
Sånne gonger er det viktig at det er innarbeidd eit ope og godt miljø i gruppa, det er viktig at elevane har funne sin plass i gruppa og at det er opparbeidd ein positiv elev-lærar-relasjon. Det står mykje om dette i Ogden kap.5 Skal lesa dette kapitelet nærare etterpå. Der står det om førbyggjande klasseleiing, overblikk og effektivt tilsyn, pedagogisk bruk av oppmerksomhet, reglar og rutinar osv. Dette vil eg leggja inn som basiskunnskap, slik at eg kan greie å få oversikt og kontroll i ein klasse så tidleg som mogeleg. Kjenner at dette er kunnskap er har mangla når eg har jobba i skulen tidlegare, så nå begynner det å likna noko.
I økta på måndag fekk me prøva å observera. Eg sette meg å kikka ut på plassen føre adm.bygget. Det gjekk mange personar til og frå. Eg la merke til at eg veldig raskt begynte å tolka. Ei dame var veldig lut. Ho hadde stram mine og gjekk med tunge steg samstundes om ho fikla med mobiltlefonen og røykte. Eg tenkte at ho ikkje hadde ein god dag. Tre andre kom saman. Dei gjekk med lette steg prata og tok ein slurk av vannflaskene sine. Det så ut som om dei hadde det fint. Eg drar kanskje litt for fort slutninga av korleis ein person har det. Kan henda eg ser fort korleis ein person har det, men det kan og henda at eg tek feil. Dette med feiltolking må eg vera særleg obs på når eg kjem ut i skulen.
Det var kjempegreitt å få ulike eksempel på observasjonsmetodar. Det var og fint å få tips til samtalar med elevar. Sjølv om eg snakkar med barn kvar dag, er det greitt å vita litt om korleis me går fram når det er barn me ikkje kjenner. Det gjeld vel å vera litt forsiktig til å begynna med, og å prøva å sjå alle. Også dei som er stille og ikkje søkjer mi merksemd den første dagen.
------------------------------------------------------------
lagt til 15.04.08
Observasjon skal bidra til at du så nøyaktig som mogeleg kan skildra det du faktisk ser i det daglege arbeidet ditt, ikkje det du trur du ser, eller det du kunne tenkja deg å sjå.
Kvifor er observasjon og loggføring viktig for ein lærar?

Eg fekk erfara kor vanskeleg det er å gjera observasjonar av elevane då me var i praksis. I samband med pedagogikk/matematikkoppgåva skulle me utfordra elevane til å delta i eit undersøkingslandskap. Samstundes som me skulle stilla dei gode spørsmåla, skulle me og prøva å observera kva elevane fekk ut av oppgåva, i høve til dei læringsmåla me hadde sett. Dette var ganske vanskeleg. Eg oppdaga at mitt fokus først og fremst var på å presentera oppgåva på ein god måte. Kankje dette kom av at eg var nervøs. Ikkje berre skulle me prøva å undervisa på ein måte, der me nådde inn til elevane med kunnskapen, men det me gjorde desse timane ville og få mykje å seia for vår eigen karakter i pedagogikkfaget. Eg merka og at eg ikkje fekk loggført skikkeleg det eg såg, då var det og vanskeleg å ta observasjonane igjen etterpå. Kvar elevgruppe skulle eigentleg vore filma for at me skulle få den rette oversikten. Men dette var og ei erfaring. Eg lærte at eg må vera fokusert og nøyaktig, samstundes som eg ser at det er ikkje alt eg kan få med meg. Eg ser og at det er viktig med nokre verktøy for å greie å observera kvar og ein. Elles blir det til at nokre barn tek heile fokuset, og eg vil så gjerne vera der for dei stille barna og. Loggbok mellom lærar og elev i periodar og elevsamtalar er mellom andre svært nyttige reiskapar. Vidare er det viktig å kunne observera elevane i perspektiv, samstundes som ein har evne til empati med dei. Ikkje heilt enkelt dette, men eit svært viktig mål. Innimellom er det og viktig å kunne vurdera si eiga rolle som lærar i høve til målet om å "sjå" kvar og ein elev, slik at dei kan få så god tilpassa opplæring som mogeleg.
Gerd Elin
4 kommentarer:
Dette var flott oppsumert!Eg er så enig med deg,dette med klasse ledelse er utrulig interessant,og viktig.Det å komme godt i gang med ein klasse,ja me skal få prøvd oss når me skal ut i neste praksis,men fyrst er det observasjon...Tvi tvi med den!
Eg synes du fekk med deg mykje på mindre ord denne gang,det er jo bra, kanskje eg var kritisk ven nå,at du har skreve litt langt tidlegare?! Stå på:)
Like eigentleg best å skriva mykje på liten plass eg, så eg veit ikkje heilt kvifor det har blitt så langt - skal begrens meg heretter.
Hei Gerd Elin.
Feiltolkninger er jo noe vi kan l�re av da, men du har helt rett, det er ekstra viktig � v�re oppmerksom p� det i skolen. Det skal bli veldig spennende � komme ut i praksis neste uke, da f�r vi jo ta i bruk det vi har l�rt denne uken.
Det viktigaste må ikkje vera lengda på innlegga i bloggen, men kva ein seier og reflekterer over, og kor godt ein får fram dei tankane ein har rundt tema! Så fortsett berre å skriva både langt og kort, og breitt og om du vil :-) Elles tykkjer eg innlegga dine ber preg av at du både les og førebur deg før pedagogikkøktene, OG set deg ned og jobbar vidare med førelesningane på eiga hand etterpå, og det seier eg meg veldig nøgd med!!
No har du jo vore på Skåredalen og fått prøvd deg på å skriva observasjonsloggar, og kva sit du att med etter at du vart den erfaringa rikare? Nokre tankar i høve det?
Birgit :-)
Legg inn en kommentar