
Mange oppgåver
Eg er nok klar over at ein lærar har mange ballar i lufta. Det vart likevel kanskje meir enn eg hadde oversikt over når eg noterte på onsdag. Planarbeid, oppdragelse, undervisning, omsorgsarbeid. Så kjem skulebasert vurdering og utviklingsarbeid, samarbeid med kollegaer (som er kjempeviktig, mykje å læra av kvarandre). Læraren skal og administrer klassen, kanskje team, ulike prosjekt . Det skal dokumenterast, og i tillegg får du kanskje i oppdrag å halda kontroll på f.eks alt utstyret i gymsalen???? (Det hadde nemleg eg når eg var vikar i -94). Det kan og følgja med spesielt tildelte oppgåver, med både IKT, som sosiallærar eller kanskje koordinator for elevrådet. Eit stort mandat som er gitt lærararne. Eigentleg til å mista pusten av. Men nå er det jo slik at det er fleire lærarar på ein skule. Ikkje alt fell på alle, og mykje går det an å samarbeida med kvarandre og og støtta kvarandre på. (Justert 07.09.07 etter kommentar frå kritisk venn)
Eg er oppteken av at ein skal tenkje praktis bruk av det ein lærer barna på skulen. Det var eit kjekt tips å kanskje laga ei utstilling bak i klasserommet med små ting som illustrerer historiar og ny læring. Ved å ofte ta med noko nytt, pirrar ein nysjerrigheita til barna samstundes som ein knyter praktiske ting til teoretisk læring. Eg synes matteboka til Geir Botten og er svært interessant i denne samanhengen. Han har eit godt eksempel på korleis ein introduserer arbeidet med den pytagoreiske læresetning i kapittel 3. Folk har i mange hundre år kjent til korleis ein får rette vinklar når ein skal byggja hus. Eg fekk iallfall ei AHA-oppleving når det vart knytt til Pytagoras.
Det er og interessant å lesa om motsetjinga mellom regelstyrt- og verkstadprega undervisning hos Ogden. Det er nok mange faktorar som spelar inn på kva undervisningsform som vil passa i dei ulike klassane. Ein uroleg klasse treng nok meir lærarstyring, klarare reglar med streng handheving enn ein meir samarbeidvillig klasse, der det er lettare at elevane får vera med på å bestemma. Det som kanskje kan virka kjekkast for elevane, ei meir verkstadprega undervisningsform, er kanskje og noko som svakare stilte elevar har vanskelegare for å innretta seg i, skriv Ogden. Den "Gyldne middelveg" gjeld vel her og. Variasjon er viktig, og at elevane forstår lærestoffet er med på å skubba prestasjonane i rett rettning.
Inspirasjon
Me som framtidige lærarar skal vel ta sikte på å prøva å vera inspiratorar for elevane våre. Inge Eidsvåg virkar som ein inspirator på meg. Han får lærargjerninga til å virka stor og flott, samstundes som eg kjenner at eg blir litt audmjuk. "Ta på oss å danna mennesker". Slike setningar kan kanskje vera gode å ha i bakhovudet når kvardagen hentar oss inn.
Temaet "Livet ved dei store elvane" fekk eg lyst til å gå i gang med straks. Det dukka opp mange "knaggar". Aufrat, Tigris og Nilen. Eg tenkte at dette kunne vore noko å jobba med tverrfagleg. Ur i Kaldea og Abraham som var på vandring mellom alle desse elvane. KRL - Dei tre monoteistiske religionane. Musikk: When Israel was i Egypts land, let my people go" - negero spirituals...Tenkte og på mattematikk. Sumèr og utvikling av reknemåtar, på hieroglyfar og egyptiske teikn. Norsk og skriving, Så har du dei "gamle faga" geografi og historie og så vidare. Sjølvsagt måtte eg gå inn i fagplanane og sjå kva som passa på det trinnet eg skulle undervisa i. I tillegg måtte eg studert pensumbøkene og suplert med fakta frå internett og andre bøker. Me leita oss forresten fram til kompetansemåla i matematikk etter 4. klasse på onsdag for å sjå kva nivå me kunne leggja oss på når det gjeld matteintervjuet som skal leverast inn neste veke. Veldig greie og kjekke sider udir og grep. Og då er eg tilbake til alle dei forslaga på Nettsider som me fekk på onsdag. Dette skal eg leika meg med i helga saman med Lina, jenta mi på 10.
Gerd Elin
3 kommentarer:
Hei hei
Ja dette synes eg var veldig bra skreve.Du reflektere flott og flette inn pensum.
kRITISK VEN:
Ja det var det då...
Kanskje du kunne tatt med litt meir om dei administrative oppgåvene ein lærar har.Off dette var vrient,ja nå har eg prøvd...
Heidi:)
Takk for god kommentar Heidi. Eg hadde nok lurt meg litt unna der gitt, flott at du greide å sjå det. Skal prøva å vera kristisk venn eg og, men eg synes det er kjempevanskeleg.:-)
Ja ja nå har du vore flink:)
Dette var meir enn forventa,du har studert fagstoff ser eg.Nå kan du ta helg med god samvit.
Ps du skriv på ein forståeleg og god måte,flink er du!
Snakkes:)
Heidi
Legg inn en kommentar