
Lærarane ja, dei reiste - ein etter ein. Eg var ei av dei jente som haldt meg litt i bakgrunnen dei fleste skuleåra. Noko godt forhold til lærarane mine fekk heller ikkje eg. Dei var så sinte, "kalde" og avvisande. Eg syntes og dei mange gonger var urettferdige.
Men i sjette klasse skjedde det noko. Me var blitt størst på skulen og såg på oss sjølve som ungdomar. Aksel heitte den nye læraren vår. Han var nyutdanna og hadde ekstra utdanning i engelsk. Det var ganske stort på den tida, då me ikkje begynte med engelsk før i fjerde klasse. Han var super i musikk og spelte gitar og piano. Me fekk og prøva ut litt andre måtar å læra på enn me var vante med. Me hadde gruppearbeid, og me fekk ha klassens time. Då laga me til underhaldning og koste oss med saft og Donaldkjeks. Eg kan ennå hugsa kor spente me var når me nærma oss det siste kapitlet i naturfagboka som handla om seksuell utvikling. Akkurat det vart ein liten nedtur, for han hadde med seg ei apelsin for å illustrera korleis blomen og bia saman fekk til noko så godt og flott. Eg veit ikkje heilt kva me hadde venta oss, men me tilgav han fort. Me syntes bare det var litt moro, for han vart rett og slett raud i kjakane av emnet.
Aksel hadde humor og han gjorde oss trygg på at det skulle gå bra å flytta over til ungdomsskulen. Me fekk kjensla av at det var mogeleg for ein lærar å lika oss slik me var. Eg trur og dei fleste brydde seg litt meir om skulefaga etter dette året.
Det beste for meg var likevel at han såg meg som person og møtte meg med stor interesse for fag som eg og likte svært godt.
Gerd Elin
1 kommentar:
Hei, Gerd Elin...
Ja, det var no endå godt at Aksel kom til slutt, sista året på barneskulen. Skildringa di viser kor viktig det er at ein lærar er genuint interessert i borna han/ho har ansvar for, og har ein god blanding av varme og omsorg, og god kontroll. Elles er det der med seksualundervisning noko som blir praktisert med vekslande hell, alt etter kor komfortabel læraren kjenner seg i høve til tema. Eg kan jo no med ein gong tipsa dei sjenerte om at det er mogleg å bestilla ein komande lege til å snakka om tema: frå SUSS (Senter for Ungdomshelse, Samliv og Seksualitet. SUSS gir undervisning til unge direkte, eller til fagpersonar som arbeidar med barn og unge.
Det var kjekt å lesa skildringa di, Gerd Elin, særleg sidan de til slutt fekk ein lærar det kunne trivast med.
Birgit :-)
Legg inn en kommentar