onsdag 29. august 2007

Kva tyder begrepet didaktikk?

Eg synes det har vore vanskeleg å få tak i omgrepet didaktikk når eg har studert KRL og Sos.ped. Då var det svært greitt å finna eit heilt kapittel om didaktikk i boka til Lyngnes og Rismark.
Didaktikk kjem av ordet didaskein som kan bety å belære, formidla, undervisa, analysera, bevisa (Blankertz 1987, Hansen og Toms 2006)
Didaktikken er i følgje forfattarane den samlande kjernen i pedagogikken og basisen for utviklinga av ein lærars profesjonalitet. Kanskje me kan seia at didaktikk er eit "kunstspråk" som lærarar har felles.
Før hadde omgrepet ei meir snever tyding der ein berre såg didaktikk i høve til teori. I dag eksisterer omgrepet og på handlingsplanet.
Kafkis defininsjon frå 1997: "Allmenn teori for undervisning og læring", vektlegg det teoretiske perspektivet. Hiim og Hippes definisjon frå 1998: "Praktisk-teoretisk planlegging, gjennomføring, vurdering og kritisk analyse av undervisning og læring", fangar inn alt frå planleggingsfasen til analysen etter avsluttet undervisning. Eg vart litt klokare, men slike framandord må eg tyggja litt ekstra på.
Eg tenkjer at når eg blir lærar, så kjem planleggingsfasen og vurderingsfasen av undervisningsøktene til å vera kjempeviktige. Men det er i klasserommet innlæringa skjer. Det er då eg skal ha mange ballar i lufta samstundes. Det er då eg skal koma i kontakt med elevane. Sjå dei og prøva å gjera dei motagelege for kunnskap. Det er og viktig at eg då har noko fagleg å koma med. Ingen kan læra dei alt, men om eg blir ein god lærar greier eg kanskje å setja elevane i stand til å læra dei det dei har evner til og ting som dei kjem til å få bruk for. Å ha god formidlingsevne blir viktig.
Når eg kjem ut i praksis vil eg prøva å læra namna på elevane så fort som mogeleg. Det er mykje lettare å nå inn til menneske dersom me kallar dei ved namn. Eg veit og at eg må jobba med å vera tydeleg. Det er så mykje som skjer i eit klasserom at det er lett å bli litt forvirra. Og så må eg vel hugsa på at læraren i klassen er sjefen min - ikkje eg sjølv;)

3 kommentarer:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Så flott at du er så flink til å orientera deg på eiga hand i pensumlitteraturen. Didaktikken heng tett saman med den praktiske utøvinga av yrket, og kvart fag har ofte sin eigen fagdidaktikk - eller fagtradisjon når det gjeld undervisning og arbeidsmetodar etc... Dette med planlegging og vurdering er veldig sentralt, og vi kjem til å koma nærare innpå dette med planlegging allereie på onsdag i neste veke. Elles skal de ha ei økt om planlegging med Aashild måndag 5.november, så her kjem det meir etterkvart...

Birgit :-)

Kari sa...

Hei..
Det var kjekt å lesa i bloggen din :) Eg er sjølv ein godt vaksen student, og det er kjekt å sjå at eg ikkje er aleine! Ser at du har arbeida litt som lærarvikar, så då veit du jo litt om korleis det er.Syntest du er flink til å reflektera over det me har hatt i undervisninga, du klarar på ein måte å setja ord på det eg sjølv tenkjer. Sjølv syntest eg det er litt vanskeleg. Ha lykke til vidare med både pendling og studiar!

Aashild Dalen Veivåg sa...

Hei Gerd Elin
Dersom du fortset å problematisera ord og uttrykk på denne måten så vil det ikkje ta lang tid før du har dei "under huden". Godt jobba!

Aashild