
Veninna mi kunne fortelja at i det daglege brukte ho ikkje skjemaet, men når ho planla kva tema dei ulike periodane skulle innehalda, så tenkte ho diamant. Når ho nyleg skulle undervisa om hinduismen og buddhismen, så hadde ho og gått vekk frå lærebok og laga sitt eige opplegg ved hjelp av den didaktiske relasjonsmodellen.
Så fint, tenkte eg. Då har me brukt for den berømte diamanten likevel. Og om den i tillegg kan hjelpa oss til å lausriva oss frå lærebøkene litt, så trur eg den kjem til å gjera god nytte for meg når eg skal ut å motivera mine elevar.
----------
lagt til 18.04.2009
For å finna ut endå litt meir om undervisningsplanlegging, pløyde eg nok ein gong gjennom kapitlet: Å planleggje opplæringa i Didaktisk arbeid (Lyngsnes og Rismark, 1999). Forsking viser at god planlegging av undervisninga virker inn på kva elevane lærar fordi planlegginga dreiar seg om å omforma dei tida ein har til rådvelde, og lærestoffet som skal lærast, til elevaktivitetar. I ein slik fase kan det vera greit å ha ein didaktisk modell som kan analysera, sortera og fanga inn viktige sider ved verksemda. Modellen til Bjørndal og Lieberg(1978) er blitt ein del av det norske "didaktiske fellesgodset", skriv Engelsen (1998) Modellen, eller diamanten som me ofte kallar den, har fått plass i mange ulike planleggingskjema for god undervisning. Desse blir brukt til å laga planar i lys av diamanten med dei seks reviderte skjæringspunkta vurdering, læreforutsetningar, rammefaktorar, mål, innhald og læringsaktivitetar. Dette har eg og skrive meir om i neste innlegg.
Det som var interessant ved å lesa dette kapitlet om igjen, var at eg la betre merke til korleis teoretikaranes tenking låg til grunn også i høve til det å planleggja undervisinga. Å setja eleven i fokus er viktig. Ein må vita kva føresetnader som ligg til grunn i eleven for å kunne gi han og reste av klassen best mogeleg undervisning. Å bli kjent med elevanes læreforutsetningar er i tråd med både Piagets og Vygotskys tenking. Piaget meiner det er viktig å kjenna elevanes kognitive strukturar - skjemaer - for å kunne planlegjja opplæring som passar for den einskilde. I følgje Vygotskys tenking må ein ha kunnskap om elevanes aktuelle utviklingsnivå for å kunne finna ut noko om deira næraste utviklingssone. Dette for å kunne utforma dei mest funksjonelle stillasa i elevens lærinsarbeid. Altså rettar Vygotsky merksemda mot dei kognitive prosessane som er uferdige og under utvikling, medan Piaget fokuserer på kva eleven alt kan. Begge meiner at det er avgjerande at det er rett avstand mellom nytt lærestoff og det eleven kan frå før. Brown(i Øzerk 1996)kallar dette for "headfittingsprinsippet.
Howard Gardner kjem og inn med sin teori der han peikar på at ein ved å opna for at elevane kan ta i bruk ulike sider av seg sjølv, kan auka elevens motivasjon og læringsutbytte. Det står mykje meir i dette kapitlet om om korleis me kan forstå dei ulike teoretikarane i høve til god undervisningsplanlegging, så her er det berre å lesa for den som vil, men for å gå tilbake til elevanes læreforutsetningar, som opptek meg mest,så må dei sjåast i samband med dei andre krysspunkta i diamanten.

Men som Bjørndal og Lieberg som har laga denne modellen seier, er det eit grunnleggjade synspunkt at undervisninga er ein "levande dialog". Dette har eg tru på, og eg tek til slutt med eit sitat frå Bjørndal og Lieberg:
"Et skapende og dynamsik samspill mellom lærere og elever anser vi således for å være et av de viktigste kriterier for god undervisnig" (Bjørndal og Lieberg 1978:22)
Gerd Elin:-)
3 kommentarer:
HEi, nå var det vist eg som skulle være din kritiske ven :) Håpe eg leve opp til forventningane:P
Det er kjekt du har ei vennina du kan spørre om noko du lure på. Kan væra motiverande for oss andre, og det å få sjå at det me gjør har ein meinging. Når me er oppi det er det ikkje altid lika lett og skjønna kvifor. Eg satt også med dei sama kjenslane som deg etter å ha snakket me dei på Skåredalen.Så det er greit og sjå at det brukes i det ubeviste!
Så rask kommentar har eg aldri fått før:-)
Av og til får eg kjensla av at gapet mellom det me lærer og slik dei praktiserer ute i skulen er ganske stort. Kjekt å høyra at metodane blir brukt då!
Med tanke på at øving gjev meister, så er diamanten det mest fullstendige og heilskapelege verktyet vi har tilgjengeleg når vi skal planleggja, han er verkeleg ein "diamant" å ta vare på i planleggingsarbeidet. At han ikkje er i bruk akkurat på Skåredalen, betyr ikkje at den ikkje er relevant for læraryrket eller for andre skular. Langeland nyttar og diamanten når dei skal planleggja. Eg personleg likar diamanten godt når eg skal tenkja langsiktig og planleggja for eit tema - tverrfagleg eller prosjektbasert. Det hjelper meg å halda oversikt og heile tida ha fokus på heilskapen, sidan alle faktorane er gjensidig avhengig av kvarandre...
Birgit :-)
Legg inn en kommentar