Konstruktivistiske læringsmodellar- "Learning by doing". Mitt bidrag i framføringa om arbeidsmetodar på måndag, handla om Storyline. Eg blei fasinert av denne måten å jobba på. Det er faktisk forska på at elevar hugsar betre når læringa skjer gjennom ei historie som er knytt til tid og stad. Det var veldig kjekt å høyra på og læra av dei andre studentane. Det kan bli kjekt å ha mange eksempler på korleis me kan variera undervisninga.
Me har lært om Induktiv og Dedutiv medtode, i matten denne veka. Det står og om desse metodane i boka til Gunn Imsen, s. 329. Så mykje kjekkare det må vera for eleven å få vera med på å oppdaga og utforska, enn å bare få alle reglar og oppgåver serverte. Men sjølvsagt er det viktig med variasjon heile tida. Variasjon kan og vera ei sikring for at me greier å nå ulike elever med ulik læringsevne. Då er me over på differensiert undervisning, som og er ei utfordring. Det er kjekt å få så mange eksempel i matten som og kan gjerast elevtilpassa. (Norsken har ikkje vore så knytt opp til undervisning me skal ha, men det kjem vel kanskje etterkvart.)
Men eg må jo sei at det er litt skummelt å lesa og læra om alt me skal kunna. Me skal ha fagleg kompetanse, didaktisk kompetanse, sosial kompetanse, endrings- og utviklingskompetanse og yrkesetisk kompetanse (rammeplan for lærerutdanningen).
Då var det godt å vera i praksis på Skåredalen skule. Me opplevde å vera i lag med ein klasse med mykje energi. Me var med eitt ute i den verkelege verda. Det var jo litt greitt å sjå at til og med erfarne lærarar av og til har problem med å nå inn til urolege elevar. Me såg at det ikkje var like lett med elevtilpassa opplæring og det var ikkje like lett å få ro i klassen. Så eg tenkte at kanskje er det det håp for oss ferske studentar og. Lærarane stod på og viste oss ulike arbeidsmetodar. Dei hadde f.eks. eit arbeidsprogram ein dag og ei mattematikkøkt ein annan dag, som begynte med ein konkret situasjon ute, der dei skulle telja bilar og jobba vidare med statistikk i søyler, diagram og tabell (eksempel på Induktiv arbeidsmetode). Me bør nok gjera som Gry foreslo i dag. Begynna å samla på eksempler og oppgåver som me kan bruka ved komande høve.
Det vart litt mange og springande tankar dette. Men ein ting til slutt. Dette med Honningsvåg. Det var ikkje fint å le av stigmatiseringa av innbyggjarane der.
Eg lo og skikkeleg av revyinnslaget av kong Harald. Det er rart med den uskrivne regelen om at det er ei ære å bli karikert på denne måten. Kongehuset blir i så måte skikkeleg æra, men er det likevel heilt fint??? Eg er ikkje hårsår, men lurer på kor grensa går mellom å karrikere og å hengja ut? Er det om personane som blir karikerte er offentlege eller ikkje? Er det formatet/settingen det blir presentert i? Slik at revy er ein ting og eit klasserom er eit heilt anna? Kva kan me eigenleg tillata oss i eit klasserom for å halda eit godt humør i ein klasse. Humor er jo viktig!

2 kommentarer:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Hei, Gerd Elin...
Ja, du har eit poeng i høve til revyinnslaget om kongen, det er jo ei latterleggjering av kongen sine lese- og skrivevanskar, og er det fint å le? Men så gjer vi det jo likavel... Det eg har tenkt mykje på, er desse Idol dommarane i møtet med ungdommar i sin mest sårbare alder, og som er så sårbare for kritikk, og prøver sitt talent. Kva gjer det med desse ungdommane når dei får den massive, og i mine auger, grusomme kritikken frå dommarane? Eg er tilbørleg til å sjå på det som går føre seg på skjermen når dommarpanelet uttalar seg som metodisk mobbing... kva meiner du/de andre?

Birgit :-)

Gerd Elin sa...

Eg synes det er vanskeleg det med idol. Eg er veldig glad i musikk og ser på programmet, men eg likar heller ikkje den behandlinga ungdomane får. Eg har ansvar for ein ungdomsklubb der me viser idol på fredagane og me snakkar av og til om dette med dommarane. Trur ikkje eg finn ein ungdom som synes songarane får fin medfart, men det er noko med programmet som fengjer slik. Programmet får og fram mange fantastiske tallent, noko som igjen kan føra til at me andre med vanleg songstemme ikkje synes det er like kjekt å syngja lenger....