
Eg gler meg stort til åra her på Stord, sjølv om eg gruar meg litt til pendling frå Etne.
Tidlegare i livet har eg arbeidd i Statoil, grunnskulen, som journalist og i Kyrkja. Eg har i alle år hatt eit ønskje om å bli lærar, og her er eg.
I fjor studerte eg KRL og sosialpedagogikk, så det er godt å vera litt i gong allereie.
I fritida likar eg å ... fritid?... , blir vel ikkje så mykje fritid tenkjer eg, men eg er eit familiemenneske, så mann og barn betyr mest for meg. Men eg er og glad i musikk, bøker, og så har eg ein kajakk som er mitt synlege bevis på at eg er glad i vatn.
Nå gler eg meg til å lesa andre sine bloggar.
______________________________________________________________________
Lagt til 9/9-08
Eg hugsar min første tanke når eg forstod at eg rett og slett skulle få skriv meg til kunnskap var Jippi. Korte små innlegg etterkvart som eg lærte meir, passa meg svært godt. Arbeidsmetoden var for meg motivasjon i seg sjølv, og eg ser nå når me snart er ferdige for i år, at dette har vore ein god måte å læra på. Eg har lett for å lesa og pugga mykje rett før eksamen, og eg skal innrømma at ein del av dette stoffet legg seg ein plass i hjernen der det er vanskeleg å koma til i ettertid. Ved å arbeida med stoffet jamnleg, slik eg har gjort med bloggen, "mister" eg ikkje kunnskapen så lett. Det eg har lært, er i ferd med å bli ein del av meg. Pedagogikk er interessant og bloggen har gjort faget meir interessant enn eg trudde det skulle bli.
Gerd Elin:)
7 kommentarer:
Hei Gerd Elin. Må berre sei at eg synes det er tøft gjort av deg å studera på heiltid etter så mange år i arbeidslivet. Lykke til vidare med bloggingen og student tilværelsen :) Hilsen Maria.
heihei Gerd Elin!
virke så du har det ganske travelt i kvardagen, men samtidigt ganske spennande:) vi får det nok kjekt her på HSH!
Hei!
Da vart eg nøgde å skrive på nynorsk, noko eg ikkje kjenne meg heilt komfortabel med endå. Eg trenge nok mykje rettleiing framover.
Eg håpe du vil få ei fin studietid, og lykke til :)
Hei, Gerd Elin...
Betre seint enn aldri er det noko som heiter, så her er det berre å stå på. Det blir nok litt fritid og skal du sjå, berre du er skikkeleg god på å strukturera deg sjølv. Eg har som sagt lagt ut ei lita utfordring for vidare blogging i lærarbloggen, og ynskjer lukke til!
Birgit :-)
Hei Gerd Elin.
Takk for kommentar. Du er ei tøff dame og det står respekt av slike som deg! Jeg ønsker deg lykke til i din videreutdanning.
Hilsen Sissel
Hei Gerd Elin.
Takk for kommentaren (som er fallt ut).Er imponert over allt du har fått utrettet opp gjennom årene. Synes også at du har laget en kjempefin blogg, du kan dette med data ser jeg. gleder meg veldig til å samarbeide med dere i praksisgruppen.
Hei,Gerd Elin:)
Kjekt å lesa bloggen din. Du virker som ei hyggeleg dama frå Etne. Kjenner deg ikkje så godt, men me blir vell alle betre kjent etterkvart:)
Legg inn en kommentar