
Det var og kjekt å få møtast på "Drageset" sist måndag. Veldig kjekt å få prata litt med dei i den andre klassen og. Me lærer jo av kvarandre, og det er alltid nokon som kan gi nye tips om noko. Flott å ha slik ein gjestfri lærar som ber hele gjengen heim til seg etter turen. Tusen takk Birgit!
--------------
Lagt til 15/04-2008
Kva kan eg så nytta det eg lærte om animasjon og bilethandsaming til? Er dette relevant å bruka i skulen?
Eg har stor tru på at elevane lærer best ved metodevariasjon. Eg trur ikkje at ein vil ha tid til å kunne arbeida med animasjon og bilethandsaming i det daglege, men å kunne knyta det opp mot ulike prosjekt som for eksempel storyline, introduksjon av oppgåver, i kunst og håndverk, i samband med norsk og skriving av forteljingar, ved laging av samansette tekstar og så vidare. Eg trur berre det er fantasien som set grenser for bruken. Eg er sikker på at denne måten å arbeida på vil vera ein stor motivasjonsfaktor for mange elevar, og som eg viste i innlegget mitt over, så er det kanskje dei elevane som er mest urolege i vanleg klasseundervisninga, som har størst potensiale her. "Pivot", eit gratis animasjonsprogram som ligg på nettet, slo for eksempel svært godt an her i heimen, særskild hos han som likar "tradisjonell skuleundervisning" minst.
Lagt til 17.04.2008
Eg skreiv ikkje så utfyllande frå praksisperioden min. Etter å ha skrive alt for langt i refleksjonsnotatet mitt til praksismappa (noko me fekk beskjed om når eg var ferdig å skriva), mista eg litt av skrivemotivasjonen. Men her kjem litt meir utfyllande om målet mitt for denne andre praksisperioden, og korleis eg syntes det gjekk:
Målet mitt for dei komande vekene er først og fremst god kommunikasjon med elvane, særskild i undervisningssituasjonen. Utfordrande timar ønskjer eg å løysa på ein bra måte, og eg håper og på god kontakt med alle typar elevar.
Eg har og eit mål om at undervisningsopplegget vårt ”Geometri og eventyr”, kjem til å fungera godt som tilpassa opplæring.
Kanskje litt mange målsetningar dette, men det med kommunikasjon var svært viktig. Eg synes eg kom godt i kontakt med elevane, nokre var meir "frampå" enn andre, og eg prøvde å vera bevist på å skapa relasjonar til dei stille elevane og. Interessant å sjå korleis nokre er trygge i utgangspunktet, medan andre brukar litt meir tid på å sleppa nye personar innpå seg. Det er viktig å gi desse elevane tid, samstundes som dei blir vist interesse. Eg meiner og at eg greidde å formidla det eg ønskte i dei fleste timane eg underviste. Eg hadde ein slik svært utfordrande time. Hadde eg vore utan praksislærar, hadde eg nok teke hardare i, men eg var nok litt for tålmodig og praksislæraren tok over og gav elevane "inn". Eg trur ikkje eg kunne gjort noko annleis bortsett frå at når ein vart kjendt med elevane, så oppdaga me at einskilde læringsmetodar ikkje fungerte i gruppa. Opplegget mitt på det koselege leserommet med masse puter og fri plassering, fungerte ikkje.
Undervisningsopplegget vårt Geometri og eventyr, var timar som elevane likte svært godt, og eg trur opplegget fungerte bra som tilpassa opplæring - slik som eg håpa på. Så stort sett så var eg godt nøgd med gjennomføringa av den andre praksisperioden. Likevel ser eg at mange utfordringar står i kø. Eg trur kanskje den store utfordringa vidare blir å tilpassa undervisninga til dei einskilde elevane. Det var svært arbeidskrevjande å laga til det undervisningsopplegget praksisgruppa mi gjennomførte, og eg ser ikkje heilt korleis eg skal greie å differensiera undervisninga godt nok.
Gerd Elin:-)
1 kommentar:
Hei hei!=)
Animasjon og bilethandsaming er gøy, men vanskeleg! Det tok litt tid før eg skjøna korleis eg skulle laga denne plakaten. Det er så månge som treng hjelp på ein gong i ein slik time, det kan jo bli ein utfordring! Høyrtes ut som eit spanande stasjonsarbeid du hadde hatt med elevane i 5.klasse. Eg trur òg det er lurt å dela jentene å gutane for seg sjølv av og til. Gutane kan ofte være litt høgrøysta og dei gjer litt meir ut av seg enn jentene, dette gjer at kanskje ikkje alltid jentene tørr å svara på spørsmål høgt i klassa o.l.
Blir spanande å sjå plakaten din!
Cathrine
Legg inn en kommentar