tirsdag 6. november 2007

Den didaktiske relasjonsmodellen-diamanten

Mi forståing og samandrag av Åshild Dalen Veivågs undervisningsøkt 5. november

Mange tankar bør tenkjast ved planlegging av undervisning i skulen.
Før detaljane for undervisninga blir lagde er det viktig at ein kjenner planane som gjeld for faget det skal undervisast i,og for trinnet det skal undervisas på. Her gjeld Kunskapsløftet (LK=06), generell læreplan, læringsplakaten, fag- og læreplanar, lokale planar m.fl

Dette gir oversikt over grunnlaget for arbeidet, og ein kan setja seg eit overordna kompetansemål.

Når det gjeld gjennomføringa av undervisninga, er det viktig at dei seks krystaliseringspunkta i diamanten blir gitt innhald.
1. Læringsmål
Kva er målet med denne arbeidsperioden/økta. Kva er målet at elevane skal lærar. Differansierte og konkrete mål i høve til kompetansemålet.
2. Elevforutsetningar
Kva fordelar og ulemper har eleven eller gruppa av elevar i seg som fremmar eller hindrar dei i å lærar planlagte mål? Kva må ein ta omsyn til utan at einskildelevar blir identifiserte?
Fysiske og psykiske kvalitetar, intelligenstypar, evner og fagleg ståstad, nettverk, interesser og erfaring.
3. Innhald
Kva kjelder bruker ein i undervisninga? Lærebøker, fagbøker, internettsider, eigne opplegg osv.
4. Læringsaktivietar
Korleis skal ein jobba seg gjennom økta, temaet, perioden. Skal ein gå djupt inn i detaljane, kva arbeidsmetodar kan brukast, kva kan ein gjera ut av stoffet, inne- eller ute-time, ivareta Makvise-prinsippa?
5. Rammefaktorar
Overordna føringar og skulekultur set visse rammer. Elevane (f.eks. tal, gruppesamensetning) og lærarane (f.eks. kompetanse, kapasitet) er og rammer i seg sjølv. Det gjer og læringsarenen, tid, læremidlar.
6. Vurdering
Korleis ønskjer ein å vurdere læringsprosessen og produktet som kjem ut etter endt økt/periode? Summativ vurdering, eigenvurdering, Formativ vurdering. Kva er vurderingskriteria. LK06 seier at vurderingsforma skal vera positiv. "Finn du ikkje noko positivt å vurdera, kan du like godt la vera å vurdera", (Åshild refererte til LK06 5. november, pedagogikk)

Etter perioden er det viktig å ta seg til til refleksjon og didaktisk vurdering. Fungerte dei ulike elementa i undervisningsperioden. Kvifor, eventuelt kvifor ikkje. Kva burde eg tenkt på?

Ei skriftleg oppsummering er viktig. Kva var smart eller kva bør eg gjera annleis til neste gong.? På denne måten byggjer ein seg opp dokumentasjon for vidare arbeid.
-------------------------
Lagt til 18.04 2008
Åshild starta økta om undervisningplanlegging med å leggja fram Ti teser for god undervisning, som er sett saman til den såkalla Oldenburg Dekalogen. Desse tesene samanfattar det meste om korleis ein skal planleggja, gjennomføra og evaluera god undervising. Viktige og flotte setningar, som godt kan få hengja over pulten min ein gong, og stadig minna meg på det viktige punktet planlegging, men for meg trur eg det i det daglege vil bli enklare å bruka Makvise-prinsippet som ei rettesnor når eg skal planleggja.
Når eg arbeidde med planlegging av undervisningstimane i praksis, brukte eg heilt bevist, MAKVISE-prinsippet, som seier noko om skapa Motivasjon, leggja tilrette for Aktivisering, Konkretise, særleg i introduksjonsfasen, Variere metodar og oppgåver. Både Individualisering og Samarbeid er viktig i gode læreprosessar og Evaluering av både undervisningsopplegget (ink. læraren) og elevar (formativt og summativt) er viktig. Det er dessutan fint at dette prinsippet er utvida frå MAKIS (Lyngsnes og Rismark) til MAKVISE. Variasjon og Evaluering er og viktig omgrep, som har fått sine bokstavar med. Prinsippet fortel meg kva som er viktig for ein lærar å ta omsyn til. Eg tenkjer at dersom eg går gjennom desse orda og vektar dei i høve til undervisinga både i planleggingsfasen, undervegs og i samband med evaleringsbiten, så er eg iallfall bevist på at eg ønskjer å leggja tilrette for god læring. Prinsippet har og sin faste plass i den didaktiske relasjonsmodellen til Røys,Gjøsund og Huseby (2004:137) Denne modellen brukte eg i den siste praksiperioden. Eg likte denne modellen godt, og la sjølv til eit felt nederst for refleksjon og evaluering av økta, som mangla i denne modellen
Gerd Elin :-)

Kva er diamanten verd?

Eg snakka med ei god veninne av meg i går, som var ferdig lærar for nokre år sidan ved HSH. "Ka med diamanten då, bruke du den", spurte eg ho. Det vart nemleg sagt på punktmøte i Skåredalen at sjemaet til vanleg ikkje er i bruk av lærarane der. Dette har gjort at eg har lurt på om me lærer ein heil masse på HSH som ikkje er i kontakt med røyndomen....
Veninna mi kunne fortelja at i det daglege brukte ho ikkje skjemaet, men når ho planla kva tema dei ulike periodane skulle innehalda, så tenkte ho diamant. Når ho nyleg skulle undervisa om hinduismen og buddhismen, så hadde ho og gått vekk frå lærebok og laga sitt eige opplegg ved hjelp av den didaktiske relasjonsmodellen.
Så fint, tenkte eg. Då har me brukt for den berømte diamanten likevel. Og om den i tillegg kan hjelpa oss til å lausriva oss frå lærebøkene litt, så trur eg den kjem til å gjera god nytte for meg når eg skal ut å motivera mine elevar.

----------
lagt til 18.04.2009

For å finna ut endå litt meir om undervisningsplanlegging, pløyde eg nok ein gong gjennom kapitlet: Å planleggje opplæringa i Didaktisk arbeid (Lyngsnes og Rismark, 1999). Forsking viser at god planlegging av undervisninga virker inn på kva elevane lærar fordi planlegginga dreiar seg om å omforma dei tida ein har til rådvelde, og lærestoffet som skal lærast, til elevaktivitetar. I ein slik fase kan det vera greit å ha ein didaktisk modell som kan analysera, sortera og fanga inn viktige sider ved verksemda. Modellen til Bjørndal og Lieberg(1978) er blitt ein del av det norske "didaktiske fellesgodset", skriv Engelsen (1998) Modellen, eller diamanten som me ofte kallar den, har fått plass i mange ulike planleggingskjema for god undervisning. Desse blir brukt til å laga planar i lys av diamanten med dei seks reviderte skjæringspunkta vurdering, læreforutsetningar, rammefaktorar, mål, innhald og læringsaktivitetar. Dette har eg og skrive meir om i neste innlegg.
Det som var interessant ved å lesa dette kapitlet om igjen, var at eg la betre merke til korleis teoretikaranes tenking låg til grunn også i høve til det å planleggja undervisinga. Å setja eleven i fokus er viktig. Ein må vita kva føresetnader som ligg til grunn i eleven for å kunne gi han og reste av klassen best mogeleg undervisning. Å bli kjent med elevanes læreforutsetningar er i tråd med både Piagets og Vygotskys tenking. Piaget meiner det er viktig å kjenna elevanes kognitive strukturar - skjemaer - for å kunne planlegjja opplæring som passar for den einskilde. I følgje Vygotskys tenking må ein ha kunnskap om elevanes aktuelle utviklingsnivå for å kunne finna ut noko om deira næraste utviklingssone. Dette for å kunne utforma dei mest funksjonelle stillasa i elevens lærinsarbeid. Altså rettar Vygotsky merksemda mot dei kognitive prosessane som er uferdige og under utvikling, medan Piaget fokuserer på kva eleven alt kan. Begge meiner at det er avgjerande at det er rett avstand mellom nytt lærestoff og det eleven kan frå før. Brown(i Øzerk 1996)kallar dette for "headfittingsprinsippet.
Howard Gardner kjem og inn med sin teori der han peikar på at ein ved å opna for at elevane kan ta i bruk ulike sider av seg sjølv, kan auka elevens motivasjon og læringsutbytte. Det står mykje meir i dette kapitlet om om korleis me kan forstå dei ulike teoretikarane i høve til god undervisningsplanlegging, så her er det berre å lesa for den som vil, men for å gå tilbake til elevanes læreforutsetningar, som opptek meg mest,så må dei sjåast i samband med dei andre krysspunkta i diamanten.
Men som Bjørndal og Lieberg som har laga denne modellen seier, er det eit grunnleggjade synspunkt at undervisninga er ein "levande dialog". Dette har eg tru på, og eg tek til slutt med eit sitat frå Bjørndal og Lieberg:

"Et skapende og dynamsik samspill mellom lærere og elever anser vi således for å være et av de viktigste kriterier for god undervisnig" (Bjørndal og Lieberg 1978:22)
Gerd Elin:-)

tirsdag 30. oktober 2007

Læringsteoriane på papir:-)

Så utruleg deilig å få ein samnhengande framstilling av læringsteoriane og korleis tida, utviklinga og ulike teoretikarar har drive fram nye teoriar. Eg er veldig godt nøgd med at me fekk hjelp til å systematisera kunnskapen. Det hjalp meg til å sjå ein del samanhengar eg ikkje har sett tidlegare. F.eks korleis kognitivismen og konstruktivismen heng saman. Veldig greitt det notatet som vart lagt ut. Nå har eg både tankekart og notat med viktige punkt.
Eg er nok ein visuell student, som lærer best ved å lesa tekst, bileter, tankekart, laga eigne notat og skapa samanhengar i hovudet mitt. Me nå har eg lært at veldig mange av elevane våre ikkje lærer best slik. Er det nokon som har forska på kor mange som lærer slik eller slik???? (Lita endring her etter å ha studert teoriane nok ein gong).
Interessant det med at me skal prøva å utvida elevanes evne til å læra, ikkje bare på den måten dei kjenner seg mest konfortabel med. Eg har vel sjølv og noko å lærar der, for eg likar best å kjappa meg gjennom bøker og papirer heilt for meg sjølv. Det går liksom fortast det. Men det er jo kjekt med gruppearbeid og, sjølv om det er ein "kamp" kvar gong nye idear skal gjennom "gruppenålauga".
Me har fått matematikkoppgåva. Gruppa er i gang med å planleggja. Blir spanande å sjå kva som kjem ut i andre enden denne gongen og. Det store spørsmålet er om me greier å bli samde om eit opplegg på eit tidlegare tidspunkt enn sist.
Me skal jobba med geometri, og dette håpar eg me får sett inn i ein samanheng med eit eventyr som ramme rundt, noko liknande det me hadde i dramatimen. Me skal ha om eventyr i norsk, så det passar godt saman.
Eg ser faktisk fram til å skriva den oppgåva i etterkant av praksisen, sjølv om det sikker vil bli nokre frustrasjonar då og, i fasen der det beste stoffet skal veljast ut.

Gerd Elin;-/

------
Lagt til 15.04.2008
Me hadde og eit formateringskurs på datalabben i samband med denne økta. Eg har aldri formatert ein tekst tidlegare, så dette var nyttig. Det heile gjekk litt fort, men eg greidde å hengja med denne gongen. Eg var redd for at det var for lenge til kunnskapen skulle brukast. Men det er rart med alt som me har vore gjennom ein gong. Det blir mykje lettare å ta igjen seinare, og så er det så mange kjekke venner i klassen det går an å spørja, for dei fleste har oppfatta noko. Så oppgåva mi vart formatert, og nå når eg held på å "shina" den opp atter ein gong, så avformaterer eg, og formaterer igjen.
Håper ho fell i smak:-))))

Gerd Elin

tirsdag 23. oktober 2007

Freden har senka seg, men nye utfordringar står i kø

Me fekk framføringa vår vel i hamn. Gruppa vår hadde møte i dag og oppsummerte. Me såg på kva me var godt nøgde med og kva me kunne gjort anleis. På bakgrunn av dette, sette me oss mål for gruppeprosessen i komande prosjekt. *Når me skal dela på å lesa pensum, vil me utveksla notat i tillegg til å ta det munnleg. *Me vil samla fleire idear, slik at me har meir å velja mellom til gjennomføring/framføring. *Me vil og setja oss betre inn i oppgåveteksten på førehand, slik at me får ein betre start på prosjektarbeidet. *Me vil setja av tid til å øva på førehand, rotera på oppgåvene og gjera "ting" litt enklare. Eg vil og leggja til at me syntes det var lita tid me fekk til å laga notatet me skulle levera inn heilt i starten. Trur me gjekk oss litt fast i dette, og det tok litt tid før me kom vidare.
Filmen me laga, var ganske på sparket og eg innrømmer glatt at eg ikkje hadde peiling på verken sfinxen eller gravmaska til Tut Ahnk Amon i farten. (Som lærar i filmen, så burde eg vel vist betre, men kom ikkje på nokre namn der og då.) Å syngja Fager kveldssol smiler, som morgonsong var nok heller ikkje bra, men det var henta direkte frå ein observasjon på Skåredalen! Ein del slike komiske feil vart det, men me var jo og midt oppi ei gramatikkoppgåve og... Har ei lita aning om at det er slik det kjem til å bli framover. Og eg må jo og få leggja til at det framfor alt er kjekt og at gruppa vår ler mykje i lag.
Det var iallfall kjekt å få oppleva alle framføringane på måndag. Å få repeterta teorien slik gong etter gong, gjer at noko siv inn, og det er bra. Det skal bli ei utfordring å kople dette til matematikken og oppgåva som kjem i etterkant av praksisen. Eg ser litt fram til skriving av denne oppgåva. Håpar me greier å laga eit godt opplegg på førehand, slik at me får eit godt grunnlag.
-------------
Lagt til 18.04.2008:
Men kvar landa eg i høve til teoriane, no i første omgang?
Eg er eit produkt av den gamle "formidlingsskulen". Eg er nok prega av "påfyllsmetoden", som var å læra direkte frå læraren eller boka. Det fanst berre rette eller gale svar. For meg som alltid har vor ganske pliktoppfyllande og relativt lettlært, gjekk dette greitt. Pavlov, Thorndike, Watsen og Skinner er teoretikarar, som tenker at drivkrafta ligg i den ytre motivasjonen, altså i gulrotprinsippet. Denne behavioristiske teoritradisjonen var rådande fram mot 1970 åra. Me fekk då eit paradigmeskifte der det som skjedde inni hjernen til den einskilde elev fekk meir vekt. Dewey meiner at ny lærdom kjem av utforsking og eksperimentering. Ausubell snakka om bruprinsippet, at det var viktig å repetera før ein kunne gå over brua mot ny kunnskap og Piaget snakkar om det intellektuelle, og om språk og tankar på ulike nivå. Men kognitivismen vart berre rådande i vel ti år. Då fekk det sosiokulturelle perspektivet meir merksemd. Læring skjer i relasjon med andre,og språket er viktig, meiner Vygotsky. Han snakkar om ei prosimal sone som er spennet mellom det ein kan læra åleine og det ein kan læra saman med ein kompetent annan. Bruner har ein stillasteori, ein treng noko å ”klatre” i på veg mot ny kunnskap. Læraren er den som byggjer stillaset.
Det er vel slik at alle teoriane har noko ved seg, og eg trur heller ikkje det går an å sjå ein teori som den optimale, utan at ein ser teorien i lys av dei andre. At all lærdom skal påførast utanfrå og bli driven fram av ytre motivasjon som i behaviorismen, kan ikkje vera bra. Matematikkfaget er vel det faget som denne teorien har slått dårlegast ut på, iallfall for min del. Eg er ikkje vant med å tenkja sjølv for å koma fram til eit svar. Det er ganske frustrerande. Det må vera viktig å læra å bruka hovudet sjølvstendig. Men dette kan og ha med min læringsstil å gjera. Eg vart spesielt fasinert av Howard Gardner sin mangeintellignesteori. Han snakkar om å vera ord-klok, menneske-klok, musikk-klok, natur-klok, billed-klok, tal-klok, bilet-klok, kropps-klok, menneske-klok og sjølv-klok (som dei kallar det på Skåredalen skole). Eg trur eg mest let meg inspirera av dette kognitivistiske prinsippet, men eg set det i lys av den sosiokulturelle teorien, som seier meir om samhandling og den kulturelle konteksten.
Litt vanskeleg er det å skilja alt dette stoffet frå kvarandre, men hovudtrekka er etterkvart inne, og eg reknar med at me stadig kjem tilbake og veg læringsprosessen vår opp mot dei ulike pedagogiske teoriane.

Gerd Elin:-)

mandag 15. oktober 2007

Skinner, Piaget, Vygotskij, Gardner og Mac Frustrasjon

I dag har me hatt base på eit grupperom på HSH i Haugesund. Fint at me kunne vera der. Alle hadde lest litt, men det er nok Tove som har mest innabords om desse teoretikarane, som står bak dei ulike læringsteoriane (sidan ho har tatt psykologi). Me prøvde å få en oversikt over Behaviorismen, Kognitivismen og sosiokulturell teori. Me gjekk ekstra inn på MI-teorien, og arbeider vidare med den. Kva som kjem ut i andre enden er ennå uvisst. Gruppa prøver å få ein rettleiingstime med Åshild i morgon, for å få litt hjelp til å velgja kva "hest" me skal satsa på. Så håpar me vår vesle frustrasjon går over i noko betre...
Eit pedagogisk grunnsyn. Mykje interessant å lesa i alle teoriane og eg synes me som framtidige pedagogar er heldig som kan få plukka det beste frå dei beste. På denne måten kan me kanskje greie å få til variert undervisning, som når dei ulike elevan på ulik måte.
-------------------
Lagt til 18.04.2008
Vidare om pedagogisk grunnsyn.
Et pedagogisk grunnsyn er i følgje rammeplanen for lærarutdanninga:

Den virkelighetsoppfatning, de verdier og holdninger som ligger til grunn for pedagogisk virksomhet.

Det som er med på å danna eit pedagogiske grunnsyn er for eksempel kva syn ein har på livet, korleis ein meiner at læring og utvikling går føre seg og korleis ein meiner at samfunnet skal oppdra barn. Dette er med på å gi føringar på korleis ein dannar sitt eige pedagogisk grunnsyn. Hos kvar einskild vil det og spela inn kva barndom ein har hatt, kva politisk overbevisninga ein har, korleis arbeidsplassen er og korleis ein ser på yrkesetikken, kva haldningar ein har til for eksempel barn og barndom er viktig, og sist men ikkje minst spelar og den teoretiske forståinga av pedagogikkfaget inn. Dette er ingrediensane i eit pedagogisk grunnsyn, som saman med didaktisk tenking og planlegging fører til pedagogisk praktisk arbeid. Vidare vil pedagogisk teori og erfaring frå praksis danna fundamentet for både didaktisk tenking (planlegging) og praktisk pedagogisk arbeid. Dei erfaringane ein gjer vil igjen virka tilbake på det pedagogiske grunnsynet og den teoretisk forståing.

Det er vel dette me har erfart litt av dette året, og eg synest det er fint at HSH har påpeika at me som framtidige pedagogar ikkje skal inn i ein spesiell form. Me skal få vera som me er, og så vil HSH fylla på med ein masse teori og praksis, slik at me vil vera i stad til å utføra praktisk pedagogisk arbeid. Dei erfaringane med gjer gjennom desse opplæringsåra, vil så igjen virka inn på det pedagogiske grunnsynet vårt og den teoretiske forståinga. Det er likevel viktig at sjølv om me kjem ut som mange ulike pedagogar når me er ferdige med utdanninga at me kan bli samde om ein felles platform å arbeida på. Som for eksempel på Skåredalen der dei flaggar høgt at dei er ein MI-skule. Då må lærarane leggja dette til grunn ved si undervisning.


Men for å få dette litt ned på jorda igjen, så vil eg og ta med nokre ord i rammeplanen for lærarutdanninga som Birgit tok fram i undervisninga me hadde om dette temaet:

All pedagogisk virksomhet formidler verdier. Det er nødvendig for de voksne i skolen å ha en bevist holdning til verdivalgene de foretar som oppdragerer.

Gerd Elin:-)

mandag 8. oktober 2007

Grunnleggjande teori

I dag har me starta prosessen med å tilegna oss teori om dei ulike pedagogiske grunnsyna. Me skal gjera oss kjent med dei ulike læringsteoretiske paradigma. I gruppa mi har me delt mellom oss å lesa meir om behaviorismen, kognitivisme og sosiokulturell teori og MI som og spring ut frå kognitivisme. Me har tenkt å hengja læringsteoriane på ei spesiell hending og ser fram til å konkretisera det som me kjem til å læra dei komande dagane.
Gjennom denne prosessen skal eg prøv å sei noko om:
Korleis barn lærer.
Kva synet mitt på kunnskap er.
Korleis eg skal undervisa på ein best mogeleg måte i tråd med læringssynet mitt.
Korleis eg skal finna ut at elevane har lært det dei skal...
og sist men ikkje minst...
Korleis eg vil motivera elevane for læring.
Dette skal eg gjera saman med gruppa mi, og eg er spent på om me kjem fram til at me har nokolunne det same læringssynet.
Så då er det vel berre å gå i gang!

fredag 5. oktober 2007

Storyline - spanande metode

Storyline-metoden ble utviklet i Skottland på midten av 60-tallet. (Steve Bell m.fl) Etterkvart har metoden spreidd seg til USA og mange europeiske land, ikkje minst Danmark kor den blir brukt på alle trinn i grunnskolen. Storyline er nå i ferd med å få innpass også i norsk skole. Arbeidsmetoden er aktivitetsorientert og eit godt reiskap for tilpassa opplæring. Det er og ein tverrfaglig arbeidsmetode.


Undervisninga blir bygd opp rundt eit tema som elevane skal jobba med ved å skapa ei fiktiv verd som blir utvikla og driven fram av såkalla nøkkelspørsmål. Desse spørsmåla eller overraskingane som dukkar opp undervegs føre til dialog og varierte problemløysande aktivitetar.

Elevane må hele tida finne strategiar for å komme vidare og dermed ta i bruk varierte arbeidsmåtar frå ulike fag. Det kan oppstår mange høver for skapande arbeid, leik og dramatiseringar.

Overraskingsmoment blir brukt pedagogisk ved at læraren lar det skje uventa ting som får temaet til å ta ein annan retning. Slik oppstår det utfordringar og elevane får øvd seg i samarbeid og problemløysing.
Dei samle inn, arbeider med og vurdere ulik informasjon. Dei både tolkar og fabulerer, gjettar og kommunisere.

Dette er ein metode som elevane likar godt å jobba under, men det må og seiast at det er ein krevjande måte å jobba på. Metoden krev god førebuing, fleksibilitet undervegs og evna til å samla trådane/elevane, undervegs i kapitla. Men på den andre sida så er det ein metode som viser seg å fenga dei fleste elevane. Og ein annan fordel er at sidan læreprosessen er knytt til fiksjon - ei historie som er knytt til tid og stad - så er det lettare for elevane å hugsa det dei har lært, og då er det kanskje verdt å bruka tid på opplegget.

Det fins mykje stoff om Storyline på Nettet, og eg ser at mange lærarstudentar prøver ut metoden når dei er i praksis. Fordelen då er at ein er mange vaksne som er med å legg til rette, og det kan då vera ein svært god metode.

Eg håpar verkeleg me kan få prøva ut denne metoden når me kjem i praksis igjen:-)

Logg deg gjerne inn på desse to nettadressene som viser Storyline i bruk.

http://www.lu.hio.no/ALU/storyline/kolbotn/overtany.html


http://www.skole.trondheim.kommune.no/dalgard/DSArkiv/DSStoryline/DS6trinnEuropa.htm