lørdag 16. februar 2008

For ei utfordring

Alle elevar har rett til eit miljø som fremmar helse, trisel og læring, seier Opplæringslova.
Er dette mogeleg i dagens skule?
Har skulen/lærarane kapasitet til å til ei kvar tid sjå kva som er best for den einskilde elev.
Etter som eg har observert, støttar lærarane seg mykje til elevane sine bøker når dei underviser, og oppgåvene er ofte differensiert i tre vanskegrader - Altså dei svake, dei middels sterke og dei sterke elevane. Det kan vera utfordrande nok å tilpassa undervisninga i tre, men kan me greia å tilpassa undervisninga til den einskilde elev? Då skal me ha ein del kunnskap både om elevens bakgrunn og om eventuelle lærevanskar og grunnen til lærevanskane. Kvifor har eleven lese- og skrivevanskar f.eks? Er det oppvestmiljøet som hemmar utviklinga, har eleven dyseleksi, er det noko med synet eller er intelligensnivået svakt? Og kvifor bråkar sidemannen. Kvifor er har han ikkje konsentrert? Er det skulen som er laga slik at nokre elevane ikkje får ut nok energi ved å sitja så mykje stille, eller har eleven konsetrasjonsproblem av andre årsakar. Skulle me ikkje ønkja at det var medisinar for alt dette? Eller kanskje ikkje?
Det var svært nyttig å sjå gjennom filmane som Birgit har lagt ut. Når det gjeld ADHD var det ein familie med tvilliggutar som sverga til at medisin var løysinga. Eg fekk litt vondt av desse gutane når dei sat der så "fornuftig" å fortalte om dei ulike medisintypane dei hadde tatt og om korleis dei hadde funne ut at dei kunne ta medisinane utan å bli for kvalme. Så såg eg ein reportasje frå ein annan familie der yngste sonen på seks med ADHD, sleit familien heilt ut. Tilbud nummer ein til denne familien var medisinar. Foreldra valde i første omgang å sjå vekk frå dette å gå på tilbud nummer to som var eit amerikansk program som skulle gi dei "verktøy" til å takla åtferda på. Dei var gjennom foreldredelen, som lærte dei korleis dei kunne vera i forkant av "ulike episodar".
For eit dilemma for foreldre å måtte velja, særleg når ADHD-foreininga så sterkt rår til å bruka medisin og når så mange ungdomar sjølv står fram og seier dei har fått eit
bedre liv... Så skurra det og litt når eg såg innslaget om den norske legen som har forska på effekten av medisinen. Han hadde legemiddelfirmaet i ryggen og kom ut med svært positive tall m.a minimale bivirkningar. Medan det viste seg at den nyaste medisinen på marknaden (som dei nemnde tvillingane gjekk på), som er ei form for antidepressiva (altså ikkje bygd på amfetamin og sentralstimulerande), kunne gi auka blodtrykk, uregelmessig hjarterytme og fare for sjølvmordstankar. For eit dilemma for foreldra å måtte velja....
"Umulige" elevar med problemåtferd er meir utbreidd i større klassar enn mindre, det optimale er klassar med færre enn 15 elevar, seier Terje Ogden i ei undersøking frå 1998.
Eg tenkjer at dersom elevane og læraren skal kunne yta mest mogeleg, bør klassane vera oversiktlege og læraren ha ein breiast mogleg bakgrunn, slik at han kan hjelpa kvar einskild elev på best mogeleg måte. Og det me studentar då kan gjera, er å syga til oss det me kan av teoretisk kunnskap før me for alvor kjem ut i skulen og skal stå på eigne bein. Då får me ha sansane opne og samarbeida med foreldra og med dei andre lærarane, som er der med si erfaring. Elles får me håpa på at styresmaktene er med på laget og ser at elevane treng bra inneklima, gode og aktiviserande uteområde, og nok med vaksne rundt seg, slik at skulen kan byggja opp under helse trivsel og læring.

lørdag 9. februar 2008

Motivasjon - erfaring og teori

Interessant å sjå at så mykje som eg kjenner igjen frå livet, har sine teoriar. Har ofte høyrt om arv og miljø, kva som bur i eit barn frå starten av og kva ytre faktorar som spelar inni livet. Når det gjeld motivasjon er det vel og slik, men eg trudde kanskje at det ibuande spelte ei større rolle enn det eg ser ut frå denne veka med pedagogikk. Rosenthalereffekten har eg høyrt om, men ikkje vist kva var. Skremande kor ubeviste me kan vera. Altså før me kjenner eit menneske, så kan det altså merkast som snill, god, flink, dum osv., alt etter kva informasjon me har fått, og forskjelshandsamast etter dette. For eg reknar med at dette like godt skjer hos oss, som lærarane i denne undersøkinga. Dette talar ikkje for at elevane skal ha med seg sin portefølgje gjennom alle dei 12-13 åra dei er i den offentlege skulen. Av og til kan det vera fint å få starta på ny. Eg har og opplevd dette med ei av døtrene mine. Ho gjorde alt for å forbetra gymkarakteren sin. Men ho var plassert. Det hjalp ikkje same kor mykje ho pressa seg, læraren såg ikkje innsatsen. Eg veit det blir vanskeleg å vera rettferdig og å sjå alle elevane, men la oss prøva.

Det anar meg at eg kan mykje om den teorien me gjekk gjennom denne veka, frå før. Likevel er det litt vanskeleg å få tak på einskilde ord og omgrep som atributasjonsteori, kasualitet, forskjellen på ego, id og superego. Godt me har "Imsen", som me kan fordjupa oss i i tillegg til førelesing, så får me det nok på plass etterkvart.

Dette med å ha forventningar til eiga meistring er og interessant, og korleis dette har samanheng med korleis personen ser på seg sjølv, kven han lyttar til, kva tidlagare erfaringar han har gjort og så vidare. Eg ser ut av stoffet me har lært at me som framtidige lærarar kan få ein del å seia for einskildelevar på dette området. Eg tenkjer at det er kjempeviktig å vera med på å hjelpa dei til å tenkja positivt og til å leggja mest vekt på det som er positivt. Det er fint å sjå at me kanskje kan vera den ytre faktoren som kan vera med på å endra negative tolkingsmønster hos elevane. Eg skulle ønskja at dette kunne vera eit mål for oss som er førsteårsstudentar i år, når me kjem ut i skulen. Me er jo ein positiv gjeng;-)!

Maslow han har eg og stor tru på. Han knyter mellom anna sjølvrealisering til sunn personlegdom, og Imsen seier at menneske med sunne personlegdomar har ei sikker realitetsoppfatning, er opne for nye erfaringar, ny kunnskap og nye idear, har ei heil sjølvoppfatning, evne til å knyta seg til andre, er kreative og har etisk og moralsk fasthet i si åtferd.(Imsen:390)Dette er noko anna enn Jantelova, som meiner at me absolutt ikkje bør ha ei positiv oppfatning av oss sjølv.

Men nå veit eg ikkje om eg heilt skjøna det sitatet til Aksel Hennie, som det vart refert til i forelesinga "Den som griper øyeblikket, får et forsprang". Det gjeld vel kanskje ikkje alltid å nytta alle øyeblikk for å kava etter å bli best mulig? Eg håpar eg missforstår dette sitatet, for eg tenkjer og at det er viktig å gripa øyebliket, men kanskje ikkje alltid for at eg sjølv skal få eit forsprang. Det å ha tid til å lytta til andre, vera stille, drikka te saman med venner, oppleva kjærleiken, sjå barnet ditt ta sine første steg - for så om berre noken få år køyra sin egen bil, sjå naturen vakna til liv igjen om våren, sørga saman når nokon har gått bort osv. Å ha tid til desse tinga, og å gripa desse øyeblikka, vil eg og seia er det viktigaste, for det er desse øyeblikka som dannar rama rundt eit lykkeleg liv. For meg iallfall. Kanksje det er dette som for meg er det Aksen Hennie kallar forsprang??? Ja, ja, det var mine filisofier. Ha ei god helg;-)

tirsdag 29. januar 2008

Kva skapar motivasjon?

Hadde det vore eit enkelt svar på dette, hadde det vore greitt. At det er viktig med motiverte elevar, arbeidstakarar, foreldre osb. kan me vel alle vera samde i. Men kva er det som skapar motivasjon? I økta i går les me om indre motivasjon, som er ønskjet, viljen og draumen som ligg inni den einskilde til å løysa ei oppgåve. Den ytre motivasjonen kjem i form av ytre påvirkning, som ros, rettleiing, heiing, karakterar. Eg skreiv i mattematikk og pedagogikkoppgåve noko i retning av at mitt læringssyn mellom anna gjekk ut på at det er den indremotivasjonen me ønskjer å vekkja hos elevane. Men eg har tenkt på at sidan me som komande lærarar har eit ønskje om å vekkja den indre motivasjonen hos elevane, så er det og ein ytre faktor tilstades, nemnleg læraren som motivator. Når eg tenkjer på det slik trur eg at eit samspel mellom indre og ytre motivasjon er det som skapar motiverte handlingar hos elevar og andre menneske. Kvar eg då hamnar i mitt læringssyn er eg ikkje heilt sikker på ennå, men at det gjeld å vekkja den "indre drivkrafta" hos menneske kjenner eg meg overbevist om. Dette er eit interessant emne. Det er lærerikt å lesa om forskjellane både i kulturar og kjønnsforskjellane. At gutar ser ut til å ha innebygd så mykje meir tru på seg sjølv enn jenter, er litt tankevekkjande. Eg hugar at eg som femteklassing undra me over at det var så mange menn som var sjefar (1975), når det var oss jentene som (iallfall i min klasse) var flikast på skulen. For all del ikkje noko negativt om menn som vil noko, men det er jo greitt å bli minna om at damene og duger!!!
Etter pedagogikkøkta i går sat eg Kesia og Heidi å mekka saman ein Samansett tekst. Me har fotografert, filma, henta inn løyver og skaffa musikk. Alle hadde sett seg inn i Windows Moviemaker, og kvar for oss laga litt prøvefilm, for dette ville me læra. Etter fleire liter pepsi max og ein del sjokoladar og timar som me ikkje viste kor var blitt av, kunne me kl 20.30 reisa heim frå Stord med filmen i boks. I seine nattetimar vart det framsyning for familien.
Det var den indre motivasjonen som dreiv oss!
-----------------------
lagt til 15.04.2008

PS. Den samansette teksten vår vart laga over boka Pappa Politi, av den svenske barnebokforfattaren Laura Trenter. Trenter er mest kjent som forfattar av barnekrim-bøker. Ho har skrive 18 bøker og i 2005 låg to av bøkene hennar på bestseljarlista i Sverige,berre slått av J.K Rowlings. Trenter er ikkje så kjent i Noreg, men sju av bøkene hennar er oversett til Norsk. Me vart alle begeistra for boka Pappa politi, men meiner at tittelen er noko barnsleg i høve til innhaldet i boka. Kanskje dette gjer at ungdomsskuleelevar som denne kriminalen passar svært bra for, ikkje vel boka. Boka har og ein oppfølgjar som heiter Julian og Jim. Denne boka er og svært spennande og kan anbefalast.
Det var som eg har skrive ovanfor kjekt å laga den samansette teksten. Resultatet er me og ganske godt nøgde med. Me lærte alle svært mykje av dette, og eg har alt brukt Mowiemaker til å laga ein annan samansett tekst.

Gerd Elin:-)

torsdag 24. januar 2008

Tenke sjæl

På tysdag var me på på Skåredalen skole og underviste om Nettvett. Me brukte og Internett i ei økt med geografi. Eg og Tove var saman og underviste i 5b. Me brukte songen til Trond Viggo Torgersen "Tenke sjæl" til gjennomgangssong. Målet var at tekst og musikk kunne vera med på å setja fokus på dette med å tenkja sjølv når ein "tastar". Vidare spurde me dei om kva Nettsider dei var mest inne på når dei sat for seg sjølv ved datamaskinen. Alle fekk nemna ei side, og me skreiv det opp på tavla. Eg synest at dette var eit grep som gjorde at me fekk kvar og ein med frå starten. Dei fleste sidene som vart nemnde var undehaldningssider. Etterpå spurde me om dei visste kva ordet Nettvett betydde. Me snakka litt om dette og om kor viktig det var at dei bruktet vitet sitt og tenkte sjølv og når dei var på nett. Nokre få elevar svarte når me spurde om kva me burde passa på når me brukte datamaskinen eller mobiltelefonen. Det førte til at ei jente vart litt skremt, fordi ho hadde laga seg ei Pizco-side og lagt ut bilde av seg sjølv, men så hadde ho gløymt passordet. nå var ho redd for at bilete var på videvanke. Eg håper eg sa rett når eg sa at denne måten å laga heimesider på er ganske trygge, når ho ikkje har gitt passordet til nokon andre. Ein av gutane kommenterte sjølvsagt med at han viste om ei side der han kunne finna alle passorda... Når me hadde avdramatisert dette, gjekk me ned på datarommet. Me hadde førebudd at elevane skulle ta ein quiss på Saft sine internettsider. Me viste at maskinane på rommet var utan lyd, noko som gjorde quissen litt mindre effektfull. Men dei hadde øyreklokker i skapet, og elevane fekk lyd. Praksislæraren ordna det og slik at me fekk bruka datatavla til å visa kor elevane skulle gå inn osb.. Det var ein bonus for oss, for at det var datatavle på dette rommet viste me ikkje om. Det tok litt tid å kople tavla på nett, og elevane vart noko urolege, men det var likevel greitt at me fekk dette til, og veldig enkelt i bruk:-) Elevane jobba godt gjennom quissen, men med svært ulik fart. Dette er nok ein av dei største utfordringane når ein arbeider med datamaskin i ein klasse, iallfall om ein skal gå samla gjennom eit opplegg. Det geniale med denne quissen var at elevane kunne gå inn på eit bonusspel etter endt quiss. Då fekk dei som meistra dette best arbeida med eit tenkjespel som dei likte godt, medan dei venta. Etter dette samla me litt trådar på kva nettvettsreglar elevane syntes var viktige, før me gjekk over i den delen av undervisninga som Tove hadde. Her brukte me Gule sider til å finne både skulen og huset deira. Me brukte kart og biletfunksjon, og elevane såg på ulike reiseruter og tidsbruk frå ulike stader. Dette opplegget var veldig greitt, og det engasjerte elevane. Så gjekk me opp i klasserommet, og haldt fram med å visa ein film frå Du bestemmer, der me ser kor lett det er å øydeleggja både for seg sjølv og andre, berre med eit lite tastetrykk. Me snakka litt om mobilbruk og mobbing, og elevane fekk med seg ein brosjyre om gode råd for bruk av mobiltelefon, der ei side er skriven til elevane og ei til foreldra. Brosjyren er eit samarbeidsprosjekt mellom ulike telefonleverandørar og organisasjonar som arbeider for barns tryggleik på Nettet. Kontaktlærarane ville og bruka denne på komande foreldremøte. Langt inn i matpausen med god niste og frukt, spelte me Trond Viggos "Tenke sjæl" på nytt. Songen slo godt an og elevane song med innimellom bita av nista. Eg hadde ei god oppleving av å få formidla noko svært viktig denne dagen, og eg syntes me nådde inn til elevane. Håpet er at kunnskapen blir brukt av den einskilde elev og at han/ho bruker vitet sitt før han/ho "tastar" - kvar gong.

Gerd Elin:-)

tirsdag 15. januar 2008

Planlegging til punktpraksis

Neste veke skal me ut i punktpraksis igjen. Det skal bli kjekt å få koma ut å presentera noko som me veit blir nyttig for elevane "våre". Me skal ha eit opplegg om Nettvett i starten, så skal me over på bruk av IKT i samband med geografi. Dersom me får tid, let me dei kanskje få prøva å laga teikneserie eller animasjon. Det er så flott at me har fått innføring og innblikk i kva som kan brukast. Ser at det er ein grunn til at eg har studert Media tidlegare (sjølv om det då var avis det gjekk i). Men her blir det berre tid til å skumma toppane, for den meste tida utover våren må brukast til å setja seg betre inn i matematikken og norsken. Det går ikkje an å berre kosa seg og så stryka til eksamen. Men studentar har lang sommarferie, har dei ikkje.... så var det den sommarjobben då! Me ser?

Gerd Elin

mandag 14. januar 2008

Digitale aktivitetar

Temaet barn og medier har eg gleda meg til sidan eg såg progressjonsplanen i haust. Me får så mange kjekke råd og tips i undervisninga, og eg synes det er heilt topp å få eit spark bak til å læra endå litt meir om bruk av IKT. Nå er eg så heldig at eg sjølv har barn som eg kan visa ein del av desse programma til. Då får eg og ein liten peikepinn på kva som vil eigna seg til vidare bruk. Lokus sit opplegg på å laga teikneseriar gjekk rett heim hos mi dotter på 10. Eg likte og Pivot og innføring i digitale forteljingar. Det må og seiast at eg heilt i starten av dagen fekk problem med PC-en min. Maskinen var inn på datalabben heile dagen og nokre store oppdateringar gjorde det slik at eg ikkje fekk installera Photo Story 3. Heldigvis fekk eg sjå med Kesia, og eg prøvde meg på å laga animasjon og teineserie når eg kom heim. Den teikneserien vil me prøva å få brukt når me skal ut i praksis etter studieveka.
Det er så flott at det fins så mange gratisprogram på nettet som fungerer. Det er og fint at lovar og reglar gjeld på nettet og. Både for å besytta produsentar og brukarar.

Gerd Elin:-)

Trygg reise på verdsveven

Internett eller verdsveven som og er eitt av namna, er ein fantastisk reiskap. Eg kan bruka nettet på skulen og i arbeid. Eg kan lasta ned, skapa eigne produkt og lasta opp. Eg kan halda meg oppdater på kva som skjer i verda og eg kan bruka nettet til underhaldning. Eg kan og halda kontakt me venner og få kontakt med tidlegare studiekameratar. Eg har og venner i andre delar av verda som eg held kontakten med via internett. På Vestbredden kjenner eg nokre ungdomar som ikkje har høve til å reisa ut av landet sitt. Dette har både med økonomi og med grensekontrollen i landet å gjera. For desse er det viktig å vita at nokon der ute veit om dei og situasjonen deira. Desse ungdomanen har gjennom kyrkja i Etne fått kontakt med ungdomar i Etne, og dei "pratar" saman på MSN. Internett er ein fantastisk reiskap.
Men som i verda elles så fins det både godt og vondt på verdsveven og. Eg synes det er fint å sjå at så mange organisasjonar jobbar for å gjera internettbruken mest mogeleg trygg. Barnevakten har eg kjent til i mange år og eg veit dei gjer ein kjempegod jobb i høve til barn og medier. Det var flott at me vart gjort kjende med fleire slike organisasjonane i undervisningstimen til Birgit 7. januar. Gruppa mi har sett vidare på ein del av desse i samband med undervisningsopplegget me skal laga for 5. klasse om Nettvett. Saft og Dubestemmer er to av nettstadane me kjem til å henta hjelp frå. Skulen har mange oppgåver, men å hjepa elevane til å bli kritiske og selektive i høve til den store informasjonsstraumen som fins i dataverda, er viktig. Det er og viktig å læra dei korleis dei kan verna betre om seg sjølv når dei er på reis på internett. Det er og viktig å få til eit godt samarbeid med foreldra. Det er så lett å tenkja at barnet er trygt på barnerommet, utan å vite kva kontaktar barnet opprettar og kva spor det legg frå seg på nettet. Det er og viktig å læra dei korleis dei snakkar med kvarandre når dei chattar. Det er så lett å såra. Ord svart på kvitt kan vera ganske sterke.
I tillegg til farane som truar på nettet, er det og viktig å vera obs på dette med tidsbruk og passifisering.
Eg synes og det var svært interessant å lesa om Barn og unge i mediesamfunnet, i Imsens Elevens verden. Osloundersøkelsen frå 2002 sa mykje om barn og unges medievaner og eg syntes at det var interessant å lesa om kor gode innvandrerjenter blir i data. Dette eit apropos til at me ofte trur at det er gutane som blir flinkast i datafaget. Innvandrerejenter som ofte bruker meir tid i heimen, og dermed og meir tid føre PCen, viser at jenter og kan bli flinke i data.
---------------------------
Lagt til 15.04.2008
Når eg går gjennom forelesingane me hadde om barn og nye medier, så ser eg at eg ikkje har lagt så stor vekt i bloggen min på dette med fusk og fanteri i høve til dei "nye mediene". Det er så lett å tenkja at det ikkje går ut over nokon om ein "låner" litt musikk, "bruker" eit fint bilete, "lastar ned" ein film eller "kopierer" litt tekst. Alt dette er jo greitt om du har laga det sjølv, men svært mange "låner" litt for å spara tid og pengar. Det ville kosta pengar å skaffa seg dette på lovleg vis, pengar som opphavspersonen har rett på. Altså er dette ikkje eit lån, men tjuveri. Ein type tjuveri som dei fleste, trur eg, har vore borti. Hm... Platebransjen har merka dette, og arbeider stadig for å finne nye metodar for å selja, ikkje berre å bli lasta ned gratis.
Det er viktig å vera beviste på kva som er lov, og det var ein fin gjennomgang på dette i undervisninga 7. januar. Viktig å ta denne informasjonen med seg både som privatpersonar og lærarar. Det som var positivt nytt for meg, var at det faktisk er lov å kopiera ein kjøpt CD, for så å gi den til eit familiemedlem eller ein venn. Det var litt "koselig" synst eg.

Gerd Elin