tirsdag 21. august 2007

Refleksjon

Kanskje litt seint å begynna å reflektera nå, klokka er over 23, men døgnets timar må nyttast. Eg har hatt utruleg kjekke oppstartsdagar på HSH. Verkeleg godt å få halda fram med å læra. Studerte i heile fjor og, men var ikkje i noko studentmiljø på same måte som i år. Gler meg mykje til pedgogikkfaget. Vart litt fasinert at tydinga av ordet pedagog - pais agein - førande gut. Lure eigentleg på kva jente er på gresk, så kanskje alle me damer kunne kalla oss pais ....(jenter).
Skal og bli spanade å sjå om faget kryssar det med lærte i sosialpedagogikk, som og var eit kjempespanande studie. Var litt kjekt å høyra at den sosiale kunnskapen og blir lagt stor vekt på når me skal ut i skulen. Det å forstå einskildpersonane at barna og ungsom har forskjellig bakgrunnar og utrusting, og at barn som vaksne går gjennom ulike fasar i livet. Korleis lærer ein best, og korleis kan ein gjera elevane trygge og motagelege? Eg gler meg og til å læra meir om ulike intelligenstypar. Ja, dette skal bli kjekt.

1 kommentar:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Den positive lov lyder slik: Tenk. positive tankar – sei positive ord. Gjer positive handlingar, og det positive gror...

Det tykkjer eg er eit godt utgongspunkt i dei fleste samanhengar...

Birgit :-)